304896
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
304896
statistikk
2017-12-04T08:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
true

Utanrikshandel med tenester

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

– 3,3

eksportverdi, endring i prosent frå same kvartal forrige år

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Millioner kroner
3. kvartal 2017Endring i prosent
2. kvartal 2017 - 3. kvartal 20173. kvartal 2016 - 3. kvartal 2017
Eksport49 988-5,0-3,3
Import58 173-0,1-3,8

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype
3. kvartal 20173. kvartal 2017Endring i prosentEndring i prosent
Millionar kronerAndel2. kvartal 2017 - 3. kvartal 20173. kvartal 2016 - 3. kvartal 2017
Eksport
Alle tenester49 988100,0-5,0-3,3
Leigearbeid og reparasjonar3 6827,4-8,911,6
Petroleumstenester4 6469,3-14,5-14,4
Byggje- og anleggstenester3470,7-15,0153,3
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel6121,2-12,827,0
Sjøtransporttenester18 86337,7-3,88,0
Luft- og landtransporttjenester2 4885,0-1,3-6,4
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd2 8815,87,0-9,6
Post- og teletenester1 8133,6-15,0-29,5
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr1 3282,7-16,4-53,7
IT-tenester2 6135,22,82,5
Forsking og utvikling (FoU)8511,7-6,727,4
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester7 81815,6-3,1-3,7
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport2030,481,310,9
Andre tenester1 8433,7-0,6-11,6
 
Import
Alle tenester58 173100,0-0,1-3,8
Leigearbeid og reparasjonar2 7534,70,5-18,3
Petroleumstenester7 75813,3-4,40,2
Byggje- og anleggstenester8161,49,876,6
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel1 4312,5-22,9-23,4
Sjøtransporttenester5 1468,8-3,3-18,6
Luft- og landtransporttjenester3 3345,716,732,1
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd9 29716,06,81,2
Post- og teletenester1 6532,8-16,3-27,6
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr5 91710,20,4-28,6
IT-tenester4 7988,24,3-0,3
Forsking og utvikling (FoU)6971,210,510,1
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester10 33717,8-2,57,8
 1 1412,0-1,634,6
Andre tenester3 0995,32,620,1

Tabell 2 
Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter næring

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter næring
3. kvartal 2017Endring i prosent
Millionar kronerAndel2. kvartal 2017 - 3. kvartal 20173. kvartal 2016 - 3. kvartal 2017
Eksport
Alle næringar49 988100,0-5,0-3,3
Bergverksdrift og utvinning3 9077,8-7,3-23,7
Industri5 49811,0-21,711,5
Byggje- og anleggsverksemd2210,4-12,6169,5
Varehandel, reparasjon av motorvogner9151,8-15,8-26,0
Transport og lagring24 29748,6-3,42,0
Informasjon og kommunikasjon5 56211,1-5,1-4,5
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting7 05614,12,7-0,7
Forretningsmessig tenesteyting1 9623,919,8-28,4
Andre næringar5681,18,0-31,3
 
Import
Alle næringar58 173100,0-0,1-3,8
Bergverksdrift og utvinning13 12022,6-4,0-20,2
Industri4 8128,3-10,710,8
Byggje- og anleggsverksemd9231,610,741,3
Varehandel, reparasjon av motorvogner4 9978,64,03,9
Transport og lagring16 26928,0-1,50,4
Informasjon og kommunikasjon7 50812,9-2,7-0,3
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting5 5199,51,523,0
Forretningsmessig tenesteyting4 1877,238,5-13,0
Andre næringar8381,41,2-31,0

Tabell 3 
Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype. Siste fem kvartal. Millioner kroner

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype. Siste fem kvartal. Millioner kroner
3. kvartal 20164. kvartal 20161. kvartal 20172. kvartal 20173. kvartal 2017
Tenestebalanse-8 797,0-4 463,0-3 546,0-5 594,0-8 185,0
 
Eksport
Alle tenester51 69860 17349 51952 62249 988
Leigearbeid og reparasjonar3 3003 1343 0324 0413 682
Petroleumstenester5 4287 3514 9245 4374 646
Byggje- og anleggstenester137404206408347
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel482825689702612
Sjøtransporttenester17 46819 48618 68019 60818 863
Luft- og landtransporttjenester2 6592 4862 4622 5212 488
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd3 1872 8122 1582 6922 881
Post- og teletenester2 5702 4372 0212 1331 813
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr2 8682 6791 7551 5891 328
IT-tenester2 5493 6762 8872 5432 613
Forsking og utvikling (FoU)6681 383900912851
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester8 11510 7137 8038 0707 818
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport183208210112203
Andre tenester2 0842 5791 7941 8541 843
 
Import
Alle tenester60 49564 63653 06558 21658 173
Leigearbeid og reparasjonar3 3713 0392 5892 7392 753
Petroleumstenester7 7399 9766 6208 1177 758
Byggje- og anleggstenester462933588743816
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel1 8671 6301 4131 8561 431
Sjøtransporttenester6 3216 1945 1805 3225 146
Luft- og landtransporttjenester2 5243 1002 5292 8573 334
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd9 1858 6687 9068 7039 297
Post- og teletenester2 2832 0282 0331 9761 653
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr8 2847 5935 8985 8965 917
IT-tenester4 8114 9504 4634 5994 798
Forsking og utvikling (FoU)6331 221558631697
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester9 58712 0309 88910 59710 337
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport8488517301 1601 141
Andre tenester2 5812 4222 6703 0193 099

Tabell 4 
Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter næring. Siste fem kvartal. Millioner kroner

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter næring. Siste fem kvartal. Millioner kroner
3. kvartal 20164. kvartal 20161. kvartal 20172. kvartal 20173. kvartal 2017
Tenestebalanse-8 797,0-4 463,0-3 546,0-5 594,0-8 185,0
 
Eksport
Alle næringar51 69860 17349 51952 62249 988
Bergverksdrift og utvinning5 1224 9973 8234 2163 907
Industri4 9297 7755 9557 0225 498
Byggje- og anleggsverksemd82428115253221
Varehandel, reparasjon av motorvogner1 2361 3501 1051 087915
Transport og lagring23 83025 82323 89625 14724 297
Informasjon og kommunikasjon5 8267 4056 1935 8625 562
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting7 1049 4316 4136 8707 056
Forretningsmessig tenesteyting2 7422 3621 6571 6381 962
Andre næringar827603362526568
 
Import
Alle næringar60 49564 63653 06558 21658 173
Bergverksdrift og utvinning16 43916 92211 81013 67113 120
Industri4 3425 8864 5325 3874 812
Byggje- og anleggsverksemd653761549834923
Varehandel, reparasjon av motorvogner4 8104 7094 9244 8034 997
Transport og lagring16 20817 83315 99116 51916 269
Informasjon og kommunikasjon7 5297 5906 6997 7147 508
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting4 4875 9165 3535 4355 519
Forretningsmessig tenesteyting4 8133 7402 6043 0244 187
Andre næringar1 2141 279603828838

Tabell 5 
Endring frå førre publisering etter import/eksport, næring (SN2007) og tid. Prosent

Endring frå førre publisering etter import/eksport, næring (SN2007) og tid. Prosent
2. kvartal 20163. kvartal 20164. kvartal 20161. kvartal 20172. kvartal 2017
Import
Alle næringar-0,20,0-0,8-2,4-3,4
Bergverksdrift og utvinning-0,3-0,7-2,6-8,21,3
Industri-0,1-0,10,01,8-6,4
Byggje- og anleggsverksemd0,00,00,01,86,0
Varehandel, reparasjon av motorvogner-0,52,50,5-0,1-1,2
Transport og lagring0,00,00,0-1,31,0
Informasjon og kommunikasjon-0,3-0,2-0,41,0-11,6
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting-0,1-0,1-0,7-1,5-9,4
Forretningsmessig tenesteyting0,00,0-0,8-1,8-9,5
Andre næringar0,00,00,0-11,5-12,2
 
Eksport
Alle næringar-0,1-0,1-0,30,3-0,5
Bergverksdrift og utvinning0,0-0,20,01,1-8,7
Industri-0,1-0,1-0,29,511,7
Byggje- og anleggsverksemd-1,0-1,61,80,91,5
Varehandel, reparasjon av motorvogner-0,5-0,10,0-0,3-8,8
Transport og lagring0,00,00,0-2,2-0,7
Informasjon og kommunikasjon-0,3-0,2-0,54,11,7
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting-0,1-0,2-1,0-0,1-2,7
Forretningsmessig tenesteyting0,00,0-0,7-6,0-4,2
Andre næringar0,00,00,0-0,1-23,0

Om statistikken

Statistikken Utenrikshandel med tenester viser norske ikkje-finansielle føretak sine inntekter ved eksport av tenester til utlandet, og utgifter ved import av tenester frå utlandet. Tala vert innhenta som ein kvartalsvis utvalgsundersøkelse. 

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Import:
Føretaka sine utgifter til kjøp av tenester frå utanlandske leverandørar i samband med import av dei ulike tenestene. Tenestene kan anten verte levert i Noreg eller utlandet.

Eksport:
Føretaka sine inntekter frå sal av tenester til utanlandske kundar i samband med eksport av de ulike tenestene. Tenestene kan anten verte levert i Noreg eller utlandet.


Konserninterne tenester:
Tenestehandel med utanlandske einingar innan same konsern skal førast som eigne postar, og rapporterast som "herav eksport av konserninterne tenester" og "herav import av konserninterne tenester" under kvar einskild tenestetype. Med konsern vert det i denne samanhengen meint einingar som står i relasjon til kvarandre, som til dømes morselskap, dotterselskap, søsterselskap, dotterdotterselskap etc.

  • Morselskap er eit selskap som, direkte eller indirekte, har kontroll over dei andre einingane innan konsernet.
  • Dotterselskap er eit selskap der morselskapet har direkte kontroll.
  • Dotterdotterselskap er eit selskap der eit dotterselskap har direkte kontroll, medan morselskapet har indirekte kontroll.
    Med kontroll vert det her meint meir enn 50 prosent eigardel i eit anna selskap.

Land:
Import: Registreringslandet til den utanlandske leverandøren.
Eksport: Registreringslandet til den utanlandske kunden.

Beløp i NOK 1000:
Alle tall skal rapporterast i heile 1000 NOK.

Standard klassifikasjonar

Næring:
Til og med publiseringa for året 2009 vart statistikken publisert etter Standard for næringsgruppering 2002 (SN2002) som standard klassifikasjon for bedrifter og føretak innan ulike næringar. Denne standarden var ei norsk tilpassing av Eurostat sin NACE Rev 1.1. Frå og med statistikken for året 2010 vart Standard for næringsgruppering 2007 (SN2007) teken i bruk. SN2007 samsvarar med EU sin standard, NACE Rev. 2, og utgjer grunnlaget for klassifisering av einingar etter viktigaste aktivitet i Bedrifts- og føretaksregisteret. Bruk av felles standardar er viktig innanfor økonomisk statistikk då dette gjer det mogleg å samanlikne og analysere statistiske data på tvers av landegrenser og over tid.

Tenestetype:
Fylgjer EU sin produksjonsstandard Classification of Products by Activity (CPA).

Land:
Fylgjer den internasjonale standarden ISO-3166 (alfa-2).

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Utanrikshandel med tenester
Emne: Utenriksøkonomi

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utenrikshandel

Regionalt nivå

Statistikken syner ikkje-finansielle føretak sin tenestehandel med utlandet.

Kor ofte og aktualitet

Statistikken vert samla inn kvart kvartal, og syner ikkje-finansielle føretak sine inntekter og utgifter i samband med eksport og import av tenester til/ frå utlandet. Frå 2006 til og med 2010 vart statistikken publisert årleg, og frå 1 kvartal 2011 vart statistikken publisert kvartalsvis.

Internasjonal rapportering

Statistikken inngår som ein del av grunnlaget for utanriksrekneskapen og nasjonalrekneskapen, og er med i grunnlaget for rapporteringa til internasjonale organisasjonar som IMF, OECD og Eurostat.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Rådata og behandla data vert langtidslagra hos Statistisk sentralbyrå.

Bakgrunn

Føremål og historie

Statistikken vart etablert i 2005 då Noregs Bank la ned valutastatistikken som tidlegare var ein del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen.

Føremålet med statistikken over utanrikshandel med tenester er å gje ei oversikt over tenestestraumen mellom Noreg og utlandet. Norske føretak sine inntekter ved eksport av tenester til utlandet, og utgifter ved import av tenester frå utlandet, er sentrale storleikar i det samfunnsøkonomiske biletet, både for å forklare strukturelle endringar, og for å overvake konjunkturane.

Brukarar og bruksområde

Statistikken er ein viktig del av grunnlaget for prognose- og analysearbeid utført av organisasjonar, offentlege myndigheiter, forskingsinstitusjonar og andre. Internasjonale organisasjonar, som FN sitt statistiske kontor, EU sitt statistiske kontor (Eurostat) og andre, gjer bruk av opplysningane som statistikken gjev. Den er bygd opp som ein del av eit nasjonalt og internasjonalt statistikksystem og nyttast og ved utarbeiding av nasjonalrekneskap og utanriksrekneskap. I tillegg kan statistikken til ein viss grad brukast av næringslivet som grunnlag for data til planlegging av produksjon, marknadsføring og sal.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no  etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre likebehandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak er ei viktig kjelde for eksport og import av tenester i nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen. Til og med år 2004 vart tal frå Noregs bank sin valutastatistikk nytta i utanriksrekneskapen. Frå og med år 2005 var det ein overgong til å nytte data innhenta gjennom kvartalsvis rapportering av utanrikshandel med tenester.

Eksport og import av tenester i nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen) er meir omfattande enn berre tenestehandelen i ikkje-finansielle føretak. Nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen) dekkjer tenestehandel som alle innanlandske sektorar har med utlandet. Dette gjeld i tillegg til ikkje-finansielle føretak også finansielle føretak, hushald, ideelle organisasjonar og offentleg forvaltning. I tillegg til denne skilnaden i omfang er det einskilde definisjonsmessige skilnadar. Dei viktigaste er at nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen)

  • inkluderar verdien av godsfrakter i samband med import av varer i vareverdien (CIF-verdi), og ikkje via tenesteundersøkinga,
  • inkluderar verdien av norske rederi sine frakter i samband eksport av varer fra Noreg uavhengig av kven som betalar for oppdraget, medan utenrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak inkluderar berre slike frakter dersom ein utlending betalar for frakta
  • bereknar import og eksport av forsikringstenester som ein del av premiebetalingane
  • inkluderar konvensjonelle berekningar av import og eksport av indirekte målte banktenester (rentemarginar)
  • omdefinerar einskilde vareprodukt til tenester dersom vareverdien er dominert av eit tenestepåslag
  • inkluderar konvensjonelt berekna eksport- og importstraumar i tråd med Noreg sin eigardel i det fellesnordiske flyselskapet SAS.

Ein annan skilnad er at fraktinntekter i utanriks sjøfart i utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle foretak vert fordelt på land med utgangspunkt i betalingsstraumar, medan det i utanriksrekneskapen er nytta informasjon om skipa sine bevegelsar (anløpsstatistikk).

Alle desse forholda inneber at tala i statistikken over utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak ikkje er direkte samanliknbare med tala for eksport og import av tenester i utanriks- og nasjonalrekneskapen sine tabellar.

Lovheimel

Statistikklova §§ 2-1 og 2-2 og 2-3 (tvangsmulkt).

EØS-referanse

Europaparlaments- og rådsforordning nr. 184/2005 - endret ved forordning nr. 602/2006 og 707/2009 med forpliktingar etter EU-forordningar for datafangst og oversending av data til EU sitt statistiske kontor, Eurostat.

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar tenestehandel med utlandet, og vert samla inn på kvartalsvis og t.o.m år 2008 også på årleg basis ved undersøkingar retta mot norske føretak innan ikkje-finansiell sektor.

Føretak er juridiske personar som produserar varer og tenester for sal i eit marked. Populasjonen som dannar grunnlag for utvalet byggjer på opplysningar frå Bedrifts- og føretaksregisteret, og vert oppdatert ved bruk av ulike administrative register, bl.a. Skatteetaten sitt Valutaregister, samt informasjon som vert samla gjennom kontakt med større oppgåvegjevarar og opplysningar i media.

Datakjelder og utval

Grunnlaget for statistikken er rapporterte opplysningar frå ikkje-finansielle føretak som er med i den kvartalsvise undersøkinga.

Populasjon
Populasjonen til undersøkelsen om utanrikshandel med tenester for ikkje–finansielle føretak tek utgangspunkt i alle føretak. Sidan mange føretak ikkje har tenestehandel med utlandet, er det gjort ei begrensning av populasjonen slik at føretak med svært liten eller ingen tenestehandel med utlandet vert fjerna.

Føretaka ein då står tilbake med skal tilfredsstille eitt av følgjande fem kriteriar for å kunne inkluderast i denne svært begrensa populasjonen:

  • Total utgåande- eller inngåande transaksjonar over NOK 500 000, eller utgåande transaksjonar for tenesteimport over NOK 50 000 i Valutaregisteret
  • Føretaket er eit FATS-føretak
  • Føretaket har vore med i utvalet i minst 4 år og har hatt tenestehandel
  • Føretak innan bergverksdrift og utvinning som har felles momsnummer med føretak som tilfredsstiller det første kriteriet
  • Føretaket høyrer til næringa utanriks sjøfart og har omsetning over NOK 5 000 000

Når vi fjernar alle føretak som ikkje tilfredsstiller minst eitt av dei fem kriteria står ein tilbake med rundt 33 000 føretak.

Populasjonen omfatter følgande sektorar i institusjonell sektorgruppering:

  • 1110 - Statens forretningsdrift
  • 1120 - Statleg eide føretak
  • 1510 - Kommunal forretningsdrift
  • 1520 - Sjøvstendige kommuneføretak
  • 2100 - Private føretak med begrensa ansvar
  • 2300 - Personlege føretak
  • 2500 - Private produsentorienterte organisasjonar utan profittføremål
  • 8200 - Personlege næringsdrivande
  • 4900 - Øvrige finansielle føretak utanom forsikring - kun enkelte undegrupper

Stratifiseringa er gjort utifrå eit ønskje om å dele opp populasjonen i mest mogleg homogene grupper. Dvs. gruppering slik at tenestehandelen er mest mogleg lik innad i gruppa, og slik at det er ulikheit i tenestehandelen mellom gruppene.  Dei ulike strata er definert ved hjelp av næring, kor viktig næring er for tenestehandel, tal frå valutaregisteret og inndeling etter "FATS/ikkje-FATS"-føretak.

Frå populasjonen er det trekt eit utval føretak stratifisert enkelt tilfeldig. For å fordele utvalget mellom strata er det nytta optimal allokering.

Utvalet fordelar seg på fullteljingsføretak, og føretaka som vert trekt tilfeldig.  Dei føretaka som er fulltelt høyrer til ei gruppe der ein reknar som svært sikkert at dei har tenestehandel med utlandet.

Delen av utvalet som er tilfeldig trekt blei i 2016 redusert med vel 20 prosent for å imøtekome kravet om redusert rapporteringsbyrde for mellomstore og mindre føretak. Dette inneber at det totale utvalet no er på vel 2 700, herav 700 fullteljing.

 

Datainnsamling, editering og beregninger

Data vert henta inn ved elektroniske innrapportering og filuttrekk via Altinn (tidlegare via SSB sin rapporteringskanal IDUN) . Oppgåvegjevarane mottek førespurnad om rapportering ved utgongen av teljingstidspunktet (kvart kvartal), og har ein frist på 25 dagar til å rapportere. Føretaka skal rapportere alle verdiar i heile 1 000 NOK.

Innsamla data vert kontrollert i samband med mottaket, vidare gjennomgår innsamla data kontrollar mellom tal for ulike periodar, mot rekneskapsopplysningar og andre kjelder, og ved einskilde typar feil vert oppgåvegjevar kontakta.

Tenestehandelen vert estimert ved å bruke ein stratifisert ekspansjonsestimator. Denne estimatoren er laga på følgjande måte:

  1. Innan kvart stratum bereknar ein gjennomsnittlig rapportert eksport/import (dvs. basert på utvalget)
  2. På bakgrunn av at utvalet er trekt stratifisert enkelt tilfeldig, vil desse gjennomsnitta kunne være gode anslag på dei faktiske gjennomsnitta i dei ulike strata. Eventuelle ekstremobservasjonar vert heldne utanfor berekninga av gjennomsnitta
  3. Innan kvart stratum multipliserar vi dei bereka gjennomsnitta med antal føretak i stratumet (i den begrensa populasjonen). Dette vert eit estimat på total eksport/import i stratumet.

Sesongjustering

Ikkje relevant.

Konfidensialitet

Tal vert ikkje offentleggjort dersom dette medfører fare for identifisering, det vil seie at talet kan førast tilbake til oppgåvegjevar. I praksis tyder dette at det må vere minst 3 oppgåvegjevarar bak eit publisert tal. I tillegg skal ikkje eit føretak stå bak over 90 %, og dei to største føretaka skal ikkje ha over 95 % av tenenestehandelen, i ein publisert størrelse.

Samanlikningar over tid og stad

Det er i forbindelse med 1.kvartal 2017 gjort ei endring i samanstillinga av tenestetypar. Tenestegrupperinga jarnbane- og landtransporttenester er slegen saman med lufttransporttenester til ei ny gruppering: luft- og landtransporttenester. Dette gjeld tabell 2 og 4, som gjev utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype. I statistikkbanktabellen 10192 er endringane lagde inn attende til 1. kvartal 2015. Dette gjer at tala ikkje er direkte jamførande med tidlegare utgjevingar.

Statistikken har og gjennomgått ei metodeomlegging, og tal for næringa utanriks sjøfart vart teke ut av publiseringa for 2010 og fram til og med publiseringa for 1 kv 2013. Tal for 2 kv 2013 er difor ikkje samanliknbare med tidlegare publiseringar. Denne metodeomlegginga inneber og eit skifte i bruk av kilder Sjå elles nasjonalrekneskapet sine websider om utanriksrekneskapet http://www.ssb.no/utenriksokonomi/statistikker/ur .

Sjå meir i punktet Samanheng med annan statistikk, foran.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Opplysningane som skal innrapporterast omfattar delar av den einskilde rapportør sine postar i rekneskapet, det vil seie dei delane av postane som omfattar tenestehandel med utlandet. Tolkinga av kva som er kjøp og sal mellom norsk føretak og utlandet kan variere noko mellom dei ulike oppgåvegjevarane, og kan dermed føre til manglar i statistikken. Det kan førekome feil eller manglar i sjølve innrapporteringa. Dei vanlegaste feila er mellom anna at rapportørane si føring av dei einskilde postane kan avvike frå Statistisk sentralbyrå sin spesifikasjon, dels at skilje mellom norsk og utanlandsk eining kan vere uklårt.

Fleire av føretaka som rapporterar driv prosjektrelatert verksemd, noko som kan føre til at statistikken vert påverka når store prosjekt vert avslutta, eller vert oppretta.

Kvaliteten på statistikken vert påverka negativt av manglande innrapporteringar (fråfall). For å redusere omfanget av fråfallsfeil, vert det utført maskinell berekning av data for einingar som ikkje har rapportert innan fristen for å vere med i statistikkgrunnlaget. Det same vert gjort i tilfelle det er mangelfullt utfylte oppgåver frå rapportørane (partielt fråfall).

Utvalsfeilen målar det forventa avviket mellom utvalet sitt resultat, og kva ein ville fått dersom heile populasjonen vart undersøkt. For å sikre høg grad av relevans til lågast mogleg kostnad, vert det lagt stor vekt på å dekkje føretak som har stor handel med utlandet, enten eksport eller import. Hittil er det ikkje utført berekningar av utvalsfeilen for undersøkinga.

Ein føresetnad for trekking av utval er at populasjonen omfattar alle føretaka som har kjøp og sal av tenester med utlandet. Det finst inga slik samla oversikt over føretak som har slik handel, og i praksis er det difor vanskeleg å fange opp alle relevante einingar.

 

Revisjon

Utanrikshandel med tenester publiserar foreløpige tal kvartalsvis. Kontrollarbeidet pågår imidlertid vidare fem kvartal fram i tid, då endelege tal vert publisert. Korreksjonar i data gjer at kvartalstala kan endras fram til publisering av dei endelege tala. Forskjellen mellom foreløpege tal ved frigjeving av kvartalsstatistikken og endelege tal er normalt små på totalnivå. På detaljert nivå og for enkeltkvartal kan revisjonane ha større innverknad, relativt sett. Sjå detaljar i tabell 5 i publiseringa.

                                   R    E  V  I  S  J  O N  S K  A  L   E  N  D  E  R  -  U H T

 

Inneverande år
  (T)

I fjor
  (T-1)

I forfjor
  (T-2)

Publiseringer

1.kv

2.kv

3.kv

4.kv

1.kv

2.kv

3.kv

4.kv

1.kv

2.kv

3.kv

4.kv

1.kv  (juni år T)  

 

 

 

 

R4

R3

R2

R1

 

 

 

ER5

2.kv  (sept år T)

R1

 

 

 

ER5

R4

R3

R2

 

 

 

 

3.kv  (des år T)  

R2

R1

 

 

 

ER5

R4

R3

 

 

 

 

4.kv  (mar år T+1)

R3

R2

R1

 

 

 

ER5

R4

 

 

 

 

 R1 - R5 = Revisjonsnummer (R1 = første revisjon, ER5 = Endelige tall, Revisjon nr 5).

 

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB