Tannlegetenester

Skilnader i udekt tenestebehov

Publisert:

Det er forskjellar i nivået på det udekte behovet for tannlegetenester for vaksne frå eitt europeisk land til eit anna. Noreg kjem ikkje spesielt godt ut samanlikna med andre land. I dei aller fleste landa er økonomi den viktigaste grunnen til at folk ikkje går til tannlegen.

Dette er nokre av funna SSB har gjort i ein ny rapport om Udekt behov for tannlegetenester . Det er elles grunn til å sjå rapporten i samanheng med dei to rapportane Tannhelse. Personell og kostnader, tannhelsetilstand og tannlegebesøk og Tannhelsetilstand og tannlegetenester. Analysar av regionale og sosiale skilnader i eigenvurdert tannhelse, tannstatus, bruk av tannlegetenester og eigenbetaling hos tannlege som SSB publiserte i 2010.

Nivåforskjellar i udekt behov for tannlegetenester mellom europeiske land

Det er relativt store skilnader mellom ulike europeiske land når det gjeld kor utbreidd det udekte tenestebehovet er. Resultat frå EU-SILC undersøkinga (European Union Survey of Income and Living Conditions) gjer det mogleg å sjå det udekte behovet for tannlegetenester i den norske befolkninga i alderen 16 år og eldre i ein internasjonal samanheng. Tal frå høvesvis 2005 og 2010 viser at det er relativt store forskjellar mellom landa når det gjeld delen i denne aldersgruppa som ikkje har vore hos tannlege dei siste tolv månadene, trass behov. Delen med udekt behov for tannlegetenester har like fullt gått ned i dei fleste landa i denne femårsperioden.

Figur 1

Personar 16 år og eldre som ikkje har vore hos tannlege siste 12 månader trass behov. EU- og EFTA-land. 2005 og 2010. Prosent

Kjelde: EU-SILC-undersøkinga, Eurostat

Samanlikna med resten av Europa har Noreg den tiande største delen med udekt behov for tannlegetenester. I 2010 var det i underkant av 9 prosent av innbyggjarane i Noreg i alderen 16 år og eldre som ikkje hadde vore hos tannlege trass behov, noko som er 2 prosentpoeng høgare enn gjennomsnittet for dei 27 medlemslanda i EU. Den prosentvise nedgangen frå 2005 til 2010 er elles større i EU enn i Noreg. Medan delen med udekt tenestebehov er redusert med 33 prosent i EU i perioden, er tilsvarande reduksjon i Noreg på 9 prosent. Island med sine 12 prosent var i 2010 det einaste landet i Norden med eit større udekt behov enn Noreg. Danmark, som låg like under 4 prosent, hadde lågast del med udekt behov. Finland følgde nærast med litt over 6 prosent, medan Sverige var på om lag same nivå som Noreg.

Økonomi er viktigaste grunnen til at folk ikkje går til tannlege

I Europa er det fleire likskapar enn forskjellar over landegrensene når det gjeld kvifor folk har eit udekt behov for tannlegetenester. EU-SILC undersøkinga viser at økonomi er den klart viktigaste årsaka til at den vaksne befolkninga i EU-land har eit udekt behov for tannlegetenester. Tannlegeskrekk er òg ei viktig årsak, og det er fleire som oppgjev tannlegeskrekk enn til dømes tidsmangel og venteliste som hovudgrunn. Denne tendensen gjer seg òg gjeldande i Noreg.

Figur 2

Personar 16 år og eldre som ikkje har vore hos tannlege siste 12 månader trass behov. EU- og EFTA-land. 2005 og 2010. Prosent

Kjelde: EU-SILC undersøkinga, Eurostat

Det er i all hovudsak dei same hovudgrunnane til udekt behov for tannlegetenester i Noreg som i EU-landa sett under eitt. I 2010 var det 57 prosent av innbyggjarane i Noreg i aldersgruppa 16 år og eldre som oppgav økonomiske årsaker som hovudgrunn til at dei ikkje hadde vore hos tannlege trass behov, noko som er på om lag same nivå som i EU-landa samla (56 prosent). Samanlikna med resten av Norden endar Noreg opp midt på treet når det gjeld delen som oppgjev økonomiske årsaker til det udekte tenestebehovet. Medan Island og Danmark med høvesvis 77 og 63 prosent har høgare delar med økonomi som hovudgrunn, har Sverige og Finland lågare delar med høvesvis 51 prosent og berre 6 prosent.

Sosiale og regionale skilnader i udekt tenestebehov

Det er nokre forskjellar i det udekte tenestebehovet i Europa generelt, og Noreg spesielt, som følgjer sosiale og regionale skiljelinjer. Resultat frå EU-SILC undersøkinga i 2010 viser at det er klare skilnader i udekt behov for tannlegetenester etter sysselsetjing og inntekt. Det udekte tenestebehovet er høgare blant arbeidsledige enn sysselsette både i EU-landa samla sett og i alle dei nordiske landa. Det er òg ein tendens til at det udekte behovet fell eintydig med stigande inntekt. I Norden er det Island som har dei største relative forskjellane mellom personar i ulike inntektsgrupper, medan Noreg følgjer like bak.

Resultat frå analysar av data frå levekårundersøkinga i 2008 (levekårundersøkinga om helse, omsorg og sosial kontakt) og KOSTRA (kommune-stat-rapporteringa) viser tilsvarande funn, sjølv når det blir kontrollert for kjønn, alder og eigenvurdert tannhelse. Det å ha motteke stønader og det å ha låg inntekt aukar sannsynet for å ha eit udekt behov for tannlegetenester. Det same gjer det å vere busett i Nord-Noreg.

Vidare er det slik at det å ha motteke stønader og det å ha låg inntekt òg aukar sannsynet for at det er økonomi som er hovudgrunnen til det udekte behovet for å gå til tannlege. Låg utdanning har òg ein slik påverknad, men den er ikkje like statistisk sikker. Det er elles verdt å ta med at høg tannlegedekning og det å vere busett i Nord-Noreg òg aukar sannsynet for å ha eit udekt tenestebehov på grunn av økonomi. Det er grunn til å tolke betydinga av høg tannlegedekning med varsemd, men resultata kan tyde på at det er fleire mekanismar i verksemd med om lag same påverknad. Det er til dømes grunn til å tru at tannlegar i privat sektor etablerer seg der det bur flest folk, med det som resultat at både byar og rurale strok får relativt sett dyrare tenester.

Kva med tannhelsetenesta sjølv?

Det kan vere grunn til å understreke at organisering og finansiering av tannhelsetenester kan påverke bruken av tannlegetenester og dermed det udekte tenestebehovet. Dette er eit poeng som kan hende er særleg relevant i samband med internasjonale samanlikningar. Arbeidsdeling mellom offentleg og privat sektor, dekning av tannlegar og tannpleiarar, og ordningar for subsidiering og refusjon av tannlegeutgifter er døme på dimensjonar som kan kaste lys over nokre av forskjellane som eksisterer mellom ulike land. Sjølv om EU-SILC-undersøkinga er ei utvalsundersøking som er harmonisert mellom europeiske land, er det viktig å sjå på tannhelseforvaltninga som ligg bak tala.

Kontakt