286487
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/aarleg-foretaksdemografi
286487
statistikk
2017-05-05T08:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
true

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

60 474

nyetableringar i 2016

Føretak per 1. januar, nyetablerte og nedlagde føretak1
2016Forandring frå førre år
Tal på føretakProsent
1Tala omfattar ikkje primærnæringane og offentleg forvaltning.
Føretak per 1. januar413 7612,8
Nyetablerte føretak60 4744,5
2015Forandring fra førre år
Nedlagde føretak55 3855,1

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Føretak per 1. januar, nyetablerte føretak og nedlagde føretak, etter næring

Føretak per 1. januar, nyetablerte føretak og nedlagde føretak, etter næring
Næring201520162017
Føretak 1. januarNyetablerte føretakNedlagde føretak (endeleg)Føretak 1. januarNyetablerte føretakNedlagde føretak (estimert)Føretak 1. januar (estimert)
I alt402 51357 86655 385413 76160 47458 252413 725
Bergverksdrift og utvinning1 19586981 15678901 129
Industri15 2381 8751 92417 8761 8651 91417 622
Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn1 17590581 224701101 172
Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd1 216106941 228119991 238
Byggje- og anleggsverksemd57 5647 8307 40458 5017 7999 35356 486
Varehandel, reparasjon av motorvogner53 2557 4716 78252 8336 4528 76149 887
Transport og lagring21 7922 4422 19421 5012 1693 28920 156
Overnattings- og serveringsverksemd11 5631 4681 37611 5631 5391 67311 342
Informasjon og kommunikasjon17 5173 7063 45418 2393 8113 25018 628
Finansierings- og forsikringsverksemd11 8077501 31411 3831 2641 17710 379
Omsetning og drift av fast eigedom52 2454 7694 67353 0695 1284 82253 396
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting48 9078 7668 54150 6449 2807 76751 785
Forretningsmessig tenesteyting20 1883 8853 44720 9883 9944 58120 158
Undervisning12 1553 4183 00013 6363 5722 30714 810
Helse- og sosialtenester33 8584 1473 77735 7344 3563 00136 918
Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar24 1334 4954 64727 0424 8232 19429 516
Anna tenesteyting14 8992 8652 30815 9573 0093 08715 722
Lønt arbeid i private hushald4113945181944
Internasjonale organisasjonar og organ1001001
Ikkje opplyst1 2067642851 1411 1287593 336

Tabell 2 
Føretak per 1. januar, nyetablerte føretak og nedlagde føretak etter organisasjonsform

Føretak per 1. januar, nyetablerte føretak og nedlagde føretak etter organisasjonsform
Organisasjonsform201520162017
Føretak 1. januarNyetablerte føretakNedlagde føretak (endeleg)Føretak 1. januarNyetablerte føretakNedlagde føretak (estimert)Føretak 1. januar (estimert)
I alt402 51357 86655 385413 76160 47458 252413 725
Ansvarleg selskap (ANS)4 2491263743 9701124683 439
Aksjeselskap (AS)202 78221 69518 477207 81323 69318 579212 864
Allment aksjeselskap (ASA)1893817633174
Selskap med delt ansvar (DA)5 8625657855 5665698715 136
Einskildpersonføretak (ENK)174 96934 15633 553182 65534 78836 106179 372
Norsk avdeling av utanlandsk føretak (NUF)5 5991 0071 6094 7979481 7253 822
Andre organisasjonsformer8 8633145798 7843615008 919

Tabell 3 
Føretak per 1. januar, nyetablerte føretak og nedlagde føretak, etter fylke

Føretak per 1. januar, nyetablerte føretak og nedlagde føretak, etter fylke
201520162017
Føretak 1. januarNyetablerte føretakNedlagde føretak (endeleg)Føretak 1. januarNyetablerte føretakNedlagde føretak (estimert)Føretak 1. januar (estimert)
I alt402 51357 86655 385413 76160 47458 252413 725
Østfold21 1783 0102 77921 8992 8933 42621 347
Akershus46 2566 8586 94647 5927 2727 14147 758
Oslo73 65412 69712 17576 35413 07112 22576 603
Hedmark13 2181 5841 53913 5231 6651 48613 669
Oppland14 3181 6381 64914 6211 6121 60014 530
Buskerud23 1063 1172 97623 7553 1113 31523 493
Vestfold19 5402 5772 54919 9602 6792 75719 830
Telemark13 0661 6491 64613 2691 7551 78913 147
Aust-Agder8 4591 0781 0558 6411 1881 0478 769
Vest-Agder14 4482 0151 83114 8572 1642 03014 917
Rogaland31 7544 6384 21532 5595 1984 75932 678
Hordaland36 1325 4365 08237 2565 7235 70736 937
Sogn og Fjordane8 1558858428 3118718258 300
Møre og Romsdal18 3902 1422 11418 6462 2382 15918 630
Sør-Trøndelag21 4933 2593 05822 2203 6653 10322 544
Nord-Trøndelag8 8301 1161 0998 9791 0851 0518 988
Nordland14 8311 8171 81715 1471 8851 79315 204
Troms - Romsa10 7081 5201 44610 9921 5811 42711 122
Finnmark - Finnmárku4 8156835334 9986355785 065
Andre norske område1621473418218335207

Tabell 4 
Talet på tilsette i føretak per 1. januar, nyetablerte føretak og nedlagde føretak, etter næring

Talet på tilsette i føretak per 1. januar, nyetablerte føretak og nedlagde føretak, etter næring
Næring201520162017
Føretak 1. januarNyetablerte føretakNedlagde føretak (endeleg)Føretak 1. januarNyetablerte føretakNedlagde føretak (estimert)Føretak 1. januar (estimert)
I alt1 705 28620 89829 4681 794 71915 80620 9501 762 161
Bergverksdrift og utvinning67 6101632560 3551911958 601
Industri231 3059682 180230 9405551 085213 567
Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn15 539354916 229014216 513
Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd7 86240458 88235399 116
Byggje- og anleggsverksemd207 6124 3695 540207 0613 5043 028212 783
Varehandel, reparasjon av motorvogner356 0303 5515 287383 6002 4793 748378 410
Transport og lagring139 9321 1301 560147 4617983 240141 213
Overnattings- og serveringsverksemd93 0063 1262 674107 0712 2751 821104 257
Informasjon og kommunikasjon87 9801 1182 27390 0888721 35189 467
Finansierings- og forsikringsverksemd46 10010550647 44723423646 132
Omsetning og drift av fast eigedom24 9506441 06028 23234363728 121
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting119 7461 8042 950123 4981 4621 619122 366
Forretningsmessig tenesteyting134 4882 1252 654129 9621 7552 025127 707
Undervisning18 68533331024 54819528325 343
Helse- og sosialtenester107 0257071 121127 898507630127 475
Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar18 18832142528 34527564227 191
Anna tenesteyting29 07242344132 93938129133 490
Lønt arbeid i private hushald1804100916
Internasjonale organisasjonar og organ0003005
Ikkje opplyst13883641501175386

Om statistikken

Statistikken viser aktive føretak per 1. januar, samt årlege tal på nyetablerte og avslutta føretak og kvartalsvise tal på nye føretak. Dessutan viser statistikken omsetning og sysselsetting i aktive føretak, og han beskriv aktive føretak med tilsette etter ulike kjenneteikn.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Føretak
I Standard for næringsgruppering (SN2007) er eit føretak definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ei viss grad har sjølvstendig avgjerdsmakt. I statistikken blir ei juridisk eining behandla som eit føretak.

Føretak per 1. januar
Tal per 1. januar i statistikkåret (år t) inkluderer alle føretak med aktiv verksemd i inneverande år som framleis er registrerte per 1. januar

Nytt føretak
Som eit nytt føretak i ein gitt periode reknar ein eit føretak som er registrert i ER med skipingdato i denne perioden, dersom dei registrerte opplysningane tilseier at eininga skal drive næringsverksemd. Dersom skipingdatoen ikkje er oppgitt,  blir registreringsdatoen nytta.

Nyetablering
Nyetablering er nye føretak korrigert for eigarskifte. Det vil seie at nye føretak som overtar ei eksisterande verksemd, ikkje  blir rekna som ei nyetablering, men berre som eit nytt føretak.

Opphørte føretak
Som opphøyr reknar ein opphøyr av verksemda. Dette kan skje ved at verksemda blir seld, lagd ned, eller ved at føretaket blir sletta i BR.

Tilsette
Talet på tilsette er vaska tal frå a-ordninga for talet på tilsette per verksemd for midtuka i kvar månad. Tala var tidlegare basert på Aa-registeret. Frå 1. januar 2015 ble Aa-registeret saman med ein del rapporteringar frå arbeidsgjevare til Skatteetaten og SSB samorda i ein felles rapportering i det som blir kalla a-ordninga.

Sysselsetjing
Med sysselsetjing meiner vi summen av tilsette og eigarar. Sysselsetjingstala viser eit gjennomsnitt av talet på sysselsette ved slutten av fem utvalde månader i året, og kan avvike frå det som er publisert i arbeidskraftundersøkinga (AKU) og nasjonalrekneskapen (NR) fordi kjeldene og gjennomsnittsberekninga er ulik. I næringar der sysselsetjing ikkje  blir innhenta gjennom datafangsten til strukturstatistikkane, bereknar ein sysselsette ut frå talet på tilsette i VoF. Person med meir enn eitt arbeidsforhold vil kunne vere telt med som sysselsett i fleire næringar.

Omsetning
Omsetning er definert som summen av godtgjering for sal til kundar, sal av handelsvarer og bruttoinntekt av anna næringsverksemd. Omsetning inkluderer leigeinntekter og provisjonsinntekter, men ikkje offentlege tilskot eller gevinst ved sal av anleggsmiddel. Meirverdiavgift er ikkje med i tala. I enkelte næringar er omsetningsomgrepet ikkje eintydig definert, og for desse næringane blir ikkje omsetning publisert. Dette gjeld finansielle næringar og forsikring (næring 64-66), undervisning (næring 85) og helse- og sosialtenester (næring 86-88). For einingar i næringar som inngår i strukturstatistikkane, er omsetning henta frå dei. I andre næringar blir omsetning henta frå administrative kjelder (moms eller årsrekneskap).

Organisasjonsform
Selskapsform i ER. Her skil ein mellom anna mellom einskildpersonføretak, allmennaksjeselskap og ansvarleg selskap.

Heimfeste
Føretaket er heimfesta til fylke ut frå forretningsadressa til føretaket. I fleirverksemdføretak med verksemder i fleire fylke vil forretningsadressa til hovudkontoret bestemme fylke.

Standard klassifikasjonar

Standard for næringsgruppering (SN2007)
Gjeldande Standard for næringsgruppering (SN2007) i SSB, som byggjer på EUs standard NACE Rev.2. Næringsstandarden gjeld frå og med statistikkåret 2008. Fram til 2007 gjeld Standard for næringsgruppering SN2002. Næringsstandarden finst her. Næringsfordelingar etter SN2007 og SN2002 kan ikkje direkte samanliknast da det ikkje er eit 1:1-forhold mellom alle næringskodane.

Standard for inndeling av føretak etter storleiksgruppe

Standard for organisasjonsform

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Føretak
Emne: Virksomheter, foretak og regnskap

Ansvarleg seksjon

Seksjon for regnskapsstatistikk

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå, fylkes- og kommunevis (føretak etter kjennetekn ved dei tilsette berre for heile landet)

Kor ofte og aktualitet

Føretaksdemografien blir publisert årleg med tal per 1. januar i år t, samt nye føretak i år t og opphørte føretak i løpet av året t-1. Nye føretak blir publiserte kvartalsvis om lag fem uker etter at kvartalet er slutt.

Føretak etter kjennetekn ved deil tilsette blir publisert årleg.

Føretak, omsetning og sysselsetjing blir òg publisert årleg med to års etterslep.

Internasjonal rapportering

Statistikk over aktive føretak, nyetableringar og nedleggingar blir rapportert til Eurostat, men populasjonane og dermed tala avvik frå det som blir publisert på www.ssb.no/foretak

Tal på nye føretak (kvartal) som blir rapportert til Eurostat, tilsvarar dei som blir publisert på www.ssb.no/foretak.

 

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Informasjon om populasjonane blir lagra mellombels i programspråket SAS og i lang tid som tekstfiler.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føretaksdemografien omfattar statistikk over talet på føretak per 1. januar, nye og nyetablerte føretak, opphørte og nedlagde føretak. Statistikken omfattar føretak innanfor alle næringar unnateke primærnæringane og offentleg forvalting.

Årgangspopulasjonen er ein årleg strukturstatistikk med omsetning og sysselsetjing for føretak i alle næringane unnateke offentleg forvalting.  

Første publiseringa var i november 2002.

Brukarar og bruksområde

Brukarar av statistikkane er offentleg forvalting, forskingsmiljø, næringslivet og media.

Likebehandling av brukere

Prinsipper for likebehandling

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på www.ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.

Samanheng med annan statistikk

Nivåtala som blir presenterte, vil avvike frå talet på juridiske einingar i Einingsregisteret (ER), og kan på næringsnivå avvike frå det som blir presentert i strukturstatistikkane. Avviket i forhold til ER kjem i hovudsak av at ER omfattar alle juridiske einingar, også dei som ikkje driv næringsverksemd. SSB gjennomfører mange kontrollar for å finne ut om eit føretak verkeleg er aktivt.

Årgangspopulasjonane (t-1) og føretakstala i år t er samordna med strukturstatistikkane ved at dei, for dei næringane som er omfatta av strukturstatistikkane, berre omfattar føretak som i statistikkåret har vist seg å ha omsetning og sysselsetjing eller berre omsetning. Tala per år t+1 omfattar også alle dei nye føretaka i år t som framleis er registrerte ved inngangen av t+1. Da opphøyr ofte først blir registrert i etterkant, kan dette talet vere for høgt.

Tala i årgangspopulasjonane vil avvike frå det som er publisert i strukturstatistikkar for verksemder, da omsetning og sysselsetjing i eit føretak omfattar all omsetning og alle sysselsette i føretaket, også omsetning/sysselsetjing i verksemder med anna næring enn føretaket.

Lovheimel

Ikkje relevant

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Føretaksdemografien/føretak, årleg
Statistikken er avgrensa ut frå næringa, organisasjonsforma og sektorkoden til føretaka.

1. Statistikken omfattar alle næringar etter Standard for næringsgruppering SN2007, unnateke primærnæringane (01 jordbruk, 02 skogbruk og 03 fiske og fangst) og offentleg administrasjon og forsvar (84 offentleg forvalting og forsvar). Frå og med statistikkåret 2008 er statistikken avgrensa ut frå næring etter Standard for næringsgruppering SN2007. Frå 2000 til 2007 blei statistikken avgrensa ut frå SN2002.

2. Tala per 1. januar i statistikkåret skal omfatte alle føretak med aktiv verksemd i Noreg det føregåande året. Som nyregistrering og nyetablering i statistikkåret blir berre føretak med opplysningar som tilseier at dei vil drive næringsverksemd, rekna. Det vil seie at enkelte organisasjonsformer blir haldne utanfor demografidelen av statistikken. Føretak med organisasjonsform som ikkje inngår i statistisk populasjon, blir haldne utanfor statistikken: BO, ESEK, IKJP, KBO, KIRK, KTRF, OPMV, UTBG, SAM, TVAM, VIFE, PERS, UTLA.

3. Føretak med sektorkode for offentlig forvalting er ikkje med i statistikken. Frå og med statistikkåret 2012 gjeld dette sektorkodane (sektor_2014) 3100, 6500 og 6100. Frå 2000 til 2011 blei følgjande sektorkodar haldne utanfor: 110 (stats- og trygdeforvaltinga), 150 (Norges Bank), 510 (kommunar) og 550 (fylkeskommunar). Føretak med desse sektorkodane er ikkje med i statistikken sjølv om dei skulle drive verksemd som kjem inn under næringane som er omfatta av statistikken. For næringar som er ei blanding av offentleg og privat tenesteyting, kan tala vere mangelfulle da offentleg tenesteyting er halden utanfor statistikken. Dette vil særleg gjelde kraft- og vassforsyning, undervisning, helsetenester og sosiale tenester. Statlege låneinstitutt, føretak innanfor forretningsdrifta i staten, statleg eigde føretak, statsføretak, kommunal forretningsdrift og sjølvstendige kommuneføretak, det vil seie føretak med sektorkodar 3100, 3900, 1110, 1120, 1510 og 1520, er med i statistikken dersom dei driv verksemd innanfor næringane som er dekte av statistikken.

Føretak, omsetning og sysselsetjing, årleg
Føretaka inngår i årgangspopulasjonen dersom dei er registrerte med aktiv verksemd i Noreg i statistikkåret.

Statistikken er avgrensa ut frå næringa, organisasjonsforma og sektorkoden til føretaka.

1. Statistikken omfattar alle næringar etter Standard for næringsgruppering SN2007, unnateke offentleg administrasjon og forsvar (84 offentlig forvalting og forsvar). Frå og med statistikkåret 2008 er statistikken avgrensa ut frå næring etter Standard for næringsgruppering SN2007. Frå 2000 til 2007 blei statistikken avgrensa ut frå SN2002.

2. Føretak med følgjande organisasjonsformer inngår ikkje i statistisk populasjon og er ikkje med i statistikken: BO, ESEK, IKJP, KBO, KIRK, KTRF, OPMV, UTBG, SAM, TVAM, VIFE, PERS, UTLA.

3. Føretak med sektorkode for offentleg forvalting er ikkje med i statistikken. Frå og med statistikkåret 2012 gjeld dette sektorkodane (sektor_2014) 3100, 6500 og 6100. Frå 2000 til 2011 blei følgjande sektorkodar haldne utanfor: 110 (stats- og trygdeforvaltinga), 150 (Norges Bank), 510 (kommunar), 550 (fylkeskommunar). Føretak med desse sektorkodane er ikkje med i statistikken sjølv om dei skulle drive verksemd som er innanfor næringar som er omfatta av statistikken. For næringar som er ei blanding av offentleg og privat tenesteyting, kan tala vere mangelfulle da offentleg tenesteyting er halden utanfor statistikken. Dette vil særleg gjelde kraft- og vassforsyning, undervisning, helsetenester og sosiale tenester. Statlege låneinstitutt, føretak innanfor forretningsdrifta i staten, statleg eigde føretak, statsføretak, kommunal forretningsdrift og sjølvstendige kommuneføretak, det vil seie føretak med sektorkodar 3100, 3900, 1110, 1120, 1510 og 1520, er med i statistikken dersom dei driv verksemd innanfor dei næringane som er dekte av statistikken.

Føretak etter kjenneteikn ved dei tilsette, årleg
Statistikken omfattar føretak (unnateke offentleg forvalting og primærnæringane) som har tilsette, og beskriv eigenskapar knytte til desse. Statistikken omfattar ikkje eigarar av personleg eigde føretak, det vil seie innehavarar av einskildpersonføretak (ENK). Deltakarar i ansvarlege selskap (ANS) eller selskap med delt ansvar (DA) inngår heller ikkje i statistikken.

Nye føretak, kvartal
Statistikken blir publisert ca. 5 uker etter at kvartalet er slutt.

Datakjelder og utval

Einingsregisteret (ER) og Verksemd- og føretaksregisteret (VoF). Tal på tilsette er frå a-ordninga. Omsetning og sysselsetjing er innhenta gjennom SSBs strukturundersøkingar og frå administrative kjelder.

Vidare blir data frå strukturstatistikkane og frå andre administrative register som meirverdiavgiftsdata, rekneskapsdata og sjølvmeldingsdata for sjølvstendig næringsdrivande, nytta for å avgrense omfanget når det gjeld reelt sett avslutta føretak.

Datainnsamling, editering og beregninger

Administrative data og gjenbruk av data frå statistiske undersøkingar.

VoF er per i dag eit heildekkjande og kvalitetssikra register med omsyn til omfang og grunndata.

Populasjonen av aktive føretak blir kvalitetssikra mellom anna gjennom direkte kontakt med einingar når det gjeld datafangsten i samband strukturstatistikkane og gjennom kopling mot administrative register i Overvakingssystemet for verksemder i VoF.

Det går føre seg ei kontinuerleg kvalitetssikring av næringskodane på verksemder og føretak i VoF. Kvalitetssikringa skjer mellom anna gjennom kontakt med føretaka i SSBs strukturundersøkingar, gjennom andre administrative kjelder og gjennom direkte kontakt med føretaka på annan måte, og ved hjelp av meldingar om føremålsendringar til ER.

Tal på estimerte nedleggingar blir laga ved å berekne forholdet mellom førebelse og endelege nedleggingar for ein tidlegare årgang. Dei estimerte tala for føretak per 1. januar blir laga ut frå dei førebelse tala for føretak per 1. januar og dei estimerte tala for nedlagde føretak. Storleiken på føretaket (målt i sysselsette året før opphøyr) og organisasjonsform er faktorane som har størst innverknad på forholdet mellom førebelse og endelege nedleggingar/aktive føretak.

 

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

I statistikkvarianten Føretak, omsetning og sysselsetting blir omsetninga ikkje offentleggjort der det er færre enn tre føretak.

Samanlikningar over tid og stad

At ei verksemd blir avslutta, blir først registrert i ettertid. Nye registreringar kan også skje i ettertid, og mange nyregistrerte føretak startar aldri opp noka verksemd. Føretakstala per 1. januar i t+1 vil derfor bli justert ned neste gong demografitala  blir presenterte.

For årgangspopulasjonen frå og med 2003-årgangen blei det gjort ei justering av metoden for å berekne omsetning og sysselsetjing for føretak som ikkje høyrde med i strukturstatistikkane. Dette omfatta føretak i næringane 65-67 og 80-99, men også føretak i næringane 10-41 (SN2002) som ikkje inngjekk i strukturstatistikken for industri (einskildpersonføretak og føretak med sysselsetjing mindre enn 0,5 årsverk). Denne justeringa medførte ein nedgang i talet på føretak, publiserte for 2003 totalt, og innanfor dei nemnde næringane i høve til tala som blei publiserte for 2002.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Statistikken baserer seg på statistiske og administrative kjelder. Fleire administrative register er sentrale i arbeidet med oppdateringane av VoF og blir nytta både til å definere populasjonen og til å hente inn kjennemerke og opplysningar. ER, Momsregisteret og Aa-registeret  blir nytta til å hente inn opplysningar om einingane. Dette gir grunnlag for registerfeil som kan påverke uvissa i statistikken.

Ei mogleg feilkjelde er forelda opplysningar som følgje av etterslep i registreringane. Slike etterslep har si årsak i det faktum at endringar ofte  blir registrerte etter at dei har hendt. Konsekvensen er at registera ikkje er fullstendig oppdaterte til kvar tid, og det kan føre til at forelda opplysningar  blir nytta som datagrunnlag i statistikken.

Avslutning av verksemder  blir normalt registrerte i etterkant, ut frå tilbakemeldingar i samband med datafangsten til strukturstatistikkane eller ved kopling mot administrative register. Alle avgangar i perioden tala  blir publiserte for, er derfor ikkje nødvendigvis registrerte når tala  blir publiserte. Ein konsekvens av dette er at avgangstala normalt vil vere for låge, medan tala per 1. januar i t+1 vil være tilsvarande for høge. Også nye registreringar skjer i nokre tilfelle i etterkant.

I samband med nyregistreringar skal oppgåvegjevar opplyse om dette er ei ny verksemd eller eit eigarskifte. Der slike opplysningar manglar,  blir det gjennomført dublettkontroll mot eksisterande føretak for å identifisere eventuelle eigarskifte. Alle eigarskifte  blir ikkje fanga opp i desse rutinane, og talet på nyetableringar blir rekna å vere litt for høgt sett i samband med talet på nyregistreringar. Dessutan er det mange nye føretak som ikkje startar opp noka verksemd.

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB