1518_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnkraft/aar
1518
Lønnsauke på 7,5 prosent
statistikk
2009-04-02T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnkraft, Lønn for tilsette i kraftforsyningLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønn for tilsette i kraftforsyning1. oktober 2008

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lønnsauke på 7,5 prosent

Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette i kraftforsyning utgjorde 41 100 kroner per 1. oktober 2008. Dette var ein gjennomsnittleg auke på 2 900 kroner, eller 7,5 prosent, frå same tidspunkt året før.

Dei aller fleste tilsette i kraftforsyning er menn. Dei hadde ei gjennomsnittleg månadslønn på 41 900 kroner i 2008. Lønna auka med 7,7 prosent frå året før. Heiltidstilsette kvinner hadde 37 900 kroner i månadslønn, ein lønnsauke på 6,9 prosent.

Leiarlønn på 65 800

Handverkarar i kraftforsyning hadde i 2008 ei gjennomsnittleg månadslønn på 32 800 kroner, ein auke på i underkant av 2 500 kroner, eller 8,1 prosent frå det same tidspunktet året før. Tilsette i yrke med krav til høgskuleutdanning hadde ei månadslønn på 40 900 kroner. Dei fekk om lag 2 500 kroner, eller 6,6 prosent, meir i månaden. Til samanlikning hadde tilsette i akademiske yrke ei månadslønn på 49 700 kroner. Dette svara til ein auke i månadslønna på 2 500 kroner, eller 5,2 prosent, i gjennomsnitt. Leiarar hadde ein lønnsauke på 6,7 prosent, og det gav ei månadslønn på 65 800 kroner i 2008.

Dei høgast utdanna tente 59 000 i månaden

Tilsette med inntil fire års utdanning frå universitet eller høgskular hadde ei månadslønn på 47 200 kroner. Dette er ein auke på 3 100 kroner, eller om lag 7 prosent, frå året før. I denne gruppa finn vi mellom anna ingeniørane. Tilsette med utdanning utover fire år frå universitet eller høgskular hadde ei månadslønn på 59 000 kroner, ein auke på 2 600 kroner, eller 4,6 prosent, frå same tidspunkt året før. I denne gruppa finn vi mellom anna sivilingeniørar, hydrologar og økonomirådgjevarar.

Årslønna auka med 8,8 prosent

Gjennomsnittleg berekna årslønn for heiltidstilsette i kraftforsyning utgjorde 482 600 kroner. Dette var ein auke på 39 100 kroner, eller 8,8 prosent, samanlikna med 2007.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit utval verksemder med til saman 10 785 heil- og deltidstilsette i kraftforsyning.

Førebelse tal for 3. kvartal 2008 syner ifølgje nasjonalrekneskapen at kraftforsyning sysselset 11 500 lønnstakarar.

Tabeller: