123119_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
123119
Auke i utanrikshandel med tenester
statistikk
2013-09-23T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false

Utanrikshandel med tenester2. kvartal 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i utanrikshandel med tenester

Noregs eksport og import av tenester med utlandet auka frå 1. kvartal til 2. kvartal 2013. Tenesteeksporten enda på 48 milliardar kroner i 2. kvartal, medan det vart importert tenester for 46 milliardar kroner.

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Millioner kroner
2. kvartal 2013Endring i prosent
1. kvartal 2013 - 2. kvartal 20132. kvartal 2012 - 2. kvartal 2013
Eksport48 21910,60,6
Import46 2128,61,5
Figur 1. Utanrikshandel med tenester, etter verdsdel

I 2. kvartal 2013 eksporterte ikkje-finansielle føretak, inkludert næringa utanriks sjøfart, for 48 milliardar kroner. Frå 1. kvartal til 2. kvartal auka eksporten av tenester med 10,6 prosent. Verdien av denne auka eksporten var på 4,6 milliardar kroner. I høve til same kvartal i 2012 auka tenesteeksporten med nær 300 millionar kroner.

Import av tenester enda på 46 milliardar kroner i 2. kvartal 2013. Samanlikna med 1. kvartal 2013 auka tenesteimporten med 3,6 milliardar kroner, eller 8,6 prosent.

Eksport av sjøtransporttenestar auka

Sal av sjøfartstenester utgjer ein veldig viktig del av Noregs eksport av tenester. I 2. kvartal 2013 vart det eksportert sjøfartstenester for 18,2 milliardar kroner. Det utgjorde 37,8 prosent av den totale tenesteeksporten. Eksport av forretnings-, profesjons- og tekniske tenester enda på 9,7 milliardar kroner, og gjekk ned 3,2 prosent frå 1. kvartal til 2. kvartal. Denne tenestegruppa stod for ein femdel av tenesteeksporten.

Tenester knytt til petroleumsverksemd var også i 2. kvartal Noregs største importgruppe. Importverdien av petroleumstenestene enda på 10 milliardar kroner, ein auke på 16,7 prosent frå 1. kvartal. Kjøp av desse tenestene frå utlandet stod for 22 prosent av den totale tenesteimporten. Importen av tenester knytt til sjøtransport hadde den største prosentvise aukinga frå 1. kvartal, på heile 51,1 prosent. Her steig importen frå 2,8 milliardar kroner til 4,2 milliardar kroner.

Næringa transport og lagring størst på eksport

Den største eksportnæringa finn vi innanfor transport og lagring. Som i 1. kvartal dominerer denne næringa, med heile 47,3 prosent av total tenesteeksport i 2. kvartal. Frå 1. kvartal til 2. kvartal 2013 auka eksporten av tenester frå transport og lagring med over 3 milliardar kroner. Det svarte til ein auke på 16,4 prosent frå det føregåande kvartalet.

På importsida er det to næringar som konkurrerer om å vere størst, høvesvis bergverksdrift og uvinning og transport og lagring. I årets første kvartal var transport- og lagringsnæringa størst, men bare med små marginar. I 2. kvartal ser vi derimot at føretak innanfor bergverksdrift og utvinning har auka med 19,7 prosent og har vorte den viktigaste importnæringa. Næringa bergverksdrift og utvinning står for om lag 13,5 milliardar kroner av tenesteimporten i 2. kvartal, medan føretak innanfor næringa transport og lagring importerte for 12 milliardar kroner.

Auka tenestehandel med EU utanom Norden

Noregs tenestehandel med EU utanom Norden auka i perioden 1. kvartal til 2. kvartal 2013, og stod for om lag 30 prosent av tenesteeksporten og 41 prosent av tenesteimporten. I verdi svarar dette til høvesvis 14,7 og 19 milliardar kronar.

Tal for utanriks sjøfart tilbake i statistikkenÅpne og lesLukk

Tal for næringa utanriks sjøfart vart utelatne i dei kvartalsvise publiseringane i 2011, 2012 og 1. kvartal 2013 fordi statistikken gjennomgjekk ei metodeomlegging av datakjelde for utanriks sjøfart.

Frå og med 2. kvartal 2013 er utanriks sjøfart igjen inkludert. Artiklar frå og med 2. kvartal kan difor ikkje samanlinkas med artiklar publisert tidlegare grunna denne endringa i kjelde for utanriks sjøfart.

Det er oppretta nærings- og tenestefordelte tabellar i Statistikkbanken, med oppdaterte tal som inkluderer føretak frå næringa utanriks sjøfart frå og med 1. kvartal 2012.

I løpet av 4. kvartal vil det bli publisert ein spesialartikkel som forklarar årsaka til denne endringa, og som vil gjere greie for samanhengen mellom tal frå næringa utanriks sjøfart i denne statistikken, og i statistikken for driftsundersøking for sjøfart, og for nasjonal- og utanriksrekneskap.