268176_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
268176
Framleis nedgang i tenesteeksporten.
statistikk
2016-09-20T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false
Statistikk over norsk tjenestehandel med Norden, EU og andre regioner. Tallene viser bl.a. hvilke næringsgrupper og tjenester som har høyest importverdi og eksportverdi.

Utanrikshandel med tenester2. kvartal 2016

Innhald

Publisert:

Oppdatert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis nedgang i tenesteeksporten.

Eksporten av tenester frå norske ikkje-finansielle føretak i 2. kvartal 2016 gjekk ned med 6 milliardar i forhold til 2. kvartal 2015, medan importen gjekk opp1 med 1 milliard. Det er framleis eit underskot i tenestebalansen i 2. kvartal 2016.

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Millioner kroner
2. kvartal 2016Endring i prosent
1. kvartal 2016 - 2. kvartal 20162. kvartal 2015 - 2. kvartal 2016
Eksport49 884-1,4-10,6
Import56 5244,52,0

Eksporten av tenester levert av ikkje-finansielle føretak, inkludert næringa utanriks sjøfart, enda på 49,9 milliardar kroner i 2. kvartal 2016 mot 55,8 milliardar kroner i same kvartalet i 2015. I forhold til 1. kvartal 2016 vart det målt ein nedgang i eksporten på 1,4 prosent.

Importen av tenester enda på 56,5 milliardar kroner i 2. kvartal 2016 mot 55,4 milliardar i det same kvartalet i 2015. Tenesteimporten i 2. kvartal 2016 fekk dermed ein oppgang på 2,0 prosent, samanlikna med det same kvartalet året før. I forhold til det føregåande kvartalet var det ein oppgang på 4,5 prosent.

Sjøtransporttenester dominerar eksporten

Sjøfartstenester dominerar med 34,5 prosent av den totale tenesteeksporten i 2. kvartal 2016, som svarar til 17,2 milliardar kroner. I forhold til 1. kvartal 2016 var det ein nedgang på 9,7 prosent, og samanlikna med 2. kvartal 2015 var det ein nedgang på 19,5 prosent, om lag 4,2 milliardar kroner.

Forretnings-, profesjons- og tekniske tenester er fortsatt den nest største eksportgruppa, og enda i 2. kvartal 2016 på 8,3 milliardar kroner, tilsvarande 16,7 prosent av den totale eksporten. I forhold til føregåande kvartal 2016 hadde denne tenestegruppa ein nedgang på 5,1 prosent, og ein nedgang på 13,7 prosent i forhold til same kvartalet i 2015.

Fire tenestegrupper stod for over halvparten av tenesteimporten

Det vart importert mest forretnings-, profesjons- og tekniske tenester i 2. kvartal 2016. Denne gruppa stod for om lag 9,5 milliardar kroner, med ein del på 16,7 prosent av den totale tenesteimporten. Importen av petroleumstenester enda på 7,8 milliardar kroner. Tenester tilknytt transport og reiseverksemd stod for 14,6 prosent av importen med om lag 8,2 milliardar kroner. Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr er den fjerde største tenestegruppa, og stod for 13,6 prosent av tenesteimporten.

I forhold til 2. kvartal 2015 hadde gruppa forretnings-, profesjons- og tekniske tenester ein nedgang på 2,5 prosent og i forhold til 1. kvartal 2016 ein oppgang på 3,5 prosent. Importen av petroleumstenester hadde ein nedgang på 24,6 prosent samanlikna med same kvartal i 2015 og ein oppgang på 5,4 prosent sett mot 1. kvartal 2016. Importen av tenester tilknytt transport og reiseverksemd gjekk ned med 9,2 prosent samanlikna med same kvartal i 2015, men hadde ein oppgang på 5,9 prosent samanlikna med 1. kvartal 2016.

Mest tenestehandel med europeiske land

Eksporten til europeiske land sto for 56,8 prosent av samla eksport i 2. kvartal 2016, tilsvarande 28,3 milliardar kroner. Handelen med nordiske land utgjorde 17,8 prosent, dette svarar til om lag 8,9 milliardar kroner. 34,8 prosent gjekk til EU utanom Norden, dette svarar til 17,4 milliardar kroner.

Norske ikkje-finansielle føretak fekk 41,5 prosent av sine importerte tenester frå EU utanom Norden i 2. kvartal 2016. Dette svarar til 23,5 milliardar kroner. Nordiske land sto bak 20,4 prosent av den norske importen. Dette svarar til 11,5 milliardar kroner. Land frå Sentral- og Nord Amerika sto bak 16,1 prosent medan asiatiske land sto bak 11,1 prosent av den norske tenesteimporten i 2. kvartal 2016.

1 Setningen er korrigert.