104925_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
104925
Auka import og nedgang i eksporten av tenester
statistikk
2013-06-21T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false

Utanrikshandel med tenester1. kvartal 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka import og nedgang i eksporten av tenester

Import av tenester auka, medan eksport av tenester hadde ein nedgang frå 1. kvartal 2012 til 1. kvartal 2013. Tenesteimporten enda på 34 milliardar kroner, samstundes som det vart eksportert tenester for 28 milliardar.

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Millioner kroner
1. kvartal 2013Endring i prosent
4. kvartal 2012 - 1. kvartal 20131. kvartal 2012 - 1. kvartal 2013
Eksport27 593-15,3-3,4
Import33 842-24,12,6
Utanrikshandel med tenester, etter verdsdel. Prosent

Ikkje-finansielle føretak, ekskludert sjøfartsnæringa, eksporterte tenester for 28 milliardar kroner. Dette er ein nedgang på 3,4 prosent frå same kvartalet i fjor.

Importen av tenester enda på 34 milliardar kroner og steig med 2,6 prosent frå 1. kvartal 2012. Dette er ein auke på nær 1 milliard kroner. Til liks med kvartsalstala for år 2012 importerte norske ikkje-finansielle føretak meir tenester enn dei eksporterte i løpet av dei tre første månadene av 2013, og verdien av importen oversteig eksporten med i overkant av 6 milliardar kroner.

Størst import av petroleumstenester

Tenester relaterte til petroleumsverksemd utgjorde den klart største gruppa av importerte tenester i 1. kvartal 2013 og stod for 24,5 prosent av importen. Dette er ein nedgang i verdi på 1 milliard kroner frå same kvartalet i fjor. Det vart importert forretnings-, profesjons og tekniske tenester for 7 milliardar kroner, som dermed utgjorde 20 prosent av tenesteimporten i 1. kvartal 2013. Agenturhandel, provisjon og mellomhandel vart fordobla samanlikna med same kvartal føregåande året. Verdien av desse tenestene var på 2 milliardar i 1. kvartal 2013, mot 1 milliard i 1. kvartal 2012.

Eksport av tenester frå Noreg til utlandet vert dominert av forretnings-, profesjons og teknisk tenesteyting og hadde ein auke på 16,2 prosent samanlikna med 1. kvartal 2012. Verdien av eksporten for denne tenestegruppa enda på 9,5 milliardar kroner, og tenestegruppa stod for 34,6 prosent av total tenesteeksport. Også petroleumstenester var viktige, med ein del på 15,8 prosent av eksporten, og eksportverdien av dette vart i overkant av 4 milliardar kroner. Samanlikna med 1. kvartal 2012 var dette ein nedgang på 31,6 prosent. Leigearbeid og reparasjonar hadde ein nedgang på 25,2 prosent frå same kvartalet i fjor I verdi tilsvarar nedgangen i underkant av 1 milliard.

Næringa bergverksdrift og utvinning importerte mest

Trass i ein nedgang på 12,8 prosentpoeng samanlikna med 1. kvartal 2012, dominerer næringa bergverksdrift og utvinning tenesteimporten, med ein del på heile 32,6 prosent av den totale importen, noko som tilsvarar ein verdi på 11 milliardar kroner. Føretak innanfor varehandel auka importen med 46,8 prosent i 1. kvartal 2013 samanlikna med same kvartalet føregåande året. Dette tilsvarar ein verdi på 1 milliard.

Føretak innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting er den klart største eksportnæringa innanfor utanrikshandel med tenester og stod for 27,1 prosent av total eksport, ein auke på 6,7 prosent samanlikna med 1. kvartal 2012. Bergverksdrift og utvinning står òg for ein stor del av tenesteeksporten, med ein del på 15,7 prosent av verdien for dei eksporterte tenestene, som var i overkant av 4 milliardar kroner. Føretak innanfor industri hadde ein nedgang i eksporten på 27,9 prosent i 1. kvartal 2013 samanlikna med same kvartalet i fjor. Det svarar til 1,5 milliardar I redusert eksportverdi.

Mest tenestehandel med europeiske land

43,7 prosent av importen til Noreg av tenester kom frå EU utanom Norden og hadde ein verdi av om lag 15 milliardar kroner. Nordiske land stod for 28,6 prosent av tenesteimporten. Dette tilsvarar i underkant av 10 milliardar kroner.

Europeiske land tok i 1. kvartal 2013 imot av 57 prosent av den totale tenesteeksporten frå norske ikkje-finansielle føretak , ekskludert tal frå næringa utanriks sjøfart.. Hittil i år har det blitt eksportert tenester for vel 9 milliardar kroner til EU-land utanom Norden, og i overkant av 5 milliardar til dei nordiske nabolanda våre.

Tal for utanriks sjøfart utelatneÅpne og lesLukk

Statistikken gjennomgår ei metodeomlegging, difor er tal for næringa utanriks sjøfart inntil vidare tekne ut av den kvartalsvise publiseringa for 2012.