Sykkel-VM sikra overnattingsauke i Hordaland

Publisert:

Endret:

Hotellovernattingar i Hordaland auka 13 prosent under sykkel-VM i september 2017. Utanlandske overnattingar stod for 34 prosent1 av auken.

Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland
September 2016 September 2017
I alt 2022447 2132559
Noreg 1487698 1580781
Utlandet 534749 551778

Rombelegg i Hordaland har derimot falle ned 3,2 prosentpoeng i september i år tross auken i overnattingar. Dette bør ein sjå i samanheng med at det var fleire hotell i Hordaland i september i år. Losjiomsettinga og prisen per rom i Hordaland auka med høvesvis 38 og 21 prosent i september 2017. 

Hotella i alle fylke utanom Troms og Østfold hadde fleire overnattingar i september i år enn i fjor. Hordaland hadde den største absolutte auken med 31 000 overnattingar, medan Vestfold hadde den største relative auken på hele 38 prosent.

5 prosent fleire hotellovernattingar

I september 2017 var det 2,1 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette var 5 prosent fleire enn september 2016. Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp 6 prosent medan utanlandske overnattingar gjekk opp 3 prosent.

Sett i høve til september 2016, gjekk losjiomsettinga på hotella opp med 11 prosent. Gjennomsnittsprisen per rom var 991 kroner i september i år, noko som er 7 prosent høgare samanlikna med september 2016.

Færre campingovernattingar1

  • 424 000 overnattingar i september 2017
  • 2 prosent nedgang sidan september 2016
  • Norske overnattingar gjekk ned 8 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 30 prosent

Fleire overnattingar på hyttegrendene

  • 201 000 overnattingar
  • 7 prosent oppgang frå september 2016
  • Norske overnattingar gjekk opp 5 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 11 prosent

Overgang til Altinn gjev usikre tal i ein overgangsfase

Tala i overnattingsstatistikken er henta frå ei månadleg undersøking der så å seie alle kommersielle overnattingsaktørar skal rapportere til SSB. Alle undersøkingar er hefta med ein viss grad av uvisse. Feil- og manglande rapportering er vanlege feilkjelder som gjer at tala vert hefta med ein grad av uvisse. SSB arbeider for å gjere innrapporteringa enklare og datakvaliteten betre. Frå og med januar 2017 er rapporteringa til overnattingsstatistikken lagt om til Altinn, og i samband med omlegginga er det gjort nokre endringar i skjema. Det syner seg etter kvart at desse endringane har vore litt krevjande for nokre av rapportørane, noko som kan ha medført feil i innrapporteringa. Sjølv om SSB korrigerer tydelege feil, kan det i denne overgangsfasen vere noko meir uvisse knytta til dei publiserte tala. SSB arbeider kontinuerleg for å betre innrapporteringa, og kvaliteten på statistikken vil gradvis bli betre enn det som vart samla inn før overgangen til Altinn. Det er òg høve til å rapportere via sluttbrukarsystem (typisk bookingsystem). Ved overgang til Altinn, måtte det gjerast endringar i systema. Dette har vore krevjande og har tatt langt meir tid enn forventa.

Overnattingar skal rapporterast etter gjesten sitt bustadland. I hotellstatistikken har SSB registrert at «Europa elles» har auka, og det er mistanke om at for å gjere rapporteringa enklare, har mange ført for høge tal her. Ved overgangen til Altinn, utvida SSB landlista og fjerna etter ønske frå brukarane «Europa elles». Ei kartlegging gjort i vår og i sommar, viser at ein del hotell som tidlegare nytta «Europa elles», no har ført overnattingar med usikre bustadland som norske overnattingar. Dette kan ha gitt ein for stor nedgang i utanlandske overnattingar frå Europa, og tilsvarande for høge tal på norske overnattingar. Tala for Noreg og «Europa elles» i 2017 kan ikkje direkte samanliknast med tidlegare år. Det er heller ikkje sikkert at dei tala som tidlegare vart rapportert på «Europa elles» var korrekte tal.

Ved overgang til Altinn vart skjema utvida til å ta med spørsmål om talet på komne gjestar ved campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar. I tillegg har det vorte lagt inn fleire hjelpefelt for omrekning frå einingsdøgn til gjestedøgn og gjestedøgn og sesongkontraktar på campingskjemaet. Desse endringane skal vere med på å auke kvaliteten i tala, og det kan vere utfordringar ved å samanlikne tala på mindre regionale nivå, særleg for campingplassane.

1 Tekst og tall er rettet.

Kontakt