Lågaste folkeauke sidan 2001

Publisert:

Ved inngangen til 2021 var folketalet i Noreg 5 391 369. Folkeveksten i 2020 enda på 23 800, og har ikkje vore lågare sidan 2001.

Folkeauken i 2020 var klart lågare enn i åra føre, noko som heng saman med korona-tiltaka og den svært låge innvandringa gjennom delar av året. Jamført med folketalet har ikkje folkeauken vore lågare sidan 1990. Det syner dei nye års- og kvartalstala frå statistikken Befolkning.

Spesielt låg innvandring våren 2020

Det var 38 100 innvandringar i 2020, noko som er det lågaste sidan 2004. Til samanlikning låg innvandringa mellom 52 200 og 58 200 i dei tre føregåande åra.

– Talet på innvandringar har falle kvart år sidan 2012, men nedgangen på 27 prosent frå 2019 til 2020 er heilt eksepsjonell. Den største nedgangen etter 1950 har fram til no vore i 1958, og då var han på 17 prosent, seier rådgjevar Magnus Haug.

Figur 1 viser korleis talet på innvandringar varierte frå månad til månad, samanlikna med gjennomsnittet dei siste tre åra. Alt i januar, altså før korona-tiltaka, var det færre innvandringar enn tidlegare, noko som speglar at innvandringa var minkande også før pandemien kom til Noreg.

– Talet på innvandringar var spesielt lågt i vår-månadene og april er månaden som skil seg mest ut. Då var det 1 900 færre innvandringar enn gjennomsnittet frå 2017 til 2019, seier Magnus Haug.

Figur 1. Innvandringar i 2020, og gjennomsnittleg tal på innvandringar 2017-2019

Månad 2020 Gjennomsnitt 2017-2019
Januar 4389 4582
Februar 3585 4080
Mars 1703 3268
April 599 2529
Mai 1594 2875
Juni 3186 3487
Juli 3349 3791
August 4466 5440
September 4936 5499
Oktober 3240 4596
November 3190 4063
Desember 3834 3360

Ei av følgjene av den låge innvandringa var at fødselsoverskotet var høgare enn nettoinnvandringa.

– I toppåret 2012 var nettoinnvandringa 29 100 høgare enn fødselsoverskotet, men i 2020 var det altså fødselsoverskotet som bidrog mest til folkeauken. Dette var vanleg fram til 2004, men hende ikkje i eit einaste av åra frå 2005 til 2019, seier Magnus Haug.

Figur 2. Fødselsoverskot og nettoinnvandring 1970-2020

Fødselsoverskot Nettoinnvandring
1970 25828 -969
1971 26569 6615
1972 24885 4423
1973 21250 3444
1974 20139 4922
1975 16284 4769
1976 13258 4889
1977 11053 5034
1978 11067 3974
1979 9948 2746
1980 9699 4071
1981 8815 5176
1982 9791 5740
1983 7713 4285
1984 7693 3761
1985 6762 6228
1986 8954 7451
1987 9068 13769
1988 12172 10143
1989 14130 -1453
1990 14918 1710
1991 15885 8045
1992 15378 9942
1993 13081 12808
1994 16021 7436
1995 15102 6366
1996 17067 5817
1997 15206 10700
1998 14240 13823
1999 14128 18999
2000 15232 9688
2001 12715 7955
2002 10969 17174
2003 13980 11285
2004 15751 13211
2005 15524 18439
2006 17292 23723
2007 16505 39652
2008 18785 43346
2009 20358 38637
2010 19943 42346
2011 18827 47032
2012 18263 47343
2013 17713 40073
2014 18690 38155
2015 18331 29802
2016 18164 26076
2017 15859 21349
2018 14280 18103
2019 13811 25327
2020 12368 11327

Eit døme på korleis dette påverkar einskildkommunar er Oslo, der nettoinnvandringa for fyrste gong sidan 2000 er lågare enn 1 000. Tek ein med flyttingar til og frå andre norske kommunar, så hadde hovudstaden eit samla flyttetap på 1 800. Korkje nettoflyttinga eller folkeauken har vore så låg i Oslo sidan 2000.

– Fjerde kvartal 2020 var det fyrste fjerdekvartalet med nedgang i folketalet i Oslo sidan 2001. Likevel vaks byen med 3 500 personar i 2020 takk vere fødselsoverskotet, seier Magnus Haug.

Sjølv om det var færre innvandringar i 2020 enn i noko år sidan 2004, hadde Noreg ein samla folkeauke på 23 800. Haug peikar på to grupper som vaks i 2020:

– Stadig fleire bur i sentrale kommunar eller høyrer til eldre aldersgrupper, seier han.

Sentraliseringa held fram

Av dei 356 kommunane hadde 192 nedgang i folketalet, 160 hadde folkeauke, og det var stillstand i fire. Det lyt ein kalle ei jamn fordeling av vekst og nedgang – men det var stor skilnad på kva kommunar som utvikla seg i kva retning. Til dømes hadde kommunane med folkeauke ein gjennomsnittleg storleik på 27 100 innbyggjarar i byrjinga av året, mot 5 300 i kommunane med nedgang.

– Fleirtalet av kommunane hadde nedgang i folketalet, men fleirtalet av befolkninga bur i kommunar med folkeauke, kommenterer Haug.

Ein kan òg sjå korleis folkeauken fordeler seg på forskjellige sentralitetsnivå. Statistisk sentralbyrå deler kommunane inn i seks kategoriar etter kor sentrale dei er. Av dei 25 kommunane på dei to mest sentrale nivåa, var det ingen som hadde nedgang i folketalet. På dei to minst sentrale nivåa var det derimot nedgang i 153 av 209 kommunar, eller omlag tre av fire.

1 Det er middelfolkemengda som er brukt som folketal. Ho er gjennomsnittet av folketalet i starten og slutten av året.

Figur 3. Folkeauke per 1 000 innbyggjarar etter sentralitetsnivå, 2020¹

Sentralitet Vekst pr 1 000 innbyggjarar
1 - mest sentrale kommunar 7.003251163
2 8.206819147
3 5.952367901
4 1.133943525
5 -3.582542481
6 - minst sentrale kommunar -8.588920463

Av fylka var det Troms og Finnmark, Nordland og Innlandet som hadde nedgang i folketalet. Kommunane som har utgjort dagens Troms og Finnmark har ikkje hatt ein større samla nedgang sidan 1997, medan ein for Innlandet må attende til 1995 for å finne liknande tal.

– Desse fylka hadde låg eller ingen folkeauke alt før 2020, og fallet i innvandringa hjelpte ikkje i så måte. Men eit mindre innanlandsk flytteunderskot enn året før, gjorde at folkeveksten i Nordland ikkje var mindre i 2020 enn i 2019, sjølv om innvandringa fall og fødselsunderskotet vaks, forklarar Haug.

Aldringa heldt fram i 2020

Noreg er inne i ein periode der befolkninga vert stadig eldre, noko ho vil halde fram med også i åra framover, ifylgje SSB sine framskrivingar. Soleis var det 11 000 færre personar i alderen 0 19 år i byrjinga av 2021 enn på same tid i 2020, medan talet på personar over 66 år vaks med 22 200. Dermed var auken i talet på personar over 66 år nesten like stor som auken for heile befolkninga i alt – den totale folkeauken var 23 800.

Gjennomsnittsalderen auka med 0,27 år, og er no 40,78 år.

Figur 4. Befolkninga 1. januar, etter aldersgruppe. 1971-2021

Category 0-5 år 6-12 år 13-15 år 16-19 år 20-44 år 45-66 år 67-79 år 80 år og over
1971 394122.00 432162.00 185606.00 240759.00 1196452.00 1009136.00 343345.00 86723.00
1972 394417.00 435849.00 185454.00 244168.00 1208271.00 1011479.00 349085.00 89050.00
1973 392672.00 441020.00 184638.00 246327.00 1225820.00 1011385.00 355071.00 91301.00
1974 388026.00 446481.00 183844.00 246614.00 1243415.00 1009856.00 360336.00 94418.00
1975 380947.00 452489.00 183572.00 247393.00 1262723.00 1006433.00 366298.00 97670.00
1976 369950.00 459233.00 183081.00 247469.00 1281881.00 1002233.00 371898.00 101356.00
1977 359256.00 461730.00 185128.00 245740.00 1303965.00 995469.00 378751.00 105163.00
1978 345392.00 462809.00 188630.00 245799.00 1325626.00 988629.00 384936.00 109387.00
1979 333176.00 461876.00 192947.00 245660.00 1349903.00 977889.00 390853.00 113830.00
1980 323374.00 457239.00 196763.00 246506.00 1373876.00 966289.00 397467.00 117386.00
1981 314907.00 451354.00 198206.00 250814.00 1397533.00 954490.00 403367.00 121669.00
1982 309827.00 441056.00 200145.00 255298.00 1422174.00 944069.00 409062.00 125432.00
1983 307932.00 427356.00 201619.00 260450.00 1445901.00 935375.00 413613.00 130265.00
1984 306993.00 413984.00 200407.00 264181.00 1468127.00 928130.00 417938.00 134593.00
1985 305744.00 400471.00 198825.00 266758.00 1491172.00 920285.00 424012.00 138578.00
1986 305669.00 388166.00 195647.00 269359.00 1515749.00 913924.00 428985.00 141688.00
1987 307112.00 378369.00 192616.00 268183.00 1543668.00 908466.00 431435.00 145672.00
1988 310916.00 370324.00 187238.00 268406.00 1570607.00 901114.00 440550.00 149133.00
1989 317646.00 366078.00 179535.00 265602.00 1592136.00 901645.00 445774.00 152270.00
1990 326451.00 363163.00 171895.00 258460.00 1598706.00 908868.00 449294.00 156279.00
1991 336648.00 362945.00 163293.00 254229.00 1602278.00 918718.00 452294.00 159425.00
1992 346423.00 362866.00 159036.00 246019.00 1604512.00 938002.00 453537.00 163239.00
1993 354492.00 364811.00 157448.00 235745.00 1609796.00 957102.00 452457.00 167316.00
1994 361332.00 368894.00 158335.00 226276.00 1614190.00 975037.00 451046.00 169705.00
1995 363999.00 375596.00 158007.00 218532.00 1617037.00 993453.00 448306.00 173480.00
1996 365145.00 383554.00 157892.00 214193.00 1616334.00 1011308.00 445030.00 176503.00
1997 364967.00 394331.00 156842.00 212467.00 1614206.00 1028451.00 441128.00 180322.00
1998 364007.00 405198.00 156599.00 212928.00 1610129.00 1047832.00 436493.00 184413.00
1999 362566.00 414815.00 156866.00 213381.00 1608964.00 1069027.00 431289.00 188421.00
2000 363539.00 423446.00 160173.00 212949.00 1609632.00 1091251.00 427485.00 190022.00
2001 362458.00 429370.00 163889.00 212674.00 1605850.00 1115495.00 416799.00 196901.00
2002 358563.00 432405.00 170128.00 213407.00 1599041.00 1140915.00 408148.00 201459.00
2003 353730.00 435762.00 177202.00 215714.00 1598643.00 1166058.00 400080.00 205063.00
2004 350556.00 435192.00 184525.00 220083.00 1593297.00 1190474.00 394144.00 209186.00
2005 349626.00 432856.00 188544.00 227335.00 1589361.00 1214707.00 390779.00 213155.00
2006 347815.00 432455.00 190203.00 235513.00 1590623.00 1237400.00 390334.00 215876.00
2007 348049.00 432602.00 189163.00 244387.00 1596946.00 1260240.00 391585.00 218162.00
2008 351164.00 430842.00 188723.00 252217.00 1615854.00 1284643.00 395134.00 218594.00
2009 357451.00 428010.00 189664.00 256305.00 1638836.00 1312372.00 396983.00 219631.00
2010 363597.00 425646.00 192099.00 258415.00 1656097.00 1337202.00 405121.00 220022.00
2011 368576.00 424638.00 192810.00 259309.00 1678123.00 1359812.00 415884.00 221153.00
2012 372428.00 424921.00 191488.00 259718.00 1703611.00 1379093.00 433018.00 221583.00
2013 375014.00 426509.00 190264.00 261666.00 1728068.00 1396542.00 451627.00 221585.00
2014 375744.00 428077.00 190040.00 262789.00 1744961.00 1408723.00 477962.00 220760.00
2015 373954.00 433578.00 188886.00 262481.00 1759513.00 1424649.00 502304.00 220437.00
2016 370121.00 441838.00 186284.00 262536.00 1769024.00 1439486.00 524671.00 220025.00
2017 366772.00 447901.00 185352.00 262705.00 1774275.00 1455310.00 545022.00 220980.00
2018 362601.00 451079.00 186608.00 260605.00 1776723.00 1471644.00 563607.00 222752.00
2019 356139.00 452818.00 188647.00 257853.00 1779999.00 1487062.00 579695.00 225999.00
2020 351159.00 451246.00 191130.00 255214.00 1789814.00 1501597.00 596710.00 230710.00
2021 343764 448573 192510 252943 1792220 1511702 613250 236407

Nedgang i talet på fødde – men ikkje grunna korona

Fødselstalet fall vidare i 2020, då det vart fødd 1 500 færre born enn i 2019. Det var femte gongen sidan 2011 at det gjekk ned med meir enn 1 200 på eitt år, så fallet var ikkje unormalt stort – men den langvarige utviklinga med fallande fødselstal heldt i alle høve fram. I alt vart 9,8 born fødd per 1 000 innbyggjarar i 2020, mot 12,6 eit tiår tidlegare, i 2010.

Figur 5

Figur 5. Fødde, og fødde per 1 000 innbyggjarar

SSB legg fram detaljert fødde-statistikk 11. mars. Då vil vi til dømes kunne seie meir om korleis fruktsemda utviklar seg i høve til alder- og kjønnsstrukturen i befolkninga. Her skal vi berre minne om at nedgangen i fødselstalet i 2020 kun i minimal grad kan skuldast korona-pandemien, ettersom dei aller fleste borna som vart fødde i 2020 vart unnfanga i god tid før korona-tiltaka vart innførte.

– Dessutan fall fødselstalet mindre i fjerde kvartal enn i både fyrste og tredje kvartal, jamført med same kvartal i 2019. Dersom pandemien har påverka kor mange born som vert fødd, vil det i fyrste omgang påverke føddestatistikken for 2021, påpeikar Haug.

Udramatiske dødetal

I alt var det 73 færre døde i 2020 enn i 2019. Både SSB og Folkehelseinstituttet har tidlegare skrive om utviklinga i dødetala gjennom dei fyrste månadene med koronapandemi i Noreg. 11. mars publiserer SSB detaljerte dødetal for heile 2020.

Finn tal for din kommune

Under finn du lenker til tabellar med nøkkeltal for alle kommunar sortert etter fylke.

Viken

Oslo

Innlandet

Vestfold og Telemark

Agder

Rogaland

Vestland

Møre og Romsdal

Trøndelag

Nordland

Troms og Finnmark