23422_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnltreg/aar-forelopige
23422
4,8 prosent meir i løn og honorar
statistikk
2003-03-12T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnltreg, Lønnssummer fra Lønns- og trekkoppgaveregisteret, kontantlønn, naturalytelser, frynsegoder, firmabil, fri bil, fri telefon, utgiftsgodtgjørelser, bilgodtgjørelser, feriepengegrunnlag, dagpenger, grunnlag for arbeidsgiveravgiftLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønnssummer fra Lønns- og trekkoppgaveregisteret2002, foreløpige tall

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

4,8 prosent meir i løn og honorar

Samla utbetaling av løn og honorar utgjorde 584 milliardar kroner, syner førebelse tall for 2002. Dette var 27 milliardar kroner eller 4,8 prosent meir enn i 2001. Til samanlikning var auken i slike utbetalingar frå 2000 til 2001 på 32 milliardar kroner, eller 6,1 prosent.

Dei førebelse tala syner at vel 2 615 000 personar mottok i gjennomsnitt 223 500 kroner i løn og honorar. Til samanlikning mottok vel 2 617 600 personar i gjennomsnitt 213 000 kroner i løn og honorar året før.

Sterk auke i utbetalingar av dagpengar

Utbetaling av dagpengar auka frå i underkant av 6,6 milliardar kroner i 2001 til nesten 8,2 milliardar i 2002, eller med 24,1 prosent. Talet på personar som fekk utbetalt dagpengar, har auka frå 181 900 i 2001 til heile 194 500 i 2002. Gjennomsnittlege utbetalingar per mottakar har òg auka, frå 36 100 kroner i 2001 til 41 900 kroner i 2002.

Talet på personar med løn, honorar med vidare, dagpengar, sjuke- og
fødselspengar og pensjonar. 20011 og 20022
  Talet på personar Sum beløp i millionar kroner Endring i prosent 2001-2002
  20011             20022 20011 20022
Løn, honorar med vidare 2 617 585 2 615 027  557 468  584 339 4,8
Dagpengar  181 876  194 538 6 573 8 156 24,1
Sjuke-/fødselspengar  316 910  324 462 12 448 13 694 10,0
Pensjonar og liknande 1 433 861 1 452 729  150 052  162 051 8,0
1  Endelege tal.
2  Førebelse tal.

Sjuke- og fødselspengar

Samla utbetaling av sjuke- og fødselspengar var på 13,7 milliardar kroner. Dette var om lag 1,2 milliardar, eller 10,0 prosent meir enn i 2001. Til samanlikning var auken i slike utbetalingar frå 2000 til 2001 på 0,75 milliardar kroner, eller 6,4 prosent.

Pensjonar og liknande

Det blei totalt utbetalt 162,1 milliardar kroner i pensjonar og liknande, ein auke på 8,0 prosent samanlikna med 2001. Beløpet omfattar utbetalingar frå folketrygda, som til dømes alders- og uførepensjon, og ulike utbetalingar av pensjonar utanom folketrygda. Totalt var det vel 1 452 700 personar som mottok pensjonar og liknande, eller 18 900 fleire personar enn i 2001.

Løn for leiarar

Leiarar i selskap med 25 til 50 tilsette hadde i gjennomsnitt ei løn på 506 100 kroner, ein auke på 5,3 prosent frå 2001. I selskap med 50 til 100 tilsette hadde leiarane ei løn på 615 500 kroner, som tilsvarar ein auke på 5,2 prosent frå året før. Til samanlikning var leiarløna i selskap med 100 til 250 tilsette på 791 900 kroner, ein auke på 4,3 prosent. I dei største selskapa med 250 eller fleire tilsette, utgjorde leiarløna 1 178 100 kroner. Dette var ein auke på 8,2 prosent samanlikna med 2001.

Leiar er definert som den personen i det enkelte selskap med høgast utbetaling av løn to år etter kvarandre. Som tilsett er her nytta talet på lønsoppgåver for same person i same selskap, noko som ikkje er identisk med talet på tilsette i selskapet. Løn er her definert som løn, honorar, fordel ved opsjonar og naturalytingar.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på førebelse tal frå Løns- og trekkoppgåveregisteret i Skattedirektoratet for inntektsåret 2002. Dette omfattar opplysningar om løn og andre ytingar frå arbeidsgivar til arbeidstakar, som arbeidsgivar har plikt til å rapportere.

Tabeller: