Hotella set endå ein rekord

Publisert:

I juni 2017 var det 2,5 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 2 prosent fleire enn juni-rekorden frå 2016.

Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter bustadland til gjestene
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter bustadland til gjestene
Juni 2016 Juni 2017
I alt 2465825 2504499
Noreg 1532923 1560102
Utlandet 932902 944397

Overnattingsstatistikken viser at talet på norske hotellovernattingar gjekk opp 2 prosent. Samstundes auka utanlandske overnattingar med 1 prosent samanlikna med juni 2016.

Sett i høve til juni 2016 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 8 prosent. Gjennomsnittsprisen per rom var 990 kroner, som er 7 prosent høgare enn i juni 2016.

I første halvår i år har det vore totalt 10,5 millionar hotellovernattingar. Dette tilsvarar ein auke på 2 prosent frå første halvår i 2016.

Færre campingovernattingar

  • 1,2 millionar overnattingar i juni 2017
  • 4 prosent nedgang sidan juni 2016
  • Norske overnattingar gjekk ned 12 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 16 prosent

Færre overnattingar på hyttegrendene

  • 254 000 overnattingar
  • 5 prosent nedgang frå juni 2016
  • Norske overnattingar gjekk ned 6 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 4 prosent

 

Kontakt

Error occured rendering window "Artikkelside - faktaside inngang" (key 225) while handling request to site path: /0/transport-og-reiseliv/artikler-og-publikasjoner/hotella-set-enda-ein-rekord?id=102&key=318902&profilertSeksjon=122&sidetype=artikler