Færre nye føretak

Publisert:

I 3. kvartal i år vart det registrert 14 781 nye føretak. Samanlikna med 3. kvartal i fjor er dette ein nedgang på 2,3 prosent. Nedgangen i absolutte tal var størst i Akershus.

I Akershus var det 111 færre nye føretak enn i 3. kvartal 2016. Den største prosentvise nedgangen var i Aust-Agder, Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal med høvesvis 12,3, 12,2 og 11,6 prosent. I nokre fylke gjekk derimot talet på nye føretak opp. Størst auke i absolutte tal var det i Rogaland, Sogn og Fjordane og Østfold.

Av dei nye føretaka var det 56,9 prosent einskildpersonføretak og 40,2 prosent aksjeselskap. Talet på nye einskildpersonføretak gjekk ned med 5,8 prosent frå 3. kvartal 2016 til 3. kvartal 2017. I same perioden gjekk talet på nye aksjeselskap (AS) opp med 3,9 prosent.

Figur 1. Nye føretak utanom offentlig forvaltning og primærnæringane
Figur 1. Nye føretak utanom offentlig forvaltning og primærnæringane
Nye føretak
3. kv. 2008 11278
3. kv. 2009 10892
3. kv. 2010 11764
3. kv. 2011 11858
3. kv. 2012 12885
3. kv. 2013 13293
3. kv. 2014 13869
3. kv. 2015 14522
3. kv. 2016 15123
3. kv. 2017 14781

Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

Kontakt