133028
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksavling/aar
133028
Låge engavlingar i 2013
statistikk
2014-02-06T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordbruksavling, Potet- og grovfôravlingar, jordbruksavlingar, fôr, poteter, høy, raigras, silovekstar, grønfôrJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Potet- og grovfôravlingar2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Låge engavlingar i 2013

Førebelse tal viser at samla avling av eng til slått i 2013 var 2,4 millionar tonn rekna som tørt høy. Dette tilsvarar ein nedgang på 11 prosent frå året før.

Avling av grovfôr og poteter. 1 000 tonn
2013Prosent endring fra
2012 - 20132003 - 2013
Høy2 409,5-11,2-10,2
Grønfôr- og silovekstar183,17,2-50,1
Potet320,35,1-12,7

Med unnatak av Troms og Finnmark var det nedgang i engavlinga i alle fylke. Under den første slåtten blei det i 2013 hausta 4,3 millionar dekar eng, og 3,1 millionar dekar blei etterslått. I tillegg blei vel 0,6 millionar dekar eng berre beita. Den gjennomsnittlege avlinga av eng til slått er utrekna til 558 kilo høy per dekar i 2013, mot 635 kilo året før. Sidan år 2000 er det berre to år der avling per dekar har lege så lågt som i 2013.

Etter førsteslåtten blei 23 prosent av graset lagt i silo, medan 72 prosent blei hausta som silo i rundballar. I samband med etterslåtten blei òg 23 prosent lagt i silo, medan delen som blei hausta som rundballar, auka til 75 prosent. Etter førsteslåtten blei graset frå 5 prosent av engarealet tørka som høy, medan høy utgjorde berre 1 prosent av etterslåtten.

183 000 tonn andre fôrvekstar

Det blei dyrka andre fôrvekstar på 121 000 dekar i 2013, og den samla avlinga utgjorde 183 000 tonn. Raigras og grønfôrblandingar utgjorde kvar for seg 48 og 50 prosent av arealet av andre fôrvekstar.

Større potetavlingar enn året før

Potetavlinga i 2013 utgjorde 320 300 tonn - det vil seie 5 prosent meir enn i 2012. Gjennomsnittsavlinga per dekar av poteter var 2 541 kilo i 2013, medan tilsvarande tal for 2012 var 2 405 kilo.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB