1520_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnkraft/aar
1520
3 700 kroner meir i månaden
statistikk
2008-04-18T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnkraft, Lønn for tilsette i kraftforsyningLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønn for tilsette i kraftforsyning1. oktober 2007

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

3 700 kroner meir i månaden

Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette i kraftforsyning utgjorde 38 200 kroner per 1. oktober 2007. Dette var ein gjennomsnittleg auke på 3 700 kroner eller 10,8 prosent frå same tidspunkt året før.

Heiltidstilsette i kraftforsyning, etter yrke. Kroner og endring i prosent

Lønnsstatistikken har teljingstidspunkt 1. oktober kvart år uavhengig av når resultat frå lønnsoppgjer vert avklart eller gjennomført. Streiken i kraftverka i 2006 kan ha ført til at lønna vart seint regulert og ikkje kom med i lønnsstatistikken for 2006. Dette gav ein relativt låg lønnsvekst i 2006, og ein tilsvarande høg lønnsvekst i 2007.

Yrkesgrupper

Handverkarar er ei relativt stor yrkesgruppe i kraftforsyning. Dei hadde 1. oktober 2007 ei gjennomsnittleg månadslønn på 30 400 kroner, ein auke på i underkant av 2 200 kroner eller 7,8 prosent frå same tidspunkt året før. Tilsette i yrker med krav til høgskuleutdanning hadde ei månadslønn på 38 300 kroner, ein auke på om lag 3 800 kroner eller 11,1 prosent. Til samanlikning hadde tilsette i akademiske yrke og i leiaryrke ei månadslønn på 47 200 kroner og 61 700 kroner. Dette tilsvarte ein auke i månadslønna for desse yrkesgruppene på respektive 3 500 kroner eller 7,9 prosent og 4 200 kroner eller 7,3 prosent i gjennomsnitt.

Utdanningsgrupper

Tilsette med inntil fire års utdanning frå universitet eller høgskular hadde ei månadslønn på 44 100 kroner. Dette er ein auke på 3 700 kroner eller om lag 9,1 prosent frå året før. I denne gruppa finn vi mellom anna ingeniørane. Tilsette med utdanning utover fire år frå universitet eller høgskular hadde ei månadslønn på i gjennomsnitt 56 400 kroner, ein auke på 3 400 kroner eller 6,6 prosent frå same tidspunkt året før. I denne gruppa finn vi mellom anna sivilingeniørar, hydrologar og økonomirådgjevarar.

Årslønna auka med 8,3 prosent

Gjennomsnittleg berekna årslønn for heiltidstilsette i kraftforsyning utgjorde 443 000 kroner. Dette var ein auke på 34 000 kroner eller 8,3 prosent samanlikna med 2006.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit utval verksemder med til saman 9 612 heiltidstilsette i kraftforsyning.

Førebelse tal for 3. kvartal 2007 syner ifølgje nasjonalrekneskapen at kraftforsyning sysselset 11 700 lønnstakarar. Månadslønn er hovudomgrepet i lønnsstatistikken, og omfattar avtalt lønn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjering er ikkje medrekna i månadslønna. Årslønn vert berekna utifrå informasjon frå to årgangar av lønnsstatistikken, informasjon frå lønnsforhandlingane og frå den kvartalsvise lønnsindeksen. Overtidsgodtgjering og ulike naturalytingar inngår ikkje i berekna årslønn. Tal for 2006 er endelege, medan tal for 2007 er førebelse fram til lønnsstatistikken for 2008 vert publisert. Auken i månadslønn avvik noko frå auken i årslønn. Månadslønna vert samanlikna på eit valt tidspunkt, 1. oktober kvart år, medan årslønna målar endring mellom kalenderår.

Tabeller: