302352
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/aar-endelige
302352
statistikk
2017-11-09T08:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri, fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
true

Fiskeri

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

18,7

milliardar kroner i førstehandsverdi i 2016

Fiskeri. Fangstmengd og førstehandsverdi for utvalde fiskeslag
Mengd (tonn)Endring, prosentEndring, prosentFørstehandsverdi (mill. kr)
20162015 - 20162011 - 20162016
Totalt2 065 507-11,5-10,218 651
Utvalde fiskeslag
Makrell210 345-13,11,12 433
Sild351 71012,3-44,42 453
Torsk412 567-2,321,36 450
Sei154 1351,7-19,01 428
Blåkveite16 78314,664,0613
Uer24 8590,3153,7215
Andre skaldyr og blautdyr226 4271,648,71 415
andre fiskeartar668 681-29,1-11,43 643

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Fiskeri. Fangstmengd for fiskeslag og hovudgruppe av fiskeslag. Tonn rundt vekt

Fiskeri. Fangstmengd for fiskeslag og hovudgruppe av fiskeslag. Tonn rundt vekt
201420152016
I alt2 313 3252 334 5642 065 507
 
Pelagiask fisk1 287 7891 330 8291 040 797
Lodde76 682121 82758 239
Augepål18 66544 36136 355
Kolmule399 520489 439310 412
Tobis82 499100 85940 867
Hestmakrell14 6609 56011 164
Atlantisk makrell277 734241 987210 345
Sild407 303313 096351 710
Brisling10 7259 70021 702
Annan pelagisk fisk000
 
Torsk og torskearta fisk757 089710 916720 322
Torsk473 478422 243412 567
Hyse94 21496 987110 321
Sei153 834151 508154 135
Brosme11 40613 74414 804
Lange16 88717 59618 104
Blålange193536243
Lyr1 7871 8291 946
Lysing4 3315 3357 005
Kviting9601 1391 194
 
Flatfisk og botnfisk60 38565 95073 660
Blåkveite14 05514 64916 783
Kveite2 3492 4162 872
Raudspette1 014661809
Uer19 35024 79324 859
Straum- og vassild14 47015 24018 836
Steinbiter6 3455 9796 410
Breiflabb2 3191 4462 118
Rognkjeks94354453
Anna flatfisk og botnfisk389411519
 
Djupvassfisk2 4862 3072 424
 
Anna og uspesifisert fisk2 0071 6501 874
 
Andre skaldyr og blautdyr203 568222 911226 429
Hummar524654
Krabbe6 5157 85110 337
Kongekrabbe1 6952 1762 638
Reke15 98322 95918 590
Sjøkreps198219261
Skjel748557549
Andre skaldyr og blautdyr178 378189 102193 998

Tabell 2 
Fiskeri. Fangstverdi for fiskeslag og hovudgruppe av fiskeslag. Millionar kroner

Fiskeri. Fangstverdi for fiskeslag og hovudgruppe av fiskeslag. Millionar kroner
201420152016
I alt14 42716 92818 651
 
Pelagisk fisk4 9065 4676 279
Lodde142294239
Augepål328595
Kolmule579923838
Tobis140198118
Hestmakrell1274941
Atlantisk makrell1 9372 0302 433
Sild1 9211 8602 453
Brisling282863
Anna pelagisk fisk000
 
Torsk og torskearta fisk7 5518 7709 509
Torsk4 7025 7226 450
Hyse1 2391 1421 176
Sei1 2691 4901 428
Brosme98138139
Lange180194208
Blålange152
Lyr202225
Lysing375173
Kviting578
 
Flatfisk og botnfisk7909851 131
Blåkveite350499613
Kveite96103124
Raudspette956
Uer189248215
Straum- og vassild414667
Steinbiter443836
Breiflabb523755
Rognkjeks148
Anna flatfisk og botnfisk756
 
Djupvassfisk789
 
Anna og uspesifisert fisk250270307
 
Skaldyr og blautdyr9231 4271 415
Krabbe104174247
Kongekrabbe132184326
Hummar111113
Sjøkreps212633
Reke559933710
Skjel171313
Andre skaldyr og blautdyr788875

Tabell 3 
Fiskeri. Fangst fordelt på bruken av fangsten. 1 000 tonn rund vekt

Fiskeri. Fangst fordelt på bruken av fangsten. 1 000 tonn rund vekt
20122013201420152016
I alt2 1402 0902 3132 3352 065
Konsum1 8071 6171 5591 4511 444
Mjøl og olje329465750880618
Dyrefor/fiskefor, agn og anna48534

Om statistikken

Statistikken gir oversikt over fiskerinæringa, og omfattar mengd og verdi frå sjøfangsten, opplysningar om fiskarar og fiskefartøy, og opplysningar om bedrifter og sysselsette innan fiskeforedling.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Rund vekt er vekta av fisken slik den er fanga.

Ordet fangst blir i Noreg ofte brukt utan å gi noko nærare definisjon. Ved føring av fangstdagbok tyder fangst estimert kvantum i rund vekt.

Fangstverdi er summen fiskaren får utbetalt for fangsten. I denne summen er lagsavgifta trekt frå, medan produktavgifta ikkje er trekt frå. Alle pris-og frakttilskott er lagde til. Sikringstrekk og meirverdiavgift er ikkje rekna med.

Pelagisk brukast som omgrep på organismar som lever i dei frie vassmassane.

Standard klassifikasjonar

Standard namnsetting og gruppering av fangstartar, internasjonale fangstområde og omrekningsfaktorar går fram av vedlegga til NOS Fiskeristatistikk

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Fiskeri
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Ansvarleg seksjon

Seksjon for primærnæringsstatistikk

Regionalt nivå

Kommunetal, fylkestal og tal for heile landet.

Kor ofte og aktualitet

Førebelse og endelege tal for heile år.

Internasjonal rapportering

Rapporteringen blir gjort av Fiskeridirektoratet som m.a. rapporterer til:

  • Statistical Office of the European Communities (EUROSTAT).
  • Food and Agricultures Organization of the United Nations (FAO).
  • International Council of Exploration of the Sea (ICES).
  • Northwest Atlantic Fisheries Organisation (NAFO).

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Grunnmaterialet blir lagra i Fiskeridirektoratet og Statistisk sentralbyrå.

Bakgrunn

Føremål og historie

Skaffe løpande oversikt over fangstmengd av sjøfisk. I 1868 blei fiskeristatistikken for første gong lagt fram i ein eigen publikasjon. I 1900 overtok Fiskeridirektoratet utarbeidinga av statistikken. For åra 1977-2008 er publikasjonen NOS Fiskeristatistikk gitt ut av Statistisk sentralbyrå i samarbeid med Fiskeridirektoratet.

 

Serien NOS (Noregs offisielle statistikk) vart lagt ned 1.1.2010, og tala blir nå publisert på http://www.ssb.no/

Brukarar og bruksområde

Hovudføremålet for innsamling av fangstdata er å skaffe til veie dei opplysningar som er naudsynt for å sikre ei bærekraftig forvaltning av dei levande marine ressursar gjennom ressurskontroll, kvotekontroll og ein fiskeristatistikk av god kvalitet.

Materialet dannar grunnlag for utreiingsarbeid i samband med reguleringar i fisket, strategianalysar, analyser av strukturen i fiskeflåten samt utreiingar av næringsøkonomiske konsekvensar av forvaltningstiltak. Det dannar også grunnlag for oppfylling av Noreg sine internasjonale rapporteringsplikter.

Fiskeristatistikken inngår også som grunnlag i nasjonalrekneskapen, som er eit viktig informasjonsgrunnlag for analyse av den økonomiske utviklinga i Noreg.

Statistikken er elles til nytte for offentlege myndigheiter, for forskingsinstitusjonar og studentar, media, finansanalytikar, interesseorganisasjonar og nasjonale og internasjonale organisasjonar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før han er publisert til same tid for alle kl. 08.00 på ssb.no etter førhandsvarsling seinast tre månader før i Statistikkalenderen. Les meir om prinsippet for lik handsaming av statistikkbrukarar på ssb.no. 

Samanheng med annan statistikk

Fiskeridirektoratet publiserer tal i eigen statistikkbank: http://www.fiskeridir.no/fiskeridirektoratets-statistikkbank

Fiskeridirektoratet oversender også fangststatistikk til fleire internasjonale organisasjonar blant anna FAO, Eurostat, ICES, NAFO og OECD.

Mange internasjonale organisasjonar publiserar også statistikk over fangstmengd og -verdi, bl.a. FAO og Eurostat .

Lovheimel

Data blir henta inn av Fiskeridirektoratet etter følgjande lovar:

  • Lov nr 03 av 14.12. 1951: Lov om omsetning av fisk.
  • Lov nr 40 av 03.06. 1983: Lov om saltvannsfiske mm.
  • Sentral forskrift fra 2004: Opplysningsplikt ved landing og omsetning av fisk.

Statistisk sentralbyrå mottek data i medhald av:

  • Lov nr 54 av 16.06. 1989: Statistikklova.

EØS-referanse

Rådsforordninger revideres over tid. Pr. 2007 gjelder følgende forordninger. Rådsforordning (EØS) 1637/01 av 23. juli 2001. Rådsforordning (EØS) 1636/01 av 23. juli 2001. Rådsforordning (EØS) 1638/01 av 24. juli 2001.

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar all fangst frå sjøfisket levert i Noreg eller i utlandet av norskregistrerte fartøy og fangst frå sjøfisket levert i Noreg av utanlandske fartøy. Unnatak frå dette er sel- og kvalfangst, tang og tare og ikkje-registrert omsetning av fisk. Fangst av oppdrettsfisk omsatt gjennom fiskesalslaga og fiske til eige bruk er ikkje med. Frå og med 2015 er ikkje fangst frå det ordinære sjøfiske med fastståande reiskap i sjøen etter laks og sjøaure medrekna.

Datakjelder og utval

Fiskeridirektoratet produserar fangststatistikk primært på grunnlag av opplysningar frå dei godkjende fiskesalslaga. Etter Råfisklova har desse salslaga einerett til omsetning på første hand av spesifiserte artar. Dette gjeld artar (fisk og dyr) som blir fanga i sjøen av norske fartøy og omsett på første hand både i Noreg og ved direkte levering i utlandet. Laks, sjøaure og sel er unntatt frå salslaga sin einerett. Eineretten gjeld òg alt sal av fisk som kjem rett frå havet og vert omsatt i Noreg av utanlandske fartøy.

Fangststatistikken er ei totalteljing.

Datainnsamling, editering og beregninger

Fangststatistikken byggjer på eit juridisk dokument, sluttsetel, som blir fylt ut ved omsetning av fangsten og underteikna av fiskar og kjøpar, kvalitetssikra av salslaga, før oversending til Fiskeridirektoratet ved oppgjer til fiskar. Der blir det gitt opp mengd og verdi av fiskeslaga og ein mengd opplysningar for bruk i ressursforvaltning og statistikk.

Statistisk sentralbyrå mottek alle fangstdata frå Fiskeridirektoratet i form av eit situasjonsuttak frå sluttseteldatabasen per ein gjeldande dato.

Fangstdatabasen går gjennom ein omfattande kontroll og editering i Fiskeridirektoratet.

Berekningar blir gjort i Fiskeridirektoratet. Blant anna blir all fangstmengd rekna om til rund vekt ved hjelp av omrekningsfaktorar før oversending av data til Statistisk sentralbyrå.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Statistisk sentralbyrå publiserar foreløpige tal i slutten av januar og endelege tal 15. november.

Utvalet av tabellar og figurar er endra i forhold til tidlegare år, men datagrunnlaget er det same. Frå og med 2005 er det teke i bruk ei ny gruppering av artar, lista over artar som er spesifiserte er endra og det er nye kategoriar for bruken av fisk.

I den avslutta serien NOS Fiskeristatistikk kan ein finne tidsseriar på fangstmengd og -verdi tilbake til 1977. Det er òg laga samanliknbare tidsseriar på fangstmengd og -verdi attende til 1975 i rundvekt, og frå 1974 til 1866 i ferskvekt. Desse tala er å finne i publikasjonane NOS Historisk Statistikk 1978 og 1994, og i Statistikkbanken.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Det kan vere ein del manglar i sluttsetlar som blir fylt ut ved omsetninga av fangsten, så det er naudsynt med omfattande kontrollar.

Dei fartøya som nyttar fleire reiskapar på ein tur, kan berre føre opp éin reiskap, og dei fartøya som fiskar i fleire fangstområde på ein tur, kan berre føre opp eitt område. Dette må ein ta omsyn til når ein les tabellane for fangsten etter område og reiskap. Ein vil derfor finne skilnader mellom fangstområdestatistikken som byggjer på sluttsetelregisteret og den som byggjer på fangstdagbøker frå trålarane. Materialet frå fangstdagbøkene kan også mangle informasjon t.d. pga. at dagbøker kan gå tapt før innsending frå fiskar.

Ved innsamling av statistikk vil vanlige feil vere utfyllingsfeil, registreringsfeil, revisjonsfeil, registerfeil og eventuelle ulike tolkingar av omgrep. Feil kodar, berekningar og forveksling av landkodar kan òg hende.

Det er ikkje mogleg å gi gode overslag på landingar som ikkje blir registrerte gjennom dei offisielle kanalane. I fangstdagboksdata kan det vere fråfall i mengda fangstdagbøker som skulle vore sende til Fiskeridirektoratet.

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB