276054
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/aarleg-kjennetekn-tilsette
276054
Fire av ti føretak har berre mannlege tilsette
statistikk
2016-11-01T08:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
true

Føretak1. januar 2015

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Fire av ti føretak har berre mannlege tilsette

45 prosent av alle føretaka hadde både mannlege og kvinnelege tilsette per 1. januar 2015. I 38 prosent av føretaka var det berre menn i arbeidsstokken, medan det arbeidde berre kvinner i 17 prosent av føretaka.

Føretak etter kjenneteikn ved dei tilsette
201520152012-2015
FøretakNyetableringarHøgvekstføretak
Totalt tal på føretak med tilsette134 9724 679847
Delen føretak med berre mannlege tilsette38,254,06,0
Delen føretak med berre kvinnelege tilsette16,619,30,6
Delen føretak med både mannlege og kvinnelege tilsette45,126,793,4

Kjønnssamansetjinga varierer frå næring til næring. I 63 prosent av føretaka innanfor transport og lagring, i tillegg til i bygg og anlegg, var alle tilsette menn. 

Kvinnedominans i anna tenesteyting

Derimot hadde 60 prosent av føretaka innanfor anna tenesteyting og 44 prosent av føretaka innanfor helse- og sosialtenester berre kvinnelege tilsette. 

Dei fleste føretaka hadde få tilsette, og 79 prosent hadde færre enn ti tilsette. 

Grunn- og vidaregåande skule dominerer

Nesten halvparten av føretaka hadde berre tilsette som hadde si høgaste utdanning frå grunn- eller vidaregåande skule. Tre næringar skilde seg ut gjennom at rundt 70 prosent av føretaka berre hadde tilsette med utdanning på dette nivået:

  • anna tenesteyting
  • transport og lagring
  • bygg og anlegg 

I 14 prosent av føretaka hadde alle tilsette tatt utdanninga si på høgskule eller universitet. Dette galdt særleg føretak innanfor fagleg, vitskapelig og teknisk tenestyting, i tillegg til informasjon og kommunikasjon, der høvesvis 39 og 33 prosent av føretaka berre hadde tilsette med høgare utdanning.

Statistikken omfattar føretak som har tilsetteÅpne og lesLukk

Statistikken omfattar føretak (unnateke offentleg forvaltning og primærnæringane) som har tilsette, og beskriv kjenneteikn knytte til desse. Statistikken omfattar ikkje eigarar av personleg eigde føretak, det vil seie innehavarar av einskildpersonføretak (ENK). Deltakarar i ansvarlege selskap (ANS) eller selskap med delt ansvar (DA) inngår heller ikkje i statistikken.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB