[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 18, 1999

Foreldrebetalingsundersøkinga for barnehagar, januar 1999:

Sogn og Fjordane rimelegast dersom ein tener bra


For familiar med 375 000 kroner i inntekt og eitt barn i barnehage, er det barnefamiliar busette i Sogn og Fjordane som har rimelegast barnehageplass. Med bruttoinntekt på 100 000 kroner er det Akershus som er rimelegast.

Barnehagetakstane varierer sterkt etter kva for del av landet ein bur i. Med eitt barn i barnehage og bruttoinntekt på 375 000 kroner varierer årsbetalinga mellom 28 296 kroner i Sogn og Fjordane og 37 455 kroner i Oslo.

Med bruttoinntekt på 100 000 kroner betalar ein under 8 000 kroner i året i Akershus og Oslo. I dei tre dyraste fylka, Nord-Trøndelag, Oppland og Møre og Romsdal, må ein ut med over 30 000 kroner i året for ein plass i kommunal barnehage.

Gradering etter inntekt

Grunnen til at det er så stor forskjell i betalingssatsane, er kommunane sitt val av betalingssystem. I overkant av halvparten av kommunane har flate betalingssatsar, medan resten har satsar gradert etter inntekt.

Ser ein på dei rimelegaste kommunane i utvalet, er det tre kommunar som tilbyr gratis plass til barn frå husstandar med bruttoinntekt på 100 000 kroner.
Dette står i sterk kontrast til dei dyraste kommunane der same husstand må ut med over 35 000 kroner i året. Men kombinasjonen av låg inntekt og høg foreldrebetaling fører ofte til at husstandane i mange tilfelle kjem inn under ulike økonomiske støtteordningar. Dette ser ein ved at om lag 69 prosent av kommunane tilbyr friplass eller rabatt etter særskilt behandling.

Private barnehagar

For familiar med inntekt på 375 000 kroner viser undersøkinga liten skilnad i årsbetalinga mellom private og kommunale barnehagar i dei største byane. Eit unntak er Stavanger, der heildagsopphald i kommunal barnehage er klart rimelegare enn i privat. For familiar med 100 000 kroner i inntekt er det lønsamt med kommunal barnehageplass i Oslo, Bergen og Stavanger. Desse kommunane har eit betalingssystem som er gradert etter inntekt. I dei private barnehagane nyttar ein flate satsar, noko som fører til relativt høge prisar for låginntektsgruppa. I Bodø og Trondheim er det berre små skilnader mellom dei private og dei kommunale barnehagesatsane, same kva for inntektsnivå hushalda har.

Om statistikken

Undersøkinga er halvårleg og kartlegg betalingssatsar for heildagsopphald i barnehage for hushald med brutto årsinntekt på 100 000, 250 000 og 375 000 kroner. Utvalet dekkjer 109 kommunar, det vil seie Oslo og seks kommunar frå kvar av dei 18 andre fylka i landet. Private barnehagar er inndelte etter område, der Oslo, Stavanger, Bergen, Trondheim og Bodø med omland er nytta. Private barnehagar er utan kommunal støtte.

Ny statistikk
Foreldrebetalingsundersøkinga for barnehagar, januar 1999.
Statistikken kjem ut i Ukens statistikk i mai og november kvart år. Undersøkinga blir gjennomført for Barne- og familiedepartementet. Meir informasjon: Kari-Anne.Hovland@ssb.no, tlf. 21 09 47 22, eller Frode.Bendiksen@ssb.no, tlf. 21 09 44 27.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 18, 1999 [an error occurred while processing this directive]