[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 13, 1998

Investeringstiltak i jordbruket, 1997:

Auka miljøtilskott i 1997


Det vart i 1997 godkjend 2100 planar om investeringsstøtte til miljøtiltak i jordbruket. Dette er ein auke på 500 planar frå 1996.
Innvilga tilskott til miljøtiltak i jordbruket auka frå 71 millionar kroner i 1996 til 95 millionar i 1997, ein auke på 34 prosent. Det er særleg omfanget av planar som omfattar gjødsellager og anlegg for silo og pressaft som aukar. Det vart i 1997 godkjend 1 385 planar som omfatta gjødsellager, 439 fleire enn året før. For silo- og presssaftanlegg vart det godkjend 770 planar. Dette er 210 fleire enn i 1996.

67 millionar kroner vart utbetalt i investeringsstøtte til miljøtiltak i jordbruket i 1997. Nord-Trøndelag fekk mest støtte, med 12,9 millionar kroner.

Den sterke auken i talet på godkjende planar frå 1997 til 1998 har samanheng med omlegging av tilskottsordninga frå og med 1998. Gjødsellager, mjølkeromsavløp og silo- og pressaftanlegg kjem frå og med 1998 inn under ordninga med bygdeutviklingsmidlar.

Tabeller

  • Tabell 1. Tekniske miljøtiltak. Utbetalt tilskott fordelt på type tiltak. Fylke
  • Tabell 2. Tekniske miljøtiltak. Godkjende planar(1). Innvilga tilskott. Fylke

    Om statistikken
    Statistikken over investeringsstøtte til miljøtiltak i jordbruket byggjer på søknader som Landbruksdepartementet samlar inn. Tilskotta vert gitt etter nærare retningsliner fastsett av Landbruksdepartementet.

    Ny statistikk

    Investeringstiltak i jordbruket, 1997.
    Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Berit Bjørlo, tlf.62 88 55 07, e-post: berit.bjorlo@ssb.no.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 13, 1998