286587
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/kvartalsvis-nye-foretak
286587
statistikk
2017-08-09T08:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
true

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

14 848

nye føretak i 2. kvartal 2017

Antall nye foretak
AntallProsent
2. kvartal 20171. kvartal 2017 - 2. kvartal 20172. kvartal 2016 - 2. kvartal 2017
I alt14 848-15,4-0,9
Aksjeselskap (AS)5 906-19,41,8
Enkeltpersonforetak8 505-12,7-2,6
Norsk avdeling av utenlandsk foretak183-6,2-21,1

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Nye føretak, etter kvartal og organisasjonsform

Nye føretak, etter kvartal og organisasjonsform
4. kvartal 20151. kvartal 20162. kvartal 20163. kvartal 20164. kvartal 20161. kvartal 20172. kvartal 2017
I alt14 26416 57414 97715 12314 42917 55914 848
Ansvarlig selskap30412322233625
Aksjeselskap (AS)5 5476 7005 8015 7215 9867 3325 906
Allment aksjeselskap (ASA)0200010
Selskap med delt ansvar (DA)147163104132176168129
Enkeltpersonforetak8 2049 3528 7308 9267 9379 7398 505
Norsk avdeling av utenlandsk foretak250243232243221195183
Andre organisasjonsformer867387798688100

Tabell 2 
Nye føretak, etter kvartal og næring

Nye føretak, etter kvartal og næring
4. kvartal 20151. kvartal 20162. kvartal 20163. kvartal 20164. kvartal 20161. kvartal 20172. kvartal 2017
Alle næringer14 26416 57414 97715 12314 42917 55914 848
Bergverksdrift og utvinning18201617162525
Industri475512506442428548430
Kraftforsyning23111712191918
Vannforsyning, avløp og renovasjon26253124352122
Bygge- og anleggsvirksomhet1 8072 0702 0481 9591 7732 1091 852
Varehandel, reparasjon av motorvogner1 7251 9651 5501 4821 5171 7141 368
Transport og lagring510539505529556667539
Overnattings- og serveringsvirksomhet377521436392420437399
Informasjon og kommunikasjon8421 0678439309031 094912
Finansiering og forsikring36495248464922
Omsetning og drift av fast eiendom1 3971 1891 2051 1231 4131 1711 019
Faglig, vitenskapelig og teknisk tjenesteyting2 1292 7172 2372 1482 1442 6332 015
Forretningsmessig tjenesteyting9139911 0091 0459311 124982
Undervisning8439328319048801 015776
Helse- og sosialtjenester9741 3629831 2528501 295896
Kultur, underholdning og fritid i alt1 1241 2651 1481 1351 1591 2881 099
Personlig tjenesteyting737849750816656887677
Lønnet arbeid i private husholdninger0393331
Internasjonale organer0000000
Uoppgitt3084878018626801 4601 796

Tabell 3 
Nye føretak, etter kvartal og fylke

Nye føretak, etter kvartal og fylke
4. kvartal 20151. kvartal 20162. kvartal 20163. kvartal 20164. kvartal 20161. kvartal 20172. kvartal 2017
Østfold759852717729710888730
Akershus1 6472 0091 7451 8201 6792 0311 810
Oslo3 1053 3623 0853 2553 2013 6663 167
Hedmark376488441425408514419
Oppland392453416410386519438
Buskerud792840775815752953742
Vestfold610777667700613829660
Telemark441484468441427520418
Aust-Agder269324316293273342307
Vest-Agder537630518538521608517
Rogaland1 1551 4811 2771 2121 2161 5341 243
Hordaland1 4111 5861 4241 3831 3481 6331 395
Sogn og Fjordane218244243185207291212
Møre og Romsdal517636589569498632563
Sør-Trøndelag7799319009549061 007861
Nord-Trøndelag271312263288250329306
Nordland448515496513419559461
Troms - Romsa349433408387408489403
Finnmark - Finnmárku157179193160143190156
Svalbard4131271867
Uoppgitt fylke27252439461933

Om statistikken

Statistikken viser aktive føretak per 1. januar, samt årlege tal på nyetablerte og avslutta føretak og kvartalsvise tal på nye føretak. Dessutan viser statistikken omsetning og sysselsetting i aktive føretak, og han beskriv aktive føretak med tilsette etter ulike kjenneteikn.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Føretak
I Standard for næringsgruppering (SN2007) er eit føretak definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ei viss grad har sjølvstendig avgjerdsmakt. I statistikken blir ei juridisk eining behandla som eit føretak.

Føretak per 1. januar
Tal per 1. januar i statistikkåret (år t) inkluderer alle føretak med aktiv verksemd i inneverande år som framleis er registrerte per 1. januar

Nytt føretak
Som eit nytt føretak i ein gitt periode reknar ein eit føretak som er registrert i ER med skipingdato i denne perioden, dersom dei registrerte opplysningane tilseier at eininga skal drive næringsverksemd. Dersom skipingdatoen ikkje er oppgitt,  blir registreringsdatoen nytta.

Nyetablering
Nyetablering er nye føretak korrigert for eigarskifte. Det vil seie at nye føretak som overtar ei eksisterande verksemd, ikkje  blir rekna som ei nyetablering, men berre som eit nytt føretak.

Opphørte føretak
Som opphøyr reknar ein opphøyr av verksemda. Dette kan skje ved at verksemda blir seld, lagd ned, eller ved at føretaket blir sletta i BR.

Tilsette
Talet på tilsette er vaska tal frå a-ordninga for talet på tilsette per verksemd for midtuka i kvar månad. Tala var tidlegare basert på Aa-registeret. Frå 1. januar 2015 ble Aa-registeret saman med ein del rapporteringar frå arbeidsgjevare til Skatteetaten og SSB samorda i ein felles rapportering i det som blir kalla a-ordninga.

Sysselsetjing
Med sysselsetjing meiner vi summen av tilsette og eigarar. Sysselsetjingstala viser eit gjennomsnitt av talet på sysselsette ved slutten av fem utvalde månader i året, og kan avvike frå det som er publisert i arbeidskraftundersøkinga (AKU) og nasjonalrekneskapen (NR) fordi kjeldene og gjennomsnittsberekninga er ulik. I næringar der sysselsetjing ikkje  blir innhenta gjennom datafangsten til strukturstatistikkane, bereknar ein sysselsette ut frå talet på tilsette i VoF. Person med meir enn eitt arbeidsforhold vil kunne vere telt med som sysselsett i fleire næringar.

Omsetning
Omsetning er definert som summen av godtgjering for sal til kundar, sal av handelsvarer og bruttoinntekt av anna næringsverksemd. Omsetning inkluderer leigeinntekter og provisjonsinntekter, men ikkje offentlege tilskot eller gevinst ved sal av anleggsmiddel. Meirverdiavgift er ikkje med i tala. I enkelte næringar er omsetningsomgrepet ikkje eintydig definert, og for desse næringane blir ikkje omsetning publisert. Dette gjeld finansielle næringar og forsikring (næring 64-66), undervisning (næring 85) og helse- og sosialtenester (næring 86-88). For einingar i næringar som inngår i strukturstatistikkane, er omsetning henta frå dei. I andre næringar blir omsetning henta frå administrative kjelder (moms eller årsrekneskap).

Organisasjonsform
Selskapsform i ER. Her skil ein mellom anna mellom einskildpersonføretak, allmennaksjeselskap og ansvarleg selskap.

Heimfeste
Føretaket er heimfesta til fylke ut frå forretningsadressa til føretaket. I fleirverksemdføretak med verksemder i fleire fylke vil forretningsadressa til hovudkontoret bestemme fylke.

Standard klassifikasjonar

Standard for næringsgruppering (SN2007)
Gjeldande Standard for næringsgruppering (SN2007) i SSB, som byggjer på EUs standard NACE Rev.2. Næringsstandarden gjeld frå og med statistikkåret 2008. Fram til 2007 gjeld Standard for næringsgruppering SN2002. Næringsstandarden finst her. Næringsfordelingar etter SN2007 og SN2002 kan ikkje direkte samanliknast da det ikkje er eit 1:1-forhold mellom alle næringskodane.

Standard for inndeling av føretak etter storleiksgruppe

Standard for organisasjonsform

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Føretak
Emne: Virksomheter, foretak og regnskap

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for regnskapsstatistikk

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå, fylkes- og kommunevis (føretak etter kjennetekn ved dei tilsette berre for heile landet)

Kor ofte og aktualitet

Føretaksdemografien blir publisert årleg med tal per 1. januar i år t, samt nye føretak i år t og opphørte føretak i løpet av året t-1. Nye føretak blir publiserte kvartalsvis om lag fem uker etter at kvartalet er slutt.

Føretak etter kjennetekn ved deil tilsette blir publisert årleg.

Føretak, omsetning og sysselsetjing blir òg publisert årleg med to års etterslep.

Internasjonal rapportering

Statistikk over aktive føretak, nyetableringar og nedleggingar blir rapportert til Eurostat, men populasjonane og dermed tala avvik frå det som blir publisert på www.ssb.no/foretak

Tal på nye føretak (kvartal) som blir rapportert til Eurostat, tilsvarar dei som blir publisert på www.ssb.no/foretak.

 

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Informasjon om populasjonane blir lagra mellombels i programspråket SAS og i lang tid som tekstfiler.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føretaksdemografien omfattar statistikk over talet på føretak per 1. januar, nye og nyetablerte føretak, opphørte og nedlagde føretak. Statistikken omfattar føretak innanfor alle næringar unnateke primærnæringane og offentleg forvalting.

Årgangspopulasjonen er ein årleg strukturstatistikk med omsetning og sysselsetjing for føretak i alle næringane unnateke offentleg forvalting.  

Første publiseringa var i november 2002.

Brukarar og bruksområde

Brukarar av statistikkane er offentleg forvalting, forskingsmiljø, næringslivet og media.

Likebehandling av brukere

Prinsipper for likebehandling

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på www.ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.

Samanheng med annan statistikk

Nivåtala som blir presenterte, vil avvike frå talet på juridiske einingar i Einingsregisteret (ER), og kan på næringsnivå avvike frå det som blir presentert i strukturstatistikkane. Avviket i forhold til ER kjem i hovudsak av at ER omfattar alle juridiske einingar, også dei som ikkje driv næringsverksemd. SSB gjennomfører mange kontrollar for å finne ut om eit føretak verkeleg er aktivt.

Årgangspopulasjonane (t-1) og føretakstala i år t er samordna med strukturstatistikkane ved at dei, for dei næringane som er omfatta av strukturstatistikkane, berre omfattar føretak som i statistikkåret har vist seg å ha omsetning og sysselsetjing eller berre omsetning. Tala per år t+1 omfattar også alle dei nye føretaka i år t som framleis er registrerte ved inngangen av t+1. Da opphøyr ofte først blir registrert i etterkant, kan dette talet vere for høgt.

Tala i årgangspopulasjonane vil avvike frå det som er publisert i strukturstatistikkar for verksemder, da omsetning og sysselsetjing i eit føretak omfattar all omsetning og alle sysselsette i føretaket, også omsetning/sysselsetjing i verksemder med anna næring enn føretaket.

Lovheimel

Ikkje relevant

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Føretaksdemografien/føretak, årleg
Statistikken er avgrensa ut frå næringa, organisasjonsforma og sektorkoden til føretaka.

1. Statistikken omfattar alle næringar etter Standard for næringsgruppering SN2007, unnateke primærnæringane (01 jordbruk, 02 skogbruk og 03 fiske og fangst) og offentleg administrasjon og forsvar (84 offentleg forvalting og forsvar). Frå og med statistikkåret 2008 er statistikken avgrensa ut frå næring etter Standard for næringsgruppering SN2007. Frå 2000 til 2007 blei statistikken avgrensa ut frå SN2002.

2. Tala per 1. januar i statistikkåret skal omfatte alle føretak med aktiv verksemd i Noreg det føregåande året. Som nyregistrering og nyetablering i statistikkåret blir berre føretak med opplysningar som tilseier at dei vil drive næringsverksemd, rekna. Det vil seie at enkelte organisasjonsformer blir haldne utanfor demografidelen av statistikken. Føretak med organisasjonsform som ikkje inngår i statistisk populasjon, blir haldne utanfor statistikken: BO, ESEK, IKJP, KBO, KIRK, KTRF, OPMV, UTBG, SAM, TVAM, VIFE, PERS, UTLA.

3. Føretak med sektorkode for offentlig forvalting er ikkje med i statistikken. Frå og med statistikkåret 2012 gjeld dette sektorkodane (sektor_2014) 3100, 6500 og 6100. Frå 2000 til 2011 blei følgjande sektorkodar haldne utanfor: 110 (stats- og trygdeforvaltinga), 150 (Norges Bank), 510 (kommunar) og 550 (fylkeskommunar). Føretak med desse sektorkodane er ikkje med i statistikken sjølv om dei skulle drive verksemd som kjem inn under næringane som er omfatta av statistikken. For næringar som er ei blanding av offentleg og privat tenesteyting, kan tala vere mangelfulle da offentleg tenesteyting er halden utanfor statistikken. Dette vil særleg gjelde kraft- og vassforsyning, undervisning, helsetenester og sosiale tenester. Statlege låneinstitutt, føretak innanfor forretningsdrifta i staten, statleg eigde føretak, statsføretak, kommunal forretningsdrift og sjølvstendige kommuneføretak, det vil seie føretak med sektorkodar 3100, 3900, 1110, 1120, 1510 og 1520, er med i statistikken dersom dei driv verksemd innanfor næringane som er dekte av statistikken.

Føretak, omsetning og sysselsetjing, årleg
Føretaka inngår i årgangspopulasjonen dersom dei er registrerte med aktiv verksemd i Noreg i statistikkåret.

Statistikken er avgrensa ut frå næringa, organisasjonsforma og sektorkoden til føretaka.

1. Statistikken omfattar alle næringar etter Standard for næringsgruppering SN2007, unnateke offentleg administrasjon og forsvar (84 offentlig forvalting og forsvar). Frå og med statistikkåret 2008 er statistikken avgrensa ut frå næring etter Standard for næringsgruppering SN2007. Frå 2000 til 2007 blei statistikken avgrensa ut frå SN2002.

2. Føretak med følgjande organisasjonsformer inngår ikkje i statistisk populasjon og er ikkje med i statistikken: BO, ESEK, IKJP, KBO, KIRK, KTRF, OPMV, UTBG, SAM, TVAM, VIFE, PERS, UTLA.

3. Føretak med sektorkode for offentleg forvalting er ikkje med i statistikken. Frå og med statistikkåret 2012 gjeld dette sektorkodane (sektor_2014) 3100, 6500 og 6100. Frå 2000 til 2011 blei følgjande sektorkodar haldne utanfor: 110 (stats- og trygdeforvaltinga), 150 (Norges Bank), 510 (kommunar), 550 (fylkeskommunar). Føretak med desse sektorkodane er ikkje med i statistikken sjølv om dei skulle drive verksemd som er innanfor næringar som er omfatta av statistikken. For næringar som er ei blanding av offentleg og privat tenesteyting, kan tala vere mangelfulle da offentleg tenesteyting er halden utanfor statistikken. Dette vil særleg gjelde kraft- og vassforsyning, undervisning, helsetenester og sosiale tenester. Statlege låneinstitutt, føretak innanfor forretningsdrifta i staten, statleg eigde føretak, statsføretak, kommunal forretningsdrift og sjølvstendige kommuneføretak, det vil seie føretak med sektorkodar 3100, 3900, 1110, 1120, 1510 og 1520, er med i statistikken dersom dei driv verksemd innanfor dei næringane som er dekte av statistikken.

Føretak etter kjenneteikn ved dei tilsette, årleg
Statistikken omfattar føretak (unnateke offentleg forvalting og primærnæringane) som har tilsette, og beskriv eigenskapar knytte til desse. Statistikken omfattar ikkje eigarar av personleg eigde føretak, det vil seie innehavarar av einskildpersonføretak (ENK). Deltakarar i ansvarlege selskap (ANS) eller selskap med delt ansvar (DA) inngår heller ikkje i statistikken.

Nye føretak, kvartal
Statistikken blir publisert ca. 5 uker etter at kvartalet er slutt.

Datakjelder og utval

Einingsregisteret (ER) og Verksemd- og føretaksregisteret (VoF). Tal på tilsette er frå a-ordninga. Omsetning og sysselsetjing er innhenta gjennom SSBs strukturundersøkingar og frå administrative kjelder.

Vidare blir data frå strukturstatistikkane og frå andre administrative register som meirverdiavgiftsdata, rekneskapsdata og sjølvmeldingsdata for sjølvstendig næringsdrivande, nytta for å avgrense omfanget når det gjeld reelt sett avslutta føretak.

Datainnsamling, editering og beregninger

Administrative data og gjenbruk av data frå statistiske undersøkingar.

VoF er per i dag eit heildekkjande og kvalitetssikra register med omsyn til omfang og grunndata.

Populasjonen av aktive føretak blir kvalitetssikra mellom anna gjennom direkte kontakt med einingar når det gjeld datafangsten i samband strukturstatistikkane og gjennom kopling mot administrative register i Overvakingssystemet for verksemder i VoF.

Det går føre seg ei kontinuerleg kvalitetssikring av næringskodane på verksemder og føretak i VoF. Kvalitetssikringa skjer mellom anna gjennom kontakt med føretaka i SSBs strukturundersøkingar, gjennom andre administrative kjelder og gjennom direkte kontakt med føretaka på annan måte, og ved hjelp av meldingar om føremålsendringar til ER.

Tal på estimerte nedleggingar blir laga ved å berekne forholdet mellom førebelse og endelege nedleggingar for ein tidlegare årgang. Dei estimerte tala for føretak per 1. januar blir laga ut frå dei førebelse tala for føretak per 1. januar og dei estimerte tala for nedlagde føretak. Storleiken på føretaket (målt i sysselsette året før opphøyr) og organisasjonsform er faktorane som har størst innverknad på forholdet mellom førebelse og endelege nedleggingar/aktive føretak.

 

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

I statistikkvarianten Føretak, omsetning og sysselsetting blir omsetninga ikkje offentleggjort der det er færre enn tre føretak.

Samanlikningar over tid og stad

At ei verksemd blir avslutta, blir først registrert i ettertid. Nye registreringar kan også skje i ettertid, og mange nyregistrerte føretak startar aldri opp noka verksemd. Føretakstala per 1. januar i t+1 vil derfor bli justert ned neste gong demografitala  blir presenterte.

For årgangspopulasjonen frå og med 2003-årgangen blei det gjort ei justering av metoden for å berekne omsetning og sysselsetjing for føretak som ikkje høyrde med i strukturstatistikkane. Dette omfatta føretak i næringane 65-67 og 80-99, men også føretak i næringane 10-41 (SN2002) som ikkje inngjekk i strukturstatistikken for industri (einskildpersonføretak og føretak med sysselsetjing mindre enn 0,5 årsverk). Denne justeringa medførte ein nedgang i talet på føretak, publiserte for 2003 totalt, og innanfor dei nemnde næringane i høve til tala som blei publiserte for 2002.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Statistikken baserer seg på statistiske og administrative kjelder. Fleire administrative register er sentrale i arbeidet med oppdateringane av VoF og blir nytta både til å definere populasjonen og til å hente inn kjennemerke og opplysningar. ER, Momsregisteret og Aa-registeret  blir nytta til å hente inn opplysningar om einingane. Dette gir grunnlag for registerfeil som kan påverke uvissa i statistikken.

Ei mogleg feilkjelde er forelda opplysningar som følgje av etterslep i registreringane. Slike etterslep har si årsak i det faktum at endringar ofte  blir registrerte etter at dei har hendt. Konsekvensen er at registera ikkje er fullstendig oppdaterte til kvar tid, og det kan føre til at forelda opplysningar  blir nytta som datagrunnlag i statistikken.

Avslutning av verksemder  blir normalt registrerte i etterkant, ut frå tilbakemeldingar i samband med datafangsten til strukturstatistikkane eller ved kopling mot administrative register. Alle avgangar i perioden tala  blir publiserte for, er derfor ikkje nødvendigvis registrerte når tala  blir publiserte. Ein konsekvens av dette er at avgangstala normalt vil vere for låge, medan tala per 1. januar i t+1 vil være tilsvarande for høge. Også nye registreringar skjer i nokre tilfelle i etterkant.

I samband med nyregistreringar skal oppgåvegjevar opplyse om dette er ei ny verksemd eller eit eigarskifte. Der slike opplysningar manglar,  blir det gjennomført dublettkontroll mot eksisterande føretak for å identifisere eventuelle eigarskifte. Alle eigarskifte  blir ikkje fanga opp i desse rutinane, og talet på nyetableringar blir rekna å vere litt for høgt sett i samband med talet på nyregistreringar. Dessutan er det mange nye føretak som ikkje startar opp noka verksemd.

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB