23430_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnltreg/aar-forelopige
23430
Framleis auke i sjuke- og fødselspengar
statistikk
2001-03-16T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnltreg, Lønnssummer fra Lønns- og trekkoppgaveregisteret, kontantlønn, naturalytelser, frynsegoder, firmabil, fri bil, fri telefon, utgiftsgodtgjørelser, bilgodtgjørelser, feriepengegrunnlag, dagpenger, grunnlag for arbeidsgiveravgiftLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønnssummer fra Lønns- og trekkoppgaveregisteret2000, foreløpige tall

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis auke i sjuke- og fødselspengar

Samla utbetaling av sjuke- og fødselspengar var på 11,7 milliardar kroner, viser førebelse tal for år 2000. Dette var om lag 1,2 milliardar kroner eller 11,4 prosent meir enn i 1999. Til samanlikning var auken i slike utbetalingar frå 1998 til 1999 på 1,3 milliardar kroner eller 14,1 prosent.

Det var om lag 305 500 personar som tok imot sjuke- eller fødselspengar, ein auke på 11 500 personar samanlikna med 1999. Dette omfattar berre utbetalingar frå trygdeetaten og ikkje sjukepengar til tilsette i staten, sjukepengar dekte av arbeidsgivar eller sjukepengar utbetalt til sjølvstendig næringsdrivande. Utbetaling av sjukepengar til tilsette i staten og sjukepengar dekte av arbeidsgivar inngår i sum løn og honorar med meir. Til samanlikning vart det utbetalt 1,6 milliardar kroner i sjuke- og fødselspengar til 38 000 sjølvstendig næringsdrivande i 2000.

Dagpengar

Utbetaling av dagpengar auka frå 5,4 milliardar i 1999 til 6,1 milliardar kroner i 2000, ein auke på 13,4 prosent. Talet på personar som fekk utbetalt dagpengar, har gått ned frå 184 000 i 1999 til 182 600 i 2000. Gjennomsnittlege utbetalingar per mottakar har auka frå 29 300 kroner i 1999 til 33 500 kroner i 2000.

Løn og honorar

Samla utbetalingar av løn og honorar var på 522,8 milliardar kroner i 2000. Dette var 22 milliardar kroner eller 4,4 prosent meir enn i 1999. For inntektsåret 2000 var det totalt 2 592 000 personar som tok imot løn og honorar, eller om lag 8 000 fleire personar enn året før.

Dei førebelse tala manglar noko rapportering som dei endelege tala for inntektsåret 2000 vil omfatte. Samanliknar ein dei samla utbetalingane av løn og honorar for inntektsåret 2000 med dei tilsvarande førebelse tala for inntektsåret 1999, syner dette ein auke i utbetalingane på 26,7 milliardar eller 5,4 prosent.

Pensjonar og liknande

Det blei totalt utbetalt 140,5 milliardar kroner i pensjonar og liknande i 2000, ein auke på 6,6 prosent frå 1999. Beløpet omfattar utbetalingar frå folketrygda, som til dømes alders- og uførepensjon, og ulike utbetalingar av pensjonar utanom folketrygda. Totalt var det vel 1 417 000 personar som tok imot pensjonar og liknande, ein auke på 22 000 personar frå 1999.

Om emnet

Statistikken byggjer på førebelse tal frå Løns- og trekkoppgåveregisteret i Skattedirektoratet for inntektsåret 2000, og omfattar alle personar som i inntektsåret har fått løns- og trekkoppgåve og alle føretak med plikt til å rapportere til registeret (som har tilsette).

Talet på personar med løn, honorar med vidare, dagpengar,
sjuke- og fødselspengar og pensjonar. 1999 og 2000*
  Talet på personar Sum beløp i millionar kroner Endring i prosent
  1999 2000* 1999 2000* 1999-2000*
Løn, honorar med vidare 2 584 258 2 592 284 500 796 522 782 4,4
Dagpengar 184 073 182 581 5 394 6 119 13,4
Sjuke- og fødselspengar 293 997 305 532 10 506 11 699 11,4
Pensjonar og liknande 1 395 039 1 417 231 131 828 140 496 6,6