[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 42, 1998

Produsentprisindeksen, per 15. september 1998:

Auka råoljepris


Produsentprisindeksen totalt steig frå 162,4 i august til 163,0 i september. Dette er ein oppgang på 0,4 prosent. Auke i prisane på råolje og raffinerte oljeprodukt bidrog i all hovudsak til oppgangen. Frå september fjor til september i år steig prisane med 0,7 prosent, etter 0,1 prosent i august.
I løpet av september auka råoljeprisen (Brent Blend) både i dollar og kroner per fat. Etter å ha vore på 11 til 12 dollar per fat i fleire veker, auka råoljeprisane i slutten av denne månaden til over 14 dollar. På det høgaste var prisnoteringa rett under 15 dollar per fat.

I september var gjennomsnittleg pris for råolje på 13,20 dollar per fat, noko som svarar til vel 100 norske kroner ved bruk av gjennomsnittleg valutakurs for månaden. Men enno er prisane mellom 25 og 30 prosent lågare enn i fjor.

Svak auke i industrien sine prisar
Industrien sine produsentprisar steig med 0,2 prosent frå august til september. Tolvmånadersveksten var på 0,9 prosent i september, svakt opp jamført med august som hadde ein vekst på 0,7 prosent. Det sterkaste bidraget kjem, ikkje uventa, frå oljebaserte produkt. Auken frå august til september for gruppa produksjon av kjemiske produkt, mineralolje-, kol-, gummi- og plastprodukt var 1,0 prosent etter en nedgang på 0,6 prosent i august. Tolvmånadersendringa viste nedgang på 3,9 prosent, etter en nedgang på 5,2 prosent førre periode.

Gruppa produksjon av metall hadde òg ein auke, sjølv om prisane på dei internasjonale råvarebørsane har falle. Prisoppgangen i gruppa kjem fyrst og fremst av at metalla vert noko tilverka, og at produsentane har ulike sikringsavtalar på pris og valuta.

I motsett retning trekte prisane på næringsmidlar, drikkevarer og tobakk. Her var det mellom anna reduserte prisar på lam og sau som var viktige. Alt i alt vart det for gruppa ein nedgang på 0,3 prosent frå august til september. Endringa på tolvmånadersbasis vert 3,1 prosent, etter 3,3 førre månad.

Om statistikken
Produsentprisindeksen måler prisutviklinga på produkt laga i oljeutvinning, bergverksdrift, industri og kraftforsyning. Det vert henta inn prisar ved sal til norsk marknad og/eller eksport. Alle prisar skal vere utan vareavgifter og meirverdiavgift, og dei skal vere gjeldande pris per 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er nasjonalrekneskapen sine tal for 1979. Undersøkinga inkluderer om lag 1 300 representantvarer fordelt på om lag 500 bedrifter. I dei månadlege utrekningane inngår om lag 2 000 prisobservasjonar. Svarprosenten er på vel 90 kvar månad. Statistikken er under omarbeiding.

Ny statistikk
Produsentprisindeksen, per 15. september 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Erik.Skauen@ssb.no, tlf. 21 09 48 91.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 42, 1998 [an error occurred while processing this directive]