Kjartan Fløgstad, fra lanseringen av osloprosessen 30. november

osloprosessen

Gjennom mange år har presse, film og litteratur gitt oss solid bakgrunn for å forstå at dei såkalla 'distriktene' er ein dyr fornøyelse som vi truleg ikkje vil ha råd til å halda oss med i framtida. Når folk ute i distriktene har fått lov til å tura fram som dei gjer, med oljeutvinning, ilandføring av gass, fiskeoppdrett og aluminiumskoking, så er det eine og aleine fordi desse kostbare aktivitetane blir subsidierte av dei tilsette i hovudstadspressa, og særleg oppofrande, etter det eg har lese meg til, av journalistane i Morgenbladet og Dagens Næringsliv.

Den boka som blir lagt fram i dag, kallar dette forholdet mellom økonomi og ideologi for osloprosessen. Boka forklarer den nye urbanismen som ein følge av endringane i næringsgrunnlaget i Oslo dei siste trefire tiåra. Den mest synlege, og mest positive endringa som har prega bybildet i denne perioden, er arbeidsinnvandringa frå land i den tredje verda. Når denne innvandringa har vekt så stor åtgaum, må vi sjå det på bakgrunn av at Oslo lenge har vore ein svært innestengd by i ein fjordbotn på Austlandet, der berre det å komma frå t.d. Hadelandsbygdene eller Toten var sett på som ytterst eksotisk og merkverdig. På den andre sida har utkantNorge alltid vore ope mot omverda, gjennom handel og sjøfart, utvandring og misjon. I fleire hundre år har f.. eks. Finnmark vore ei arktisk Grünerløkke med fleirspråklege og fleirkulturelle innbyggarar i spenningsfylt samliv. Slike tilstandar kom brått, og derfor sjokkarta til Oslo med innvandringa på søttitalet.

Samstundes med innvandringa har det i same tidsrom gått føre seg ei storstilt utvandring frå hovudstaden. Parallelt med innvandringa av ein ny tenarklasse har vi hatt utvandringa av den gamle arbeidarklassen. Frå å vera ein ledane industriby på sekstitalet er Oslo med nedlegginga av Kværner Lodalen midtsommars 1999 så godt som fullstendig utan tungindustri. Konserndirektør Erik Tønseth selde Een i Erik. Slik at Erik blei rik. Berre rik. Een leasar han ut til til E liten. Eliten blir stor. Eliten blir større. Og dette er ikkje min, men tallenes tale.

Industriproduksjonen i byen har gått ned først og fremst fordi tungindustrien er borte. Framstillinga av nærings og nytingsmiddel har halde seg omtrent konstant. Den einaste industrigreina som har ekspandert, er den som statistikken kallar 'Forlagsverksemd, grafisk produksjon'. Nær femti prosent av alle sysselsette i Osloindustrien arbeider i dag med ideologiproduksjon. Vi som er samla her, virkar alle innanfor det som utan samanlikning er den største industrigreina i Oslo. For å tala med Henrik Ibsen, har Oslo blitt boktrykkar Aslaksens by, med boktrykkar Aslaksens ideologi. Makthavarane må ikkje tergast, meiner boktrykkaren. 'Nei, nei, nei; ikkje noe nærgåenhet mot øvrigheten. Ikke noen opposisjon mot folk som står oss så tett på livet'.

Tungindustrien var internasjonal, eksportretta, konjunkturfølsom. Nærings og nytingsmiddel blir framstilte regionalt, for hovudstadsområdet. Ideologiproduksjonen er lokal og verna sysselsetting. Klisjéanstalt og angstfordrivar. Stål kan framstillast både på Molukkene og i Mo i Rana. Aftenposten kan berre bli gitt ut i Oslo. Medan Oslo produserer ideologi for heimemarknaden, framstiller resten av landet varer for eksport. På denne måten har Oslo dei siste tiåra blitt mindre internasjonal, mindre bymessig, mindre open og meir einsretta. Produktivt sett er byen ei bakevje, eit stilleståande sentrum som den konkurranseutsette utkanten vernar mot dei krassaste utslaga av konjunktursvingingar og globalisering. Det er bakgrunnen for den ideologiske osloprosessen. Og dette er stadig ikkje min, men tallenes tale.
Den moderne industribyens Metropolis hadde tre kantar:
Austkanten.
Vestkanten.
Utkanten.

I (des)informasjonssamfunnets virtuelle Logopolis har denne trekanten blitt oppheva av ein fjerde kant. I den virtuelle byen, som trur at arbeidarklassen har døydd ut og at dei sosiale spenningane er oppheva, dreiar livet seg om å komma lengst mulig ut på scenekanten. Vi kan også nytta omgrepet Inkanten, men analytisk og visuelt er scenekanten det mest veleigna for å beskriva byen som skriftstad, sendeflate, spalteplass.

Her vi står ytterst på scenekanten, i denne virtuelle byen, melder spørsmålet seg om vi kan leva av å halda pressekonferansar, lesa dikt for, og av å barbera kvarandre?

Det sosialøkonomiske svaret er ja. Openbert. Utan tvil. Hvis andre herdar stålet i saksa, garvar leret i skinnstolen, høvlar plata i bardisken, slipar glaset i spegelen, viklar spolen på transformatoren som gir spenning til spotlighten, så er svaret ja.

At arbeidarklassen er ute av byen, betyr ikkje at den er ute av verda. Den er på oljeplattformar i Nordsjøen, i indonesiske sweatshops, i kinesiske gulags. Sjølv om det er vanskeleg å oppdaga, når vi står på scenekanten og er blenda av offentlighetas lys, har det aldri vore fleire industriarbeidarar i verda enn i dag. Dei er flytta ut av byen, ut til utkanten, til utlandet, til ulanda. Ikkje etnisk, men sosial rensing går føre seg, i stor stil. Pengemakta tar grep om byen, og begrep om bylivet. Dermed blir klasseskilje til geografiske avstandar. Den 'urbane' byen er byen utan arbeidarklasse. I dag er det ikkje kjønnslivet, men arbeidslivet som er obskønt. Urbanisme som globaliseringas kulturelle logikk er framhald av klassekampen, med andre medier.

Og det er stadig ikkje min, men tallenes tale.

Sjølv om eg er glad for at dette møtet går føre seg blant Vanessa Bairds bilete i det vakkert modemiserte barlokalet her på Soria Moria, må eg samstundes, før eg sluttar, røpa at denne pressekonferansen eigentleg skulle vore halden på Sjursøya Kafé, som har vore ein av dei aller mest stemningsfulle i Oslo. Nå viste det seg, då vi tok kontakt med hamnevesenet, at kaféen på Sjursøya var nedlagt tidlegare i haust, og inventaret spreidd for alle vindar. Går vi langs kaiane inn frå Sjursøya, og oppover frå utløpet av Akerselva til innfallsoset i Maridalen. vil vi oppleva den same leksa. Langs dette elveløpet, som var drivkraft for den tidlege industrielle moderniteten her til lands, finst det knapt eit einaste industriminne igjen. Kor er estetikkpolitiet? Kor er Oslo Byes vel? Norsk Form? Mange av bygningane er vakkert restaurerte, og verktøy og instrument er vel tatt vare på ved Teknisk Museum. Men dette er ikkje ei teknisk, det er ei politisk sak. Det er ei anna side av osloprosessen. Ikkje berre er industrien utrydda, også dei historiske minna om industrikollektivet, om felleskapsvanane og om modernitetens sosiale utopiar er fjerna med hard hand.

Og dette er ikkje tallenes, men min tale.