[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 23, 1997

Sjølvmeldingsstatistikk for folketrygdpensjonistar, 1995:

Lågare renter gav inntektsnedgang for minstepensjonistar


Minstepensjonistane hadde i 1995 ei gjennomsnittleg bruttoinntekt, målt i faste prisar, som var 2 300 kroner, eller 3,1 prosent lågare enn i 1993. Reduserte renteinntekter var den viktigaste årsaka til den dårlege inntektsutviklinga. I gjennomsnitt hadde alderspensjonistar som berre hadde minstepensjon ei bruttoinntekt på 71 300 kroner i 1995.
Også alderspensjonistar med tilleggspensjon frå folketrygda hadde lågare bruttoinntekt i 1995 enn to år tidlegare. Alderspensjonistane hadde dermed ei utvikling i skattepliktig bruttoinntekt som var klart dårlegare enn det personar som var yrkestilknytta hadde. Personar som var tilsette, det vil seie at dei hadde lønn som største inntektskjelde, hadde til dømes ein realvekst i bruttoinntekta på 2,5 prosent frå 1993 til 1995, medan tilsvarande auke for alle vaksne personar var 3,7 prosent.

Reduserte kapitalinntektene med 3 000 kroner
Den viktigaste årsaka til den dårlege inntektsutviklinga til alderspensjonistane var først og fremst reduserte kapitalinntekter (renter). Mellom 1993 og 1995 fekk til dømes alderspensjonistar med minstepensjon redusert kapitalinntektene med om lag 3 000 1995-kroner. Nedgangen i kapitalinntektene kjem av lågare innskotsrenter etter rentefallet i 1993.

Den andre store gruppa av folketrygdpensjonistar er uførepensjonistar. Også denne gruppa hadde ei svak utvikling i bruttoinntektene mellom 1993 og 1995, med ein realvekst på berre 1 prosent. Gjennomsnittleg bruttoinntekt for alle uføre var 117 200 kroner i 1995.

Store skilnader mellom kvinner og menn
Det er store skilnader i inntektsnivået mellom kvinner og menn blant folketrygdpensjonistane. Dei største skilnadene finn ein blant alderspensjonistane. Her hadde kvinnene i 1995 ei gjennomsnittleg bruttoinntekt som berre utgjorde 61 prosent av mennene si inntekt, og skilnaden mellom dei har blitt noko større sidan 1993, då tilsvarande tal var 62 prosent.

Skilnaden mellom kvinner og menn er mindre blant uførepensjonistar. Her hadde kvinnene ei inntekt som var 73 prosent av mennene sitt nivå, og for desse har skilnaden blitt noko mindre sidan 1993 då tilsvarande tal var 72 prosent. Den jamnaste fordelinga finn ein blant attlevandepensjonistar. Her har kvinnene ei bruttoinntekt som var nesten like høg som det mennene hadde (94 prosent). Attlevandepensjonistar er likevel ei svært lita gruppe av folketrygdpensjonistane, berre 31 000 personar i 1995.

Det er og stor skilnad i inntektsnivået mellom pensjonistar med og utan tenestepensjon. I 1995 var det 281 000 alderspensjonistar som ikkje mottok tenestepensjon, livrente eller utbetalingar frå eiga pensjonsforsikring. Dette var 46 prosent av alle alderspensjonistane. Desse hadde ei gjennomsnittleg bruttoinntekt på 79 400 kroner, som berre var 55 prosent av det som alderspensjonistane med tenestepensjon hadde.

Dei fleste uførepensjonistane hadde ikkje tenestepensjon i 1995 (63 prosent). Inntektsskilnadene mellom dei som hadde og dei som ikkje hadde tenestepensjon var heller ikkje så store som for alderspensjonistane.
Uførepensjonistar med tenestepensjon hadde i gjennomsnitt ei bruttoinntekt som var 65 prosent av det dei med tenestepensjon hadde.

I 1995 utgjorde folketrygda 2/3 av alderspensjonistane si bruttoinntekt. Den viktigaste inntekta ved sida av folketrygda var tenestepensjon med vidare som utgjorde 17 prosent av bruttoinntekta. Renteinntektene utgjorde 7 prosent av alderspensjonistane si bruttoinntekt i 1995. For uførepensjonistar var over 70 prosent av bruttoinntekta folketrygd. Den viktigaste tilleggsinntekta for uførepensjonistar var lønn (12 prosent).

Attlevandepensjonistar har på si side ei heilt anna inntektssamansetjing enn alders- og uførepensjonistar. For desse er det lønnsinntekt som er størs-te inntektskjelde (45 prosent), medan folketrygda berre utgjer 28 prosent av bruttoinntekta. Inntektsnivået til attlevandepensjonistar er også klart høgare, samanlikna med andre typar folketrygdpensjonistar.

Om statistikken
Eininga i statistikken er personar som ifølgje Rikstrygdeverket er mottakarar av alders-, uføre- eller attlevandepensjon frå folketrygda ved utgangen av inntektsåret, og som er busette i landet. Nokre av dei kan ha vore yrkesaktive delar av året. Befolkninga som inngår i statistikken er alle busette folketrygdpensjonistar (872 500 personar), bortsett frå etterlatne familiepleiarar og barnepensjonistar. Til samanlikning blir det og gitt tal for alle busette personar 17 år og over, og etter deira sosioøkonomiske status. Sosioøkonomisk status blir bestemt ut ifrå kva type inntekt som er størst. For personar som er klassifiserte som tilsette vil til dømes største inntektskjelde vere lønn, medan næringsdrivande vil ha næringsinntekt som største inntektskjelde, og så vidare. Statistikken gjev opplysningar om inntekter og frådrag som er henta frå skattelikninga. Storleiken på beløpa vil difor vere bestemt av gjeldande skattereglar og likningspraksis. Skattefrie inntekter kjem ikkje med i statistikken.

Ny statistikk

Sjølvmeldingsstatistikk for folketrygdpensjonistar, 1995.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk. Meir informasjon: Grethe Sparby, tlf. 62 88 52 41, e-post: gsp@ssb.no eller Jon Epland, tlf. 62 88 52 37, e-post: jep@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 23, 1997