Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden mai-juli 2023 var på 118,4 (2005=100) mot 118,2 i føregåande tremånadarsperiode. Etter auke i aktivitetsnivået i mai og uendra utvikling i juni, er det no fall i industrien i juli (sjå figur 1).

Månadsendring: fall i aktiviteten i juli

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen fall med 1,2 prosent frå juni til juli 2023. Det var maskinindustri som bidrog mest til den samla nedgangen med eit fall på 6,3 prosent. Det var òg ein nedgang i kjemiske råvarar på 3,4 prosent og fleire verksemder innanfor næringa melde om tilfelle av driftsstans i denne perioden.

På den anna side hadde næringsgruppa bygging av skip og oljeplattformer ein oppgang på 3,1 prosent og bidrog såleis til å dempe fallet i industriproduksjonen. I tillegg hadde òg metallindustri ein produksjonsauke i perioden.

Tremånadarsendring: auke i bygging av skip og oljeplattformer

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein marginal oppgang på 0,2 prosent i perioden mai-juli 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var særleg næringsgruppa bygging av skip og oljeplattformer som bidrog til den samla oppgangen i industriproduksjonen med ein auke på heile 5,4 prosent. Det var òg ein auke i næringsmiddel- og drikkevareindustrien. Oppgangen i næringa kan blant anna knytast til driftsstans og streik i førre tremånadersperiode, samt ein auke i foredling og konservering av fisk i noverande periode.

På den anna side trekte trelast- og trevareindustri og metallindustri den samla utviklinga i motsett retning i perioden med eit fall på høvesvis 3,7 og 3,2 prosent.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 3,1 prosent i perioden mai-juli 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode, medan industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien fall med 1,1 prosent (sjå figur 2). Auken i leverandørindustrien kan sjåast i samanheng med høgare oljeinvesteringar etter igangsetting av mange nye utbyggingsprosjekt.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: oppgang i industriproduksjon i Eurosona i juni

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein auke på 1,8 prosent frå mai til juni 2023. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 0,1 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein nedgang på 4,6 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein auke på heile 6,3 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: fall i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein nedgang på 0,9 prosent i perioden mai-juli 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje auka med 5,0 prosent, medan utvinning av naturgass fall med heile 9,9 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet (npd.no).

Utvinningstenester på si side auka med 2,1 prosent i perioden mai-juli 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 1,8 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 2,6 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.