84793_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/museer/arkiv
84793
48 millionar gjenstandar i norske museer
statistikk
2012-06-14T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Svalbard
no
museer, Museum og samlingar, museumsbesøk, utstillingar, gjenstandar, kulturhistoriske bygningar, sysselsette, inntekter, utgifterKultur og fritid, Kultur, Kultur og fritid, Svalbard
false

Museum og samlingar2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

48 millionar gjenstandar i norske museer

I 2011 var det registrert om lag 48 millionar gjenstandar eller objekt i samlingane til dei norske musea. Med nokre få unnatak veks talet på gjenstandar for kvart år. Frå 2010 har talet auka med 13 prosent, og frå 2006 har det auka med 39 prosent.

Når det gjeld kunsthistoriske gjenstandar, var det 640 000 i dei norske musea i 2011. Talet auka med 200 000 frå året før, men over halvparten av auken kjem på grunn av ein forbetra teljemåte ved Nasjonalmuseet for kunst. Det var over 4,6 millionar arkeologiske gjenstandar i musea i 2011, ein auke på 5 prosent, frå 2010. Talet på kulturhistoriske gjenstandar har halde seg stabilt på 3,6 millionar dei siste to åra. Dei naturhistoriske gjenstandane har auka med 2 prosent, og det var i 2011 over 10 millionar gjenstandar.

Dei norske musea hadde nær 30 millionar fotografi i 2011. Talet har auka med nær 5 millionar frå 2010, men over halvparten av dette kjem av ein ny standardiseringsmåte for teljing av samlingane ved eit museum i Akershus.

Musea i Noreg forvaltar nær 5 000 kulturhistoriske bygningar, og over 2 900 av desse er opne for publikum. Det er omtrent det same talet som året før. Frå 2006 utgjer det ein auke på nær 90 kulturhistoriske bygningar, medan det er ein nedgang på 17 opne kulturhistoriske bygningar.

Museum og samlingar. Storleik på samlingane. 2007-2011. Millionar gjenstandar/objekt

Over 2 900 utstillingar

Det var over 2 900 utstillingar i dei norske musea i 2011, ein auke på 1 prosent frå året før. Musea i Møre og Romsdal, Finnmark og Troms hadde størst auke i talet på utstillingar på 11 til 12 prosent. Dei siste fem åra har musea i Oslo og Nordland hatt flest utstillingar, og i 2011 hadde desse musea høvesvis 396 og 326 utstillingar.

Det har vore ein liten auke i talet på basisutstillingar. Dei utgjer over halvparten, eller 55 prosent, av alle utstillingane i musea. Talet på temporære utstillingar og eigenproduserte vandreutstillingar i drift har derimot gått litt ned. Desse utstillingstypane utgjorde i 2011 høvesvis ein tredjedel og ein tiendedel av alle utstillingane.

Sidan 2006 har talet på utstillingar auka med 200, det svarar til 7 prosent. Størst auke i prosent finn ein i musea i Møre og Romsdal, Troms og Oslo, med høvesvis 46, 35 og 31 prosent sidan 2006.

Stabilt tal på museumsbesøk dei to siste åra

Musea hadde til saman 10,6 millionar besøk i 2011. Det er omtrent det same som i 2010. Musea i Troms, Vest-Agder og Buskerud hadde i prosent høgast auke i talet på besøkjande frå 2010 til 2011, med høvesvis 27, 13 og 11 prosent.

Sett i eit femårsperspektiv, frå 2006 til 2011, så har det vore ein auke på 1,2 millionar besøk, eller 13 prosent, på musea i Noreg. Troms, Sør-Trøndelag og Østfold hadde den høgaste auken i prosent, med høvesvis 98, 51 og 50 prosent.

Museum og samlingar. Endringar i talet på besøk, etter fylke. 2010-2011 og 2006-2011. Prosent

Nær 50 prosent auke i offentlege løyvingar dei siste fem åra

I 2011 var dei offentlege løyvingane på 2,8 milliardar kroner. Det er ein auke på 170 millionar kroner, eller 7 prosent, frå 2010. Sidan 2006 har auken vore på 900 millionar, eller 48 prosent.

Nær 4 000 årsverk

Det vart utført nær 4 000 årsverk i musea i 2011. Frå 2006 er dette ein auke på nær 400 årsverk, eller 11 prosent. Nær 3 800 årsverk var lønte, og dette utgjer 95 prosent av dei totale årsverka. Dei siste fem åra har delen av dei lønte årsverka vore den same. Det vil seie at om lag 5 prosent av årsverka i musea har vore frivillig arbeid. Litt over 2 800 av årsverka var faste, dette utgjer 75 prosent av dei lønte årsverka. Frå 2006 utgjer dette ein auke på 1 prosentpoeng, noko som seier at det er ein liten auke i delen av fast stillingar.

Færre administrative einingar

Det var 134 administrative einingar blant dei norske musea i 2011. Dette er ein reduksjon på 23 prosent sidan 2006. Samanlikna med 2010 var det ein nedgang på berre tre administrative einingar. Med andre ord har samanslåingar under museumsreforma gått betrakteleg ned.

Tabeller: