261656
261656
Færre sjukeheimsplassar
statistikk
2016-06-29T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
pleie, Pleie- og omsorgstenester, eldreomsorg, sjukeheimar, funksjonshemma, heimesjukepleie, heimehjelp, heimetenester, IPLOS, aldersheimar, institusjonar, omsorgsbustader, pleiepersonell, avlasting, støttekontakt, omsorgslønn, BPA (brukarstyrt personleg assistanse)KOSTRA, Helsetjenester, Offentlig sektor, Helse
true

Pleie- og omsorgstenester2015

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Færre sjukeheimsplassar

Talet på sjukeheimsplassar går ned. I 2015 blei det registrert 39 674 plassar på sjukeheimsavdelingar i Noreg, noko som er ein reduksjon på 510 plassar frå 2014 og 633 færre enn i toppåret 2012.

Pleie- og omsorg
2015Prosentvis endring
Brukarar av omsorgstenester2014 - 20152011 - 2015
1Grunna overgang til ny datakjelde (A-ordninga), blir ikkje endringstal for årsverk vist. Grunna overgangen er det p.t. heller ikkje tal over fråvere og brukarretta teneste tilgjengeleg.
I alt275 2001,02,4
Berre praktisk hjelp37 663-3,8-13,1
Berre heimesjukepleie82 4005,517,4
Både praktisk hjelp og heimesjukepleie62 437-1,2-1,8
Tidsavgrensa opphald i institusjon9 3030,51,2
Langtidsopphald i institusjon33 547-1,0-1,9
Andre tenester til heimebuande49 8502,23,3
 
Helse- og omsorgsinstitusjonarPlassar
I alt40 708-1,5-1,4
Delen private plassar11,75,520,5
Delen plassar i brukartilpassa einerom m/ eige bad/WC81,50,45,2
Legetimar per veke per bebuar i sjukeheim0,538,235,9
 
Personell i omsorgstenestene1Årsverk
I alt135 432,92....
Delen årsverk i brukarretta teneste m/ fagutdanning......
Delen legemeld sjukefråvere av kommunale årsverk i brukarretta teneste i alt......
 
Utgifter i omsorgstenestene1 000 kroner
Omsorgstenestene samla, i 1 000 kroner101 758 8490,822

Talet på sjukeheimplassar går ned i nær halvparten av kommunane

195 kommunar hadde færre sjukeheimsplassar i 2015 enn i 2014, medan 1 av 5 kommunar hadde fleire. Rundt ein tredel av kommunane hadde uendra tal. Reduksjonen i talet på sjukeheimsplassar skjer parallelt med ein nedgang i talet på bebuarar på sjukeheim og nedgang i utgifter til denne kommunale tenesta.

Nedgangen i nasjonale tal på plassar kan ha fleire årsaker. Tal på kommunenivå viser mellom anna:

• At mange kommunar har reservert plassar i sjukeheim til døgnopphald for helse- og omsorgstenester for pasientar og brukarar som treng omgåande hjelp. Eit slikt tilbod er lovpålagt frå og med 2016.

• At det lenge har vore ein tendens til at institusjonsplassar blir erstatta av bustader med personell i heimetenesta. Den nyleg vedtekne lovendringa som jamstiller bustad tilrettelagt for teneste heile døgnet med sjukeheim, vil antakeleg forsterke denne tendensen. KOSTRA-tala viser at auken i talet på bebuarar i heildøgns omsorgsbustad svara omtrent til nedgangen i talet på sjukeheimsplassar. Bebuarar på 67 år og over står for rundt halvparten av auken i slike bustader.

• At sjukeheimsplassar er særleg nytta av dei eldste på 80 år og over. I denne aldersgruppa har det vore ein svak nedgang dei siste åra, og ein treng difor ikkje så mange sjukeheimsplassar. Også dekningsgraden for dei på 80 år og over har gått svakt ned. Sidan personar i den eldste aldersgruppa særleg er brukarar av langtidsplassar, var det òg færre bebuarar på langtidsopphald.

Fleire eldre i tida som kjem aukar etterspurnaden etter plassar

Dei nærmaste åra vil trenden med færre eldre snu. Dei som sto for auken i talet på nyfødde på byrjinga av 1940-talet er no i aldersgruppa 67-79 år, og vil snart bli innlemma i aldersgruppa 80+. Mange av desse vil då ha behov for plass på sjukeheim eller i tilrettelagt kommunal bustad.

Ein sterk auke i investeringar i omsorgstenesta sidan 2012 kan tyde på at kommunane ikkje berre hevar standarden på eksisterande bygningsmasse, men òg har begynt å byggja nytt for å førebu seg på auken i talet på personar som har behov for eit tilpassa butilbod. 5,5 milliardar kroner blei brukt på investeringar til omsorgsformål i 2015. Tilsvarande beløp i 2012 var 3,1 milliardar kroner, ein auke på 77 prosent. Så langt har likevel ikkje investeringane gitt ein auke i talet på plassar i drift.

Standardheving i eksisterande bygningar i form av overgang frå rom med to senger til einerom, var tidlegare ei viktig årsak til reduksjon i talet på plassar. No flatar delen med plassar i einerom ut på 95 prosent. Delen med brukartilpassa einerom med eige bad og wc viser berre ein liten auke, til 81,5 prosent.

Derimot er det ein klar auke i talet på privat drivne plassar, både dei kommersielle og ideelle. Av 4 800 private plassar i 2015, utgjorde dei kommersielt drivne 56 prosent.

Auke i talet på lege- og fysioterapitimar per institusjonsbebuarar

Talet på legeårsverk og fysioterapiårsverk i sjukeheimar auka frå 2014 til 2015. Kvar bebuar på sjukeheim får no i gjennomsnitt 32 minutt legetid per veke, medan tilsvarande tal for fysioterapi er 25 minutt i veka.

Fleire yngre brukarar av heimetenester, og fleire med omfattande bistandsbehov

Talet på yngre heimetenestebrukarar (under 67 år) auka med 3 prosent. Denne gruppa utgjer no heile 45 prosent av alle brukarane av heimetenester. Auka i talet på yngre brukarar resulterte i at talet på brukarar i heimetenesta totalt auka med 1 prosent frå 2014 til 2015, til om lag 195 000. Dekningsgraden har gått ned kvart år sidan 2011 for aldersgruppene 67+ og 80+, medan det i same periode har vore ein auke blant innbyggjarar under 67 år som får heimetenester.

Delen med omfattande bistandsbehov blant brukarane av heimentenester, aukar i alle aldersgrupper. 20 prosent av brukarane under 67 år har omfattande bistandsbehov, medan denne delen ligg på rundt 13 prosent for dei over 80 år. Dei eldre med det største bistandsbehovet havnar ofte på sjukeheim.

Det er framleis ein jamn auke i talet på tildelte timer til praktisk bistand. Gjennomsnittleg tildelt tid per veke for denne heimetenesta var 9,5 timar i 2015, medan ho til samanlikning var 9 timar i 2014 og 6 timar i 2007.

Svak auke i utgifter til omsorgstenester samla, nedgang i utgifter til institusjon

Utgifter til kommunale omsorgstenester auka med under 1 prosent frå 2014, og var nær 102 milliardar kroner i 2015. Utgiftene til institusjon gjekk litt ned med 70 millionar i same periode, og summerte seg til 46 milliardar i 2015. Samstundes auka utgifter til omgåande hjelp – døgnopphald med 146 millionar, til 527 millionar.

Samla utgifter til helse- og omsorgstenester går ned med heile 3 prosent eller nær 4 milliardar kroner frå 2014 til 2015. Det skuldast i hovudsak at det statlege tilskotet til kommunal medfinansiering av somatiske tenester blei trekt ut i 2015. Tilskotet utgjorde rundt 5 milliardar kroner årleg i perioden frå 2012 til 2014.

Sjølv om det var ein svakare auke i utgiftene for dei fleste helse- og omsorgsfunksjonar samanlikna med tidligare år, var det - med unnatak av kommunal medfinansiering av somatiske tenester - generelt sterkare auke i helseutgifter enn omsorgsutgifter frå 2014 til 2015.

Talet på årsverk innan omsorgstenesta var på drygt 135 000 i 2015. Som følgje av overgangen til ny datakjelde for personellstatistikk, er ikkje årsverkstal for 2015 samanliknbare med tidlegare år.

Tenester til heimebuande Åpne og lesLukk

Tenester til heimebuande inkluderer:

• helsetenester i heimen (heimesjukepleie mm.)

• praktisk bistand. Inkluderer hjelp til dagliglivets gjeremål (tidl. kalt heimehjelp, opplæring i dagliglivets gjeremål og Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

• avlastning utanfor institusjon

• omsorgsløn

• rehabilitering utanfor institusjon

 

Heimetenestene blir gitt uavhengig av alder og målgruppe/diagnose.

 

Helse- og omsorgstenesterÅpne og lesLukk

Helsetenester:

KOSTRA-funksjon 232 Førebygging, helsestasjons- og skolehelseteneste

KOSTRA-funksjon 233 Anna førebyggande helsearbeid

KOSTRA-funksjon 241 Diagnose, behandling, re-/habilitering

 

Omsorgstenester

KOSTRA-funksjon 234 Aktiviserings- og servicetenester overfor eldre og personar med funksjonsnedsettingar

KOSTRA-funksjon 254 Helse- og omsorgstenester til heimebuande

KOSTRA-funksjon 253 Helse- og omsorgstenester i institusjon

KOSTRA-funksjon 261 Institusjonslokale

 

KOSTRA-funksjon 256 Tilbod om omgåande hjelp døgnopphald i kommunane er i ein mellomstilling mellom helse og omsorg.

For detaljar, sjå rekneskasprapporteringssidene til Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB