Det var 1,4 millionar norske hotellovernattingar i mars i år, ein nedgang på 4,6 prosent frå mars 2023. Utanlandske hotellovernattingar auka derimot med heile 28 prosent, til 520 000.

– Låg kronekurs og påske er viktige årsaker til at fleire utlendingar valde å overnatte ved norske hotell i mars i år. Vi har sett ein aukande utvikling i talet på utanlandske overnattingar heilt sidan tiltaka for å hindre spreiing av koronaviruset vart oppheva, seier rådgjevar Boyd Oyier i Statistisk sentralbyrå.

– Prisstigning saman med svekka kjøpekraft for mange nordmenn kan ha bidratt til at nordmenn budde mindre på hotell, legg Oyier til.

Figur 1. Hotellovernattingar etter bustadsland. Mars 2019 -2024

Legg vi til Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim.på campingplassar, Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheimar. var det totalt 2,5 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i mars. Det er 148 000 fleire enn i mars i fjor, syner nye tal frå overnattingsstatistikken. Auken i overnattingar for utlendingar var på 158 000 medan norske overnattingar gjekk ned med 10 000.

Utanlandske overnattingar auka for alle innkvarteringstypar. Flest utanlandske overnattingar var det frå Danmark, Tyskland og Sverige.

Flest hotellovernattingar i Oslo

Av dei 66 Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB. var det Oslo som hadde flest overnattingar på hotell. Etterfølgt av Bergensregion, Romerike/Hadeland og Trondheim.

I mars var det overnattingar med ferie og fritid som formål som stod for auken av overnattingar på hotell, medan det var færre overnattingar knytt til yrke, kurs og konferansar.

– Sidan påsken var i mars i år, er det ikkje uventa at vi ser ein auke i talet på hotellovernattingar med fritid som formål samanlikna med mars i fjor. Vi ser ein stor auke i feireovernattingar i dei store byane og i typiske fjellregionar, samstundes var det en stor nedgang for overnattingar knytt til yrke, kurs og konferansar, seier Oyier.

Mindre oppgang i Noreg enn i Europa i 2023

Tal frå det europeiske statistikkbyrået Eurostat, syner at det totale talet på overnattingar i EU-landa (27 land) auka med 6,1 prosent frå 2022 til 2023 (ec.europa.eu).

Blant dei landa som har rapportert tal for 2023 er auken i talet på overnattingar frå 2022 størst i Spania, Tyskland og Italia. I Sverige var overnattingstala om lag uendra. I Danmark og Finland auka talet på overnattingar med høvesvis 1,2 og 3,8 prosent. I Noreg auka overnattingane med 2,5 prosent i same periode. Det var en auke i talet på overnattingar i dei fleste land i Europa samanlikna med 2022. Berre i Luxembourg var det ein liten nedgang.

– Det var nesten 3 milliardar overnattingar ved kommersielle overnattingsstader i EU-landa i 2023. Dette er det høgaste talet målt for eit år, seier Oyier.

Figur 2. Endring i talet på overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i Europa. 2022 til 2023

Auke i campingovernattingar i mars 2024

  • 240 000 overnattingar på campingplassar
  • 38 prosent oppgang mot mars 2023 då påska var i april
  • Norske overnattingar gjekk opp 37 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 42 prosent

Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar i mars 2024

  • 335 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
  • Norske overnattingar gjekk opp 1,9 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 27 prosent

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av mars, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 600 og 1 700 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i mars månad i Noreg.

1. januar 2024 vart 3 fylke til 7 nye, og vi har nå 15 fylke i Noreg. Frå og med publisering av tal for januar 2024 er overnattingsstatistikken publisert med den nye inndelinga. Svalbard blir i statistikken rekna på lik linje som fylke sjølv om regionen ikkje er definert som fylke i lovens forstand. Med dei nye fylka er dei aller fleste reiselivsregionane vidareført, men det er gjort ei oppsplitting for reiselivsregion Hadeland/Ringerike for å sikre at ingen reiselivsregionar kryssar fylkesgrenser. Kommunane Jevnaker og Lunner er flytta til reiselivsregion Romerike og får nytt namn Romerike/Hadeland. Kommunane Ringerike og Hole er flytta til reiselivsregion Norefjell og får nytt namn Norefjell/Ringerike. I tillegg har reiselivsregionar i fylke som er splitta opp har fått nye nummer. Se Standard for reiselivsregionar 2024 for detaljer om den nye inndelinga.

Nesten alle tidlegare tabellar er avslutta, og nye oppretta. Tal er publisert tilbake til 2016 på nye fylke og det er oppretta nye tabellar for tidsseriar med sesongjusterte tal. Samstundes har SSB starta med å publisere årstal i eigne tabellar.

SSB har slutta å publisere tal for «hittil i år» og tal for totale overnattingar på kommunar og kommunegrupper.

Desse endringane påverkar lagra søk og API-spørjingar som er gjort mot tabellane. 

Les meir om API  her: https://www.ssb.no/api