23448_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/komregsys/arkiv
23448
Sterkt aukande sysselsetjing i barnehagane
statistikk
2008-06-16T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)KOSTRA, Offentlig forvaltning , Sysselsetting, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
false

Sysselsette i kommunal sektor2007, 4. kvartal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sterkt aukande sysselsetjing i barnehagane

Sysselsetjinga i kommunal sektor auka med 3,6 prosent frå 2006 til 2007. Størst auke i avtalte årsverk finn ein i barnehagane, med ein vekst på over 11 prosent frå 2006.

Kommunane og fylkeskommunane sysselsette til saman 472 461 personar i 2007, svarande til 364 066 årsverk. Av dei sysselsette var 90 prosent tilsette i kommunane.

Sysselsette, avtalte årsverk og avtalte årsverk eksklusive lange fråvær i kommunane og fylkeskommunane1. 4. kvartal 2005, 2006 og 2007
  2005 2006 2007 Endring
2006-2007
     Prosentvis
endring
2006-2007
I alt i kommune og fylkeskommune          
Sysselsette       450 564       456 312       472 461           16 149           3,5
Avtalte årsverk  340 846  350 886  364 066 13 180 3,8
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvær  308 599  317 620  329 579 11 960 3,8
           
Kommune          
Sysselsette  406 789  411 396  426 152 14 756 3,6
Avtalte årsverk  303 371  312 249  324 611 12 361 4,0
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvær  273 616  281 527  292 706 11 180 4,0
           
Fylkeskommune          
Sysselsette 43 775 44 916 46 309 1 393 3,1
Avtalte årsverk 37 475 38 637 39 456  818 2,1
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvær 34 983 36 093 36 873  780 2,2
1  Oslo er berre inkludert i fylkeskommunane for videregåande opplæring.

Avtalte årsverk i fylkeskommunane, etter område. 2007. Prosent

Avtalte årsverk i kommunane, etter område. 2007. Prosent

Helse- og sosialtenestene er framleis det største området innanfor kommunal sektor, med 42 prosent av dei avtalte årsverka. Grunnskulen har 27,3 prosent og barnehagane har 10,9 prosent av dei avtalte årsverka.

Barnehagane er òg det området etter helse- og sosialtenester der sysselsetjinga har auka mest i absolutte tal, med ein auke på vel 3 500 årsverk.

Auke i avtalte årsverk i pleie og omsorg

Auken i avtalte årsverk i pleie og omsorg i kommunal og privat sektor var på 4,4 prosent samanlikna med 2006. Talet på årsverk er no 118 208. Dersom ein ser på dei ulike gruppene av personell, er det i første rekkje årsverk utførte av personar med helse- eller sosialfagleg utdanning som aukar. Men det er òg vekst i avtalte årsverk utført av dei utan helseutdanning som arbeider innanfor området.

Fylkeskommunane har flest årsverk i vidaregåande opplæring

Fylkeskommunane sysselsette 46 309 personar, svarande til 39 456 årsverk. 83,4 prosent av dei avtalte årsverka i fylkeskommunane er i tilknyting til vidaregåande opplæring, medan 9,9 prosent er i tilknyting til administrasjon. I tala for fylkeskommunane er Oslo med under tenester innanfor vidaregåande opplæring. Oslo er elles berre med i kommunetala. Tannhelsetenesta i einskilde fylke er organisert som eigne føretak og er difor ikkje med i tala for fylkeskommunane, men desse føretaka er rekna med når ein lagar tal for kommunar og fylke som konsern.

Tabeller: