Omsetjing av landbrukseigedomar. 2000-2005

Auka sal av landbrukseigedomar

Publisert:

Talet på landbrukseigedomar med bygning som er omsette til marknadspris, har auka med 30 prosent i perioden 2000-2005. Det samla talet på overdragingar av landbrukseigedomar har derimot variert lite frå år til år.

I Noreg vert omsetjing av landbrukseigedomar regulert gjennom konsesjonslovgjeving. Desse reguleringane har vore omstridde, og etter 2000 har grensene for konsesjonsplikt vorte heva to gonger. Vi skal her sjå nærare på korleis det har verka inn på salet av eigedomar.

Forklaring av omgrep

Fritt sal: Med fritt sal meiner ein her at eigedomen er omsett til ein pris som svarar til marknadsverdien. Det er ikkje noko krav at eigedomen er utlyst for sal på den opne marknaden.

Gåve: Eigedomar som er omsette til ein pris som er lågare enn avgiftsgrunnlaget/salsverdien, blir koda som gåve på skøytet.

Omsetjing: Omfattar ikkje berre vanleg sal, men og gåveoverføringar, skifteoppgjer, uskiftebevilling med vidare.

Bruk av grunn: Kva som skal vere hovudføremålet med eigedomen, blir kryssa av på skøytet ved eigedomsomsetjinga. Døme på ein slik kategori er landbruk, inkludert fiske. Andre kategoriar er bustad og fritid.

Konsesjonsgrense: Eigedomar med bygning som ikkje har over 100 dekar totalareal eller 20 dekar fulldyrka jordbruksareal, er friteke for konsesjonshandsaming. Denne grensa gjeld frå 1. januar 2004. Frå 1. september 2001 vart minste areal for at ein eigedom med bygning skulle få fritak for konsesjonshandsaming auka frå 5 til 20 dekar.

Jordbruksbedrift: Verksemd med jordbruksdrift, inkludert hagebruk og husdyrhald. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei einig under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmiddel. Jordbruksbedrifta er uavhengig av kommunegrenser. Ei jordbruksbedrift skal ha eit driftssenter på ein landbrukseigedom.

Del landbrukseigedomar med bygning omsette i fritt sal og med landbruk som føremål. Prosent. 2000 og 2005.

Landbrukseigedomar med bygning omsette i fritt sal og anna omsetjing av landbrukseigedomar. 2000-2005

I perioden 2000-2005 vart i underkant av 12 000 landbrukseigedomar omsette kvart år. I same tidsrommet har dei av landbrukseigedomane som har bygning, og som er omsette til marknadspris, auka frå 27 til 36 prosent av omsetjingane. I 2000 vart det tinglyst 2900 slike omsetjingar, medan talet i 2005 hadde kome opp i 3800. Størst har auken vore for eigedomane under konsesjonsgrensa.

Færre omsette eigedomar med aktiv jordbruksdrift

Delen omsette eigedomar med aktiv jordbruksdrift har gått ned frå 25 til 16 prosent av omsetjingane sidan 2000. I 2000 vart bortimot 3000 omsetjingar av eigedomar med aktiv jordbruksdrift tinglyste. I 2005 vart det tilsvarande talet berre 1900 omsetjingar. Det er ein nedgang på 35 prosent. I same perioden er talet på aktive jordbruksbedrifter redusert med 22 prosent.

For fire av fem eigedomar med aktiv jordbruksdrift gir kjøparen opp at eigedomen skal nyttast til landbruk. For eigedomane utan aktiv jordbruksdrift, er landbruk gitt opp som hovudføremål av halvparten av kjøparane. Ein av fire omsette eigedomar med aktiv jordbruksdrift er omsette i fritt sal. Denne delen har vore stabil sidan 2000. I perioden 2000-2005 er nær halvparten av landbrukseigedomane med aktiv drift omsette til ein lågare pris enn marknadsverdien. Det tyder på at desse omsetjingane er familieoverdragingar. Blant eigedomar utan aktiv jordbruksdrift har omkring ein av sju omsetjingar årleg blitt tinglyst som gåve eller delvis gåve etter 2000.

Landbrukseigedomar med bygning omsette i fritt sal, etter kva dei skal nyttast til. 2000-2005

Landbrukseigedomar med bygning omsette i fritt sal, etter gjeldande konsesjonsgrense. 2000-2005.

Landbrukseigedomar

Ein landbrukseigedom er avgrensa av det landbruksarealet ein og same eigar eig innanfor ein kommune. Landbruksregisteret til Statens landbruksforvaltning inneheld om lag 200 000 landbrukseigedomar. Av dei har omkring 190 000 eigedomar minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal. I denne artikkelen er alle landbrukseigedomane i Landbruksregisteret teke med - uavhengig av kor stort areal dei er registrert med i Landbruksregisteret.

 


SSB sin ordinære statistikk over eigedomsomsetjing skil ut eigedomstypen landbruk- og fiskeeigedom. I tillegg til at dette er ei blanding av to ulike typar eigedomar, er det mange landbrukseigedomar som av ymse årsaker er koda som andre eigedomstypar. Til grunn for denne artikkelen har vi derfor vald ein annan metode for å identifisere omsette landbrukseigedomar.


Om statistikken

Resultata i denne artikkelen byggjer på data frå statistikken over tinglyste omsetjingar av eigedomar kopla saman med landbrukseigedomane i Landbruksregisteret til Statens landbruksforvaltning. I første omgang er hovudnummeret til eigedomen nytta som koplingsnøkkel. Hovudnummeret byggjer på kommune-, gards- og bruksnummer, og eventuelt løpenummer og festenummer. Ein eigedom er ofte samansett av fleire grunneigedomar. Eigedomsomsetjingar som ikkje koplar mot hovudnummer i Landbruksregisteret, er kopla mot grunneigedomsregisteret i same register. Vi tek derfor atterhald om at nokre av omsetjingane i røynda kan vere fritidseigedomar eller liknande.

 

Endra konsesjonsgrense gav auka sal

I 2004 vart konsesjonsgrensa endra frå 20 til 100 dekar totalareal for eigedomar som ikkje har meir enn 20 dekar fulldyrka jordbruksareal. Mange venta då auka omsetjing av landbrukseigedomar i fritt sal. Tala syner at det har skjedd i eit visst monn. 2004 var det året i heile perioden som hadde flest omsetjingar av landbrukseigedomar. Ser ein på delen omsette eigedomar som har vorte fritekne for konsesjonshandsaming på grunn av endra konsesjonsgrenser, har det vore ein markert omsetjingsauke for eigedomar der fritidsbustad eller bustad er gitt opp som føremål. Ein del kommunar har konsesjonshandsaming av alle omsette eigedomar. Tala viser at det ikkje var nemneverdig auke i talet på omsetjingar i desse kommunane då dei nye konsesjonsgrensene kom. Ein kan derfor konkludere med at endra konsesjonsgrenser gav auka sal av landbrukseigedomar til bustad- og fritidsbustadføremål.

Større prisauke for landbrukseigedomar enn for bustader

Gjennomsnittleg kjøpesum for landbrukseigedomar med bygning omsette til marknadspris har auka frå 820 000 kroner i 2000 til 1 360 000 kroner i 2005. Det er ein auke på 67 prosent. I den ordinære bustadmarknaden har gjennomsnittleg pris per omsetjing auka med 42 prosent i same perioden. For landbrukseigedomar omsette i fritt sal og der kjøparen har gitt opp at eigedomen skal nyttast til landbruk, har talet på omsetjingar vore relativt stabilt sidan 2000. Gjennomsnittspris per omsetjing for desse eigedomane auka frå 710 000 kroner til 1 230 000 kroner i perioden 2000-2005. Det er ein auke på 74 prosent. Den prosentvise auken i gjennomsnittleg salspris for dei omsette eigedomane som skal nyttast til landbruk, er derfor litt større enn auken i gjennomsnittsprisen for alle dei omsette landbrukseigedomane. Ein av årsakene til at prisauken har vore så stor for landbrukseigedomar, kan vere at ein større del av eigedomane no er friteke for konsesjonshandsaming og prisregulering etter at konsesjonsgrensene er endra to gonger.

Gjennomsnittleg pris per omsetjing av landbrukseigedomar med bygning i fritt sal. Kroner 2000-2005

Omsetjingstakta størst i Akershus og Oslo

Det er stor skilnad frå fylke til fylke i kor fort landbrukseigedomane blir omsette. I perioden 2000-2005 utgjer talet på omsetjingar av landbrukseigedomar med bygning i Oslo/Akershus og østfold omkring 15 prosent av talet på landbrukseigedomar i alt i desse fylka. I Sogn og Fjordane er tilsvarande tal 5 prosent av eigedomane. Ein av grunnane til denne skilnaden, kan vere at landbrukseigedomar i meir folketette område i større grad er interessante som bustader og fritidshus. Det er og grunn til å tru at det blir større interesse for å selje når prisreguleringa blir borte og ein kan få betre betalt for eigedomen.








Tabeller:

Kontakt