66171_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
66171
Importen steig framleis i 3. kvartal
statistikk
2012-02-07T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false

Utanrikshandel med tenester3. kvartal 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Importen steig framleis i 3. kvartal

Norske føretak importerte i 3. kvartal tenester for 37,5 milliardar kroner. Dette utgjorde ein auke på nesten 18 prosent frå førre kvartal.

Totalt importerte Noreg tenester for 97 milliardar kroner i løpet av dei tre første kvartala i 2011. Tala gjeld ikkje-finansielle føretak, eksklusiv næringa utanriks sjøfart.

Eksporten av tenester til utlandet hadde i same periode ein verdi på 81,2 milliardar kroner. Underskotet på tenestebalansen var dermed på 15,8 milliardar kroner.

Forretningsmessig tenesteyting dominerte eksporten

Totalt eksporterte Noreg tenester for 28,6 milliardar kroner i 3. kvartal. I 2. kvartal var dette talet 26,5 milliardar kroner, ein auke på 7,8 prosent. Det er framleis tenestetypen forretningsmessige tenester som dominerer eksporten, med ein del på 29 prosent. Denne tenestetypen auka med 9,5 prosent i 3. kvartal til 8,3 milliardar kroner.

Eksport av petroleumstenester har falle dei to siste kvartala. I 3. kvartal enda talet på 4,4 milliardar kroner, mot nesten 5 og 4,6 milliardar kroner i dei to føregåande kvartala. Sjølv om tenester knytte til lufttransport, reiseverksemd og jernbane- og landtransport berre stod for 14 prosent av tenesteeksporten i 3. kvartal, auka desse tenestene mest.

Utviklinga i tenesteimporten har i same periode vore positiv, med vekst i dei fleste tenestetypane. Import av petroleumstenester har auka jamt frå byrjinga av året og nådde ein verdi på nesten 9 milliardar kroner i 3. kvartal. Denne tenestetypen dominerte importen og stod for om lag 24 prosent av tenesteimporten frå utlandet. Forretningsmessige tenester har auka med 22 prosent, opp frå 6,7 milliardar kroner i 2. kvartal til 8,2 milliardar kroner i 3. kvartal.

Utanrikshandel med tenester for 3. kvartal 2011, etter tenestetypar, millionar kroner
Tenestetypar Hittil i år 1. kvartal 2011 2. kvartal 2011 3. kvartal 2011
Tenestebalanse (Eksport-Import) -15 826 -1 667 -5 292 -8 867
         
Sum eskport 81 212 26 008 26 570 28 634
Leigearbeid og reparasjonar 9 883 3 020 3 425 3 438
Petroleumstenester 14 084 4 991 4 644 4 449
Bygge- og anleggstenester  901  278  259  364
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel 2 565  789  847  929
Jernbane- og landtransporttenester 2 614  863  667 1 084
Sjøtransporttenester 3 501 1 086 1 267 1 148
Lufttransporttenester 1 798  702  323  773
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd 5 069 1 614 1 324 2 131
Post- og teletenester 5 436 1 812 1 607 2 017
Leige av transportmidlar, maskiner og utstyr  922  319  309  294
IT-tenester 5 934 1 897 2 165 1 872
Forsking og utvikling (FoU) 2 112  877  584  651
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester 22 484 6 495 7 632 8 357
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport  659  223  201  235
Andre tenester 3 250 1 044 1 313  893
         
Sum import 97 038 27 675 31 862 37 501
Leigearbeid og reparasjonar 6 666 1 688 1 883 3 095
Petroleumstenester 23 641 6 746 7 950 8 945
Bygge- og anleggstenester 2 826  651 1 066 1 109
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel 2 733  786  705 1 242
Jernbane- og landtransporttenester 4 899 1 284 1 791 1 824
Sjøtransporttenester 4 255 1 061 1 876 1 318
Lufttransporttenester 1 605  492  503  610
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd 9 426 2 303 2 979 4 144
Post- og teletenester 4 583 1 717 1 331 1 535
Leige av transportmidlar, maskiner og utstyr 1 594  514  527  553
IT-tenester 5 652 1 859 1 742 2 051
Forsking og utvikling (FoU) 1 479  426  486  567
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester 20 186 5 250 6 728 8 208
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport 2 105  706  800  599
Andre tenester 5 389 2 190 1 498 1 701
Kilde:  Statistisk sentralbyrå.

Fall i tenesteeksporten frå industrinæringa

Ser vi på hovudgruppene av næringar, er eksport innanfor næringa fagleg, vitskapleg, teknisk og forretningsmessig tenesteyting framleis den største. Denne sektoren steig med nesten 21 prosent i 3. kvartal, og stod for 30 prosent av tenesteeksporten. Eksport av tenester innanfor industrisektoren, som er den nest største næringa, fall i same periode med 13,5 prosent. Transport og lagringssektoren auka derimot eksporten til utlandet, frå 2,2 milliardar kroner i 2. kvartal til 3,8 milliardar kroner i 3. kvartal.

På importsida har føretak innanfor bergverksdrift og utvinning dominert tenesteimporten i alle dei tre første kvartala i 2011. Næringa importerte tenester for 28,8 milliardar kroner dei tre første kvartala, i 3. kvartal aleine var importen på 11 milliardar kroner. Sektoren fagleg, vitskapleg, teknisk og forretningsmessig tenesteyting hadde ein vekst på nesten 44,5 prosent i 3. kvartal, frå 5,9 milliardar kroner til 8,6 milliardar kroner. Størst auke finn vi derimot innanfor sektoren varehandel som gjekk opp til 4,2 milliardar kroner i 3. kvartal, frå 1,9 milliardar kroner i 2. kvartal.

Utanrikshandel med tenester for 3. kvartal 2011, etter hovudnæringsgrupper, millionar kroner
Hovudnæringsgrupper Hittil i år 1. kvartal 2011 2. kvartal 2011 3. kvartal 2011
Tenestebalanse (Eksport-Import) -15 826 -1 667 -5 292 -8 867
         
Sum eksport 81 212 26 008 26 570 28 634
Bergverksdrift og utvinning 8 888 2 813 3 041 3 034
Industri 18 710 5 761 6 945 6 004
Varehandel 3 894 1 254 1 128 1 512
Transport og lagring 9 378 3 272 2 226 3 880
Informasjon og kommunikasjon 13 037 4 252 4 590 4 195
Fagleg, vitskapleg, teknisk, og forretningsmessig tenesteyting 23 444 7 599 7 178 8 667
Andre næringar 3 862 1 057 1 462 1 343
         
Sum import 97 038 27 675 31 862 37 501
Bergverksdrift og utvinning 28 820 7 650 10 098 11 072
Industri 12 281 3 064 4 556 4 661
Varehandel 8 584 2 448 1 899 4 237
Transport og lagring 9 933 3 035 3 540 3 358
Informasjon og kommunikasjon 13 071 4 708 4 223 4 140
Fagleg, vitskapleg, teknisk, og forretningsmessig tenesteyting 19 989 5 447 5 951 8 591
Andre næringar 4 360 1 322 1 596 1 442
Kilde:  Statistisk sentralbyrå.

Noreg handlar mest med EU-land

Det er framleis EU-landa, utanom Norden, som er Noregs viktigaste handelspartnarar når det gjeld tenestehandelen. I 3. kvartal stod denne regionen for vel 35 prosent av eksporten og 41,5 prosent av importen. Det tilsvarar verdiar på 10,1 og 15,6 milliardar kroner. I tillegg er og blir Norden ein viktig marknad for Noregs tenestehandel. Eksport til dei nordiske landa utgjorde i 3. kvartal 22 prosent, medan importen var på 30 prosent. Frå dei to føregåande kvartala synte 3. kvartal ei stabil utvikling i tenestehandelen med utlandet.

Utanrikshandel med tenester, etter verdsdel. Prosent

Statistikken gjennomgår ei metodeomlegging, difor er tal for næringa utanriks sjøfart inntil vidare tekne ut av den kvartalsvise publiseringa for 2011.

Om statistikkgrunnlaget

Frå og med 1. kvartal 2011 blir denne statistikken publisert kvartalsvis.

Denne publiseringa brukar SN 2007 som standard for næringsgruppering. Dette vil føre til nokre endringar i næringsplasseringa av visse føretak samanlikna med tidlegare publiseringar som vart baserte på SN 2002.

Statistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapen for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar og heller ikkje kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken, er ikkje direkte samanliknbare med tal frå utanriksrekneskapet. Sjå avsnittet Om statistikken.

Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken, som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, samt tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert òg gjeve eit oversyn over tenestehandel fordelt på verdsdelar.