53636
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksavling/aar
53636
Låge potetavlingar i fjor
statistikk
2011-07-04T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordbruksavling, Potet- og grovfôravlingar, jordbruksavlingar, fôr, poteter, høy, raigras, silovekstar, grønfôrJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Potet- og grovfôravlingar2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Låge potetavlingar i fjor

Det blei hausta 321 000 tonn poteter i 2010. Det er 11 000 tonn mindre enn året før.

Avling av poteter. 2000-2010. 1 000 tonn

Den gjennomsnittlege potetavlinga for heile landet blei 2 400 kilo per dekar i 2010, om lag det same som året før. Potetarealet minka med 5 000 dekar.

Gjennomsnittleg avling av eng til slått på 622 kilo høy per dekar

Gjennomsnittleg avling av eng til slått er utrekna til 622 kilo høy per dekar i 2010. Ved første slått blei det hausta 4,3 millionar dekar eng, og ved etterslått 3,1 millionar dekar. I tillegg blei vel 0,7 millionar dekar eng berre beita, og samla engareal til slått og beite utgjorde om lag 5 millionar dekar i 2010. I 2010 var samla avling av eng til slått om lag 2,7 millionar tonn rekna som tørt høy.

Ved førsteslåtten blei avlinga frå 31 prosent av engarealet lagt i silo, medan 62 prosent blei hausta som rundballar. Ved etterslåtten blei 29 prosent av arealet lagt i silo, medan delen som blei hausta som rundballar auka til 69 prosent. Graset frå 7 prosent av engarealet ved førsteslåtten blei tørka som høy, medan knapt 2 prosent av etterslåtten blei hausta som høy.

Avling av eng til slått. 2000-2010. 1 000 tonn

210 000 tonn avling frå andre grønfôr- og silovekstar

Det blei dyrka andre grønfôr- og silovekstar på 120 000 dekar i 2010, og samla avling utgjorde 210 000 tonn. Grønfôrblandingar utgjorde 54 prosent av grønfôrarealet, medan arealet av raigras utgjorde 43 prosent. Dekaravlinga for raigras er rekna til 2 400 kilo, for grønfôrblandingar 1 350 kilo.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB