243858_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
243858
Nedgangen i industriproduksjonen flatar ut
statistikk
2016-05-10T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk opp 0,9 prosent fra februar 2016 til mars 2016.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmars 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgangen i industriproduksjonen flatar ut

Norsk industriproduksjon hadde ein liten nedgang på 0,3 prosent i 1. kvartal 2016 samanlikna med 4. kvartal 2015, viser sesongjusterte tal. Låg produksjon i maskinindustrien bidrog mest til den totale nedgangen. Frå februar til mars 2016 var det derimot ein oppgang på 0,9 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Mars 2016 / Februar 2016Januar 2016 - Mars 2016 / Oktober 2015 - Desember 2015Mars 2016 / Mars 2015
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft-1,3-0,7-4,0100,0
Utvinning og utvinningstjenester-2,8-2,4-4,371,4
Bergverksdrift18,4-0,76,70,5
 
Industri0,9-0,3-7,123,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-0,40,1-1,14,7
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-2,83,1-1,82,4
Metallindustri1,32,68,21,2
Maskinindustri-0,5-6,5-20,93,0
Bygging av skip og oljeplattformer4,23,4-17,51,8
 
Kraftforsyning1,79,29,34,9

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 115,5 (2005= 100) i 1. kvartal 2016, mot 115,9 i 4. kvartal 2015.

Tremånadersendring: Kraftig nedgang i maskinindustrien

Sesongjusterte tal viser ein nedgang i industriproduksjonen på 0,3 prosent i 1. kvartal 2016 samanlikna med 4. kvartal 2015. Maskinindustrien bidrog mest til den totale nedgangen i industrien, med eit fall på 6,5 prosent i same periode. Samstundes var det ein nedgang innanfor metallvareindustrien og maskinreparasjon og -installasjon. Men, som ein kan sjå av figur 2, er det teikn til at den totale nedgangen i industriproduksjonen flatar noko ut, etter ein periode med markant fall sidan hausten 2014. Dette skuldast mellom anna ein produksjonsauke innanfor fleire næringar i 1. kvartal 2016, samanlikna med 4. kvartal 2015:

- Bygging av skip og oljeplattformer

- Oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri

- Dataindustri og elektrisk utstyrsindustri

Månadsendring: Produksjonsauke frå februar til mars 2016

Sesongjusterte tal viser ein auke på 0,9 prosent i industriproduksjonen frå februar til mars 2016. Oppgangen kjem hovudsakleg frå dataindustri og elektrisk utstyrsindustri, og bygging av skip og oljeplattformer. Samstundes bidrog produksjonsauken hos maskinreparasjon og -installasjon til den totale produksjonsauken i industrien.

På den motsette sida var det ein produksjonsnedgang innanfor næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri på 2,8 prosent i same periode. Dette bidrog til å dempe den samla oppgangen i industrien.

Tolvmånadersendring: Markert nedgang i Noreg mot ei auke i eurosona i februar 2016

Kalenderjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned 6,0 prosent frå februar 2015 til februar 2016. Bygging av skip og oljeplattformer og maskinindustrien bidrog mest til nedgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 1,8 prosent i den same perioden.

Tremånadersendring: Nedgang i den samla produksjonsindeksen (PII)

Sesongjusterte tal viser at produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) fall 0,7 prosent i 1. kvartal 2016 samanlikna med 4. kvartal 2015. Utvinninga av råolje gjekk ned 3,9 prosent, medan produksjon av naturgass auka med 1,2 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i mars 2016 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester hadde ein produksjonsnedgang på heile 7,6 prosent i 1. kvartal 2016 samanlikna med 4. kvartal 2015. Verksemdene innanfor denne næringa leverer tenester til olje- og gassektoren, og produksjonsnedgangen har sterk samanheng med lågare investeringsaktivitet innanfor denne sektoren.

Sesongjusterte tal viser at norsk kraftforsyning på si side hadde ein markert produksjonsoppgang på 9,2 prosent i same periode. Bergverksdrift syna derimot ein nedgang på 0,7 prosent.

Tal for utvinningstenester finst i StatistikkbankenÅpne og lesLukk

Frå og med publiseringa for oktober 2015 vil tal for utvinningstenester bli publiserte. Utvinningstenester er i samsvar med SN 2007 grupperte under næringshovudområdet B Bergverksdrift og utvinning. Verksemda innanfor næringa leverer mellom anna tenester knyta til boring av leite-, avgrenings- og produksjonsbrønnar, og andre tenester knyta til aktivitet offshore som mellom anna installering av flytande og faste konstruksjonar over og under havflata. Tidsserien er frå og med år 2010. Næringa har alltid vore inkludert i aggregatet Utvinning og utvinningstenester, men no vil tidsserien og bli publisert med eige tal i Statistikkbanken og tabellar.

Påska kan påverke dei kalenderjusterte og sesongjusterte talaÅpne og lesLukk

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutina for sesongjustering tek omsyn til tidspunktet for påska, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.