262649
/kultur-og-fritid/statistikker/kultur_kostra/aar
262649
4 prosent til kulturføremål
statistikk
2016-06-22T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Offentlig sektor
no
kultur_kostra, Kulturtilbod, bibliotek, idrett, musikkskoler, kino, kunst, museum, driftsutgifterKultur, KOSTRA, Kultur og fritid, Offentlig sektor
true
Kulturtilbod i kommunar og fylkeskommunar. Norske kommunar brukte til saman 10,6 milliardar kroner av deira netto driftsutgifter til kulturfåremål i 2015.

Kulturtilbod2015

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

4 prosent til kulturføremål

Norske kommunar brukte i gjennomsnitt 3,8 prosent av dei samla netto driftsutgiftene til kulturføremål i 2015. Til saman utgjer dette 10,6 milliardar kroner eller 2 030 kroner per innbyggjar til kultur i kommune-Noreg i 2015.

Kulturtilbod i kommunar og fylkeskommunar
Millionar kroner
20142015
Kommunanes netto driftsutgifter til kultur, konsern10 37910 585
Fylkeskommunanes netto driftsutgifter til kultur, konsern1 5871 500
Kroner
Kommunanes netto driftsutgifter til kultur per innbyggjar, konsern2 0092 030
Fylkeskommunanes netto driftsutgifter til kultur per innbyggjar, konsern307288

Sidan 2014 har netto driftsutgifter til kultur auka 1,7 prosent, men delen av kommunanes netto driftsutgifter til kultur har låge stabilt på 3,8 prosent siste året . Størst prosentvis auke finn ein i netto driftsutgifter til andre kulturaktivitetar, inkludert kommunale kulturbygg, med 8,1 prosent. Kommunane brukte 2,5 milliardar i 2015 på andre kulturaktivtetar, noko som utgjer 23,6 prosent av den totale kulturkaka. Høgast del av kulturpengane gjekk til idrett, med 31,9 prosent, eller 3,4 milliardar kroner. Delen som gjekk til idrettsføremål er likevel 0,6 prosentpoeng lågare i 2015 samanlikna med 2014.

Mindre til barn og unge

Utgiftene til aktivitetstilbod til barn og unge, folkebibliotek og musikk- og kulturskoler gjekk ned med høvesvis 1,8 prosent, 1,2 prosent og 4 prosent. Folkebibliotek og kommunale musikk- og kulturskolar fekk om lag like stor del av dei totale netto driftsutgiftene til kultur med 13 prosent.

Dei gjennomsnittlege kulturutgiftene per innbyggjar var 2 030 kroner i 2015, ein auke på 21 kroner per innbyggjar samanlikna med 2014. Dette er den lågaste auka i kroner per innbyggjar på fleire år.

Fylkeskommunane brukte 1,5 milliardar

Fylkeskommunane brukte 1,5 milliardar kroner til kulturføremål i 2015. Dette utgjorde 1,6 prosent av dei totale netto driftsutgiftene til fylkeskommunane og er ein reduksjon på 0,2 prosentpoeng i høve til året før. Kronebeløpet per innbyggjar gjekk òg ned med 19 kroner, frå 307 kroner til 288.

Av pengane fylkeskommunane brukte til kulturføremål, gjekk 400 millionar kroner til kunstformidling og 401 millionar kroner til musea. Bibliotek fekk med 142 millionar kroner lågast del av kulturmidlane frå fylkeskommunane.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB