85132_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
85132
Stor auke i eksporten
statistikk
2012-04-17T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false

Utanrikshandel med tenester4. kvartal 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor auke i eksporten

Eksporten av tenester auka med 23 prosent frå 3. kvartal til 4. kvartal 2011, frå 28,6 milliardar til 35 milliardar kroner.

Totalt for året 2011 eksporterte Noreg tenester for nesten 117 milliardar kroner. Det var ein auke på 3,4 prosent frå året før. Importen av tenester til Noreg hadde i same periode ein verdi på 139 milliardar kroner, ein auke på 6,7 prosent. Tala gjeld ikkje-finansielle føretak, eksklusiv næringa utanriks sjøfart.

Forretningsmessige tenester dominerte eksporten også i 4. kvartal

Tenestetypen forretnings-, profesjons- og tekniske tenester stod for meir enn ein tredel av Noregs samla eksport av tenester i 2011. Eksporten av desse tenestene nådde ein verdi på 34,7 milliardar kroner ved utgongen av 2011, ein auke på nesten 10 prosent frå 2010. Vidare vart det eksportert petroleumstenester for vel 20 milliardar kroner, som var ein nedgang på nesten 13 prosent frå året før. Tenester knytt til leigearbeid og reparasjonar auka kraftig frå 2010 til 2011, med ein auke på nesten 55 prosent. Eksporten av desse tenestene enda på 14,7 milliardar kroner i 2011, mot 9,5 milliardar kroner året før.

Fall i etterspørselen etter petroleumstenester frå utlandet

Den klart største tenestetypen innanfor tenesteimporten i 4. kvartal, var petroleumstenester, som utgjorde ein del på vel 27 prosent. Sjølv om importen av petroleumstenester frå utlandet auka jamt i 2011, fall importverdien med 10 prosent samanlikna med 2010. Tenestetypen forretnings-, profesjons- og tekniske tenester gjekk opp vel 30 prosent, frå 22,6 milliardar kroner i 2010 til 29,3 milliardar kroner ved utgangen av 2011.

Utanrikshandel med tenester for 4. kvartal 2011, etter tenestetypar. Millionar kroner
  2011 1. kvartal 2011 2. kvartal 2011 3. kvartal 2011 4. kvartal 2011
Tenestetypar          
Tenestebalanse (eksport-import) -22 247 -1 590 -5 167 -7 619 -7 871
           
Sum eksport  116 638 26 058 26 805 28 609 35 166
Leigearbeid og reparasjonar 14 668 3 021 3 439 3 413 4 795
Petroleumstenester 19 974 4 991 4 734 4 262 5 987
Bygge- og anleggstenester 1 465  331  309  452  373
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel 3 634  792  828  909 1 105
Jernbane- og landtransporttenester 3 631  864  737  976 1 054
Sjøtransporttenester 4 660 1 086 1 269 1 093 1 212
Lufttransporttenester 2 734  702  323 1 263  446
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd 6 429 1 618 1 275 2 197 1 339
Post- og teletenester 7 225 1 815 1 599 1 900 1 911
Leige av transportmidlar, maskiner og utstyr 1 403  319  291  330  463
IT-tenester 7 743 1 903 2 215 1 953 1 672
Forsking og utvikling (FoU) 3 152  877  593  645 1 037
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester 34 707 6 601 7 935 8 120 12 051
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport 1 122  217  208  242  455
Andre tenester 4 088  921 1 050  852 1 265
           
Sum import  138 885 27 648 31 972 36 228 43 037
Leigearbeid og reparasjonar 9 950 1 689 1 893 3 086 3 282
Petroleumstenester 35 018 6 695 7 946 8 982 11 395
Bygge- og anleggstenester 5 145  651 1 093 1 090 2 311
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel 3 572  766  686 1 244  876
Jernbane- og landtransporttenester 6 598 1 287 1 831 1 580 1 900
Sjøtransporttenester 5 945 1 062 1 874 1 313 1 696
Lufttransporttenester 2 252  480  515  608  649
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd 12 426 2 316 2 968 4 090 3 052
Post- og teletenester 6 187 1 717 1 175 1 411 1 884
Leige av transportmidlar, maskiner og utstyr 2 433  542  580  553  758
IT-tenester 8 499 1 858 1 754 2 076 2 811
Forsking og utvikling (FoU) 2 273  427  483  570  793
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester 29 320 5 621 7 191 7 253 9 255
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport 2 887  706  800  702  679
Andre tenester 6 384 1 832 1 184 1 672 1 696
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå.

Stor auke i eksporten for industrinæringa

Ser vi på tenestehandelen etter hovudnæringsgrupper, auka industrinæringa eksporten sin med heile 40 prosent samanlikna med året før, frå 20 milliardar kroner i 2010 til 28 milliardar kroner i 2011. Fagleg, vitskapleg, teknisk og forretningsmessig tenesteyting stod for nær ein tredel av den totale eksporten. Til saman eksporterte denne sektoren tenester for 34,5 milliardar kroner i 2011, mot 38 milliardar kroner i 2010. Det tilsvarte eit fall på nesten 10 prosent.

Den største næringsgruppa på importsida var bergverksdrift og utvinning, med ein del på vel 32 prosent. Denne sektoren fall 2,6 prosent i forhold til 2010, noko som tilsvarte ein milliard kroner. Det er også verdt å nemne at føretak innanfor industrisektoren importerte tenester for nesten 50 prosent meir i 4. kvartal enn i 3. kvartal 2011. Det kan ha bidrege til høge verdiar ved utgangen av 2011 samanlikna med året før. Meir nøyaktig steig industriimporten med 17,5 prosent, frå 16,5 milliardar i 2010 til 19,3 milliardar kroner i 2011.

Utanrikshandel med tenester for 4. kvartal 2011, etter hovudnæringsgrupper. Millionar kroner
  2011 1. kvartal 2011 2. kvartal 2011 3. kvartal 2011 4. kvartal 2011
Hovudnæringsgrupper          
Tenestebalanse (eksport-import) -22 247 -1 590 -5 167 -7 619 -7 871
           
Sum eksport  116 638 26 058 26 805 28 609 35 166
Bergverksdrift og utvinning 12 864 2 813 3 142 2 911 3 998
Industri 27 784 5 755 6 952 5 983 9 094
Varehandel 5 935 1 260 1 241 1 330 2 104
Transport og lagring 12 302 3 292 2 295 3 928 2 787
Informasjon og kommunikasjon 18 196 4 244 4 644 4 140 5 168
Fagleg, vitskapleg, teknisk, og forretningsmessig tenesteyting 34 445 7 617 7 220 8 894 10 714
Andre næringar 5 110 1 077 1 310 1 422 1 301
         
Sum import  138 885 27 648 31 972 36 228 43 037
Bergverksdrift og utvinning 42 526 7 650 10 163 11 085 13 628
Industri 19 312 3 046 4 463 4 722 7 081
Varehandel 11 853 2 454 2 013 4 124 3 262
Transport og lagring 13 713 3 041 3 561 3 133 3 978
Informasjon og kommunikasjon 18 070 4 708 4 079 4 140 5 143
Fagleg, vitskapleg, teknisk, og forretningsmessig tenesteyting 26 961 5 447 6 021 7 564 7 929
Andre næringar 6 449 1 302 1 672 1 459 2 016
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå.

Meir tenestehandel med Asia

Noreg auka sin del av tenesteeksporten til Asia, frå 12,3 prosent i 3. kvartal til 16,6 prosent i 4. kvartal 2011. Importen frå Asia auka med 0,9 prosent i same periode. Gjennom heile året har størstedelen av tenestehandelen gått føre seg med EU-land utanom Norden. I 4. kvartal 2011 gjekk nesten 38 prosent av tenesteeksporten til desse landa, medan 45,5 prosent av importen kom frå denne regionen.

Utanrikshandel med tenester, etter verdsdel. Prosent

Statistikken gjennomgår ei metodeomlegging, difor er tal for næringa utanriks sjøfart inntil vidare tekne ut frå den kvartalsvise publiseringa for 2011.

Om statistikkgrunnlaget

Frå og med 1. kvartal 2011 blir denne statistikken publisert kvartalsvis.

Denne publiseringa brukar SN 2007 som standard for næringsgruppering. Det vil føre til nokre endringar i næringsplasseringa av visse føretak samanlikna med tidlegare publiseringar, som vart baserte på SN 2002.

Statistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapen for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar, og heller ikkje kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken, er ikkje direkte samanliknbare med tal frå utanriksrekneskapen. Sjå avsnittet Om statistikken .

Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken, som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, og tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert òg gjeve eit oversyn over tenestehandel fordelt på verdsdelar.