Talet på nye føretak er det høgaste i eit 3. kvartal noko år. Nivået er likevel heile 13 prosent under den førebelse toppen i 1. kvartal. Under korona-pandemien har vi altså fått fleire nyetableringar, som omtalt i førre kvartals artikkel, men auken ser ut til å flate ut.

Det var lite rørsle i nivået på nyetableringar innan dei ulike organisasjonsformene. Talet på nye aksjeselskap, ein selskapsform som avgrensar risikoen for eigarane, var om lag som i same kvartal i fjor, medan talet på nye einskildpersonføretak auka med 4 prosent. Målt mot førre kvartal gjekk talet på aksjeselskap ned med heile 13 prosent medan talet på nye einskildpersonføretak auka med 4 prosent, eit teikn på at behovet for lågare risiko er i ferd med å gå noko ned igjen.

Kulturlivet på veg mot normalen

Nyetableringar innan kultur, underhaldning og fritid har nådd eit nytt toppnivå for eit 3. kvartal, og følgjer for første gong sidan pandemien starta den voksande trenden i nyetableringar som har vore dei siste ti åra.

Størst var likevel auka i nye registreringar innan transport og lagring med heile 65 prosent, samanlikna med 3. kvartal i fjor, og nivået er óg vesentleg høgare enn før pandemien. Bygg og anlegg, varehandel og IKT, næringar som gjorde det bra under pandemien, hadde no eit fall i nyetableringar på mellom 6 og 9 prosent frå 3. kvartal i fjor. Delar av fallet kan skuldast ei samstundes auke i nyetableringar med ukjend næring på 11 prosent, til eit nivå som historisk sett ligg svært høgt men likevel 34 prosent under førre kvartal.

Talet på nye føretak auka mest i Trøndelag med 15 prosent frå 3. kvartal året før, men og Nord-Noreg hadde ei sterk utvikling.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane