54718_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
54718
Stigande import av tenester
statistikk
2011-12-16T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false

Utanrikshandel med tenester2. kvartal 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stigande import av tenester

Importen av tenester steig med 14,1 prosent frå 1. til 2. kvartal, medan eksporten eksklusive sjøfartsnæringa auka med 2,4 prosent.

Hittil i år har Noreg eksportert tenester for 53,5 milliardar kroner. Utviklinga i tenesteeksporten frå 1. til 2. kvartal har vore ujamn. Det var ei stigning på 10,3 prosent innanfor den store tenestetypen forretningsmessige tenester. Samtidig har det vore nedgang i fleire av tenestetypane som Noreg eksporterte til utlandet. Dei som har falle mest, er tenester relatert til lufttransport og jernbane- og landtransport. Desse tenestene utgjorde berre 6 prosent av total tenesteeksport til utlandet, men nedgangen her var stor.

Auke i tenesteimporten i 2. kvartal

Noregs import av tenester var på 58,9 milliardar kroner dei første to kvartala i år. Import av petroleumstenester utgjorde til saman nesten 25 prosent av den totale importen, og gjekk opp til 8 milliardar kroner i 2. kvartal, frå 6,8 milliardar i 1. kvartal. Andre tenester som auka mykje i 2. kvartal, var import av jernbane- og landtransporttenester og byggje- og anleggstenester.

Utanrikshandel med tenester for 2. kvartal 2011, etter tenestetypar, millionar kroner
Tenestetypar Hittil i år 1. kvartal 2011 2. kvartal 2011
Tjenestebalanse (Eksport-Import) -5 306 -1 034 -4 272
       
Sum eksport 53 557 26 456 27 101
Leigearbeid og reparasjonar 6 673 3 148 3 525
Petroleumstenester 9 876 4 933 4 943
Bygge- og anleggstenester  605  315  290
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel 1 593  764  829
Jernbane- og landtansporttenester 1 730 1 008  722
Sjøtransporttenester 2 213 1 118 1 095
Lufttransporttenester  933  574  359
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd 2 994 1 441 1 553
Post- og teletenester 3 186 1 671 1 515
Leige av transportmidlar, maskiner og utstyr  512  289  223
IT-tenester 4 280 2 051 2 229
Forsking og utvikling (FoU) 1 170  563  607
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester 13 696 6 514 7 182
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport  671  348  323
Andre tenester 3 425 1 719 1 706
       
Sum import 58 863 27 490 31 373
Leigearbeid og reparasjonar 3 684 1 588 2 096
Petroleumstenester 14 826 6 802 8 024
Bygge- og anleggstenester 1 545  643  902
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel 1 542  709  833
Jernbane- og landtansporttenester 2 980 1 239 1 741
Sjøtransporttenester 2 770 1 076 1 694
Lufttransporttenester  626  295  331
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd 5 078 2 390 2 688
Post- og teletenester 3 003 1 627 1 376
Leige av transportmidlar, maskiner og utstyr 1 054  542  512
IT-tenester 3 868 1 984 1 884
Forsking og utvikling (FoU) 1 079  536  543
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester 10 410 4 710 5 700
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport 1 647  787  860
Andre tenester 4 751 2 562 2 189
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå.

Tenestehandel etter hovudnæringar

Fagleg, vitskapleg, teknisk og forretningsmessig tenesteyting utgjorde Noregs klart største eksportnæring for tenester i 1. kvartal, med ein del på nesten 30 prosent. Denne gjekk ned 4,5 prosent i 2. kvartal. Eit anna kraftig fall har vorte registrert i transport og lagringssektoren, på nesten 30 prosent.

På importsida har næringa bergverksdrift og utvinning vore den største i begge kvartal, og auka med 2,5 milliardar i 2. kvartal. Innanfor industrinæringa importerte norske ikkje-finansielle føretak tenester for 4,4 milliardar kroner, som er en auke på nesten 1,4 milliardar kroner frå førre kvartal.

Utanrikshandel med tenester for 2. kvartal 2011, etter hovudnæringsgrupper, millionar kroner
Hovudnæringsgrupper Hittil i år 1. kvartal 2011 2. kvartal 2011
Tjenestebalanse (Eksport-Import) -5 306 -1 034 -4 272
       
Sum eksport 53 557 26 456 27 101
Bergverksdrift og utvinning 6 038 2 813 3 225
Industri 13 401 6 178 7 223
Varehandel 2 363 1 253 1 110
Transport og lagring 5 610 3 272 2 338
Informasjon og kommunikasjon 8 861 4 268 4 593
Faglig, vitenskapelig, teknisk, og forretningsmessig tjenesteyting 14 882 7 610 7 272
Andre næringar 2 402 1 062 1 340
       
Sum import 58 863 27 490 31 373
Bergverksdrift og utvinning 17 762 7 650 10 112
Industri 7 498 3 066 4 432
Varehandel 4 341 2 291 2 050
Transport og lagring 6 589 3 035 3 554
Informasjon og kommunikasjon 8 928 4 724 4 204
Faglig, vitenskapelig, teknisk, og forretningsmessig tjenesteyting 11 207 5 476 5 731
Andre næringar 2 538 1 248 1 290
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå.

Utanrikshandel med tenester, etter verdsdel. Prosent

Størst tenestehandel med EU utanom Norden

Dei to første kvartala i 2011 synte at Noregs viktigaste handelspartnarar med tenester var EU utanom Norden. Totalt hittil i år eksporterte Noreg tenester for 17 milliardar kroner til EU-land utanom Norden og importerte tenester for nesten 24 milliardar kroner.

Tal for næringa utanriks sjøfart er ikkje med i denne publiseringa på grunn av ei metodeomlegging. Eksporttala for sjøfart vil bli inkluderte når arbeidet med omlegginga er ferdig. Då vil dei publiserte tala bli oppdaterte med tal for næringa utanriks sjøfart.

Om statistikkgrunnlaget

Frå og med 1. kvartal 2011 blir denne statistikken publisert kvartalsvis.

Denne publiseringa brukar SN 2007 som standard for næringsgruppering. Dette vil føre til nokre endringar i næringsplasseringa av visse føretak samanlikna med tidlegare publiseringar som vart baserte på SN 2002.

Statistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapen for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar og heller ikkje kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken, er ikkje direkte samanliknbare med tal frå utanriksrekneskapen. Sjå avsnittet "Om statistikken".

Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken, som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, samt tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert òg gjeve eit oversyn over tenestehandel fordelt på verdsdelar.