Talet på nyetableringar ser stadig ut til å følgje den underliggjande veksten, etter å ha ligge ekstra høgt under store delar av pandemien. Det var altså ikkje særs få nyetableringar i 3. kvartal 2022, men det verkar sannsynleg no at den høge etableringstakta vi såg under pandemien var eit forbigåande fenomen.

Om det berre var pandemien som førte til denne høge etableringstakta, er likevel tvilsamt. Auka i talet på etableringar starta nemleg allereie i 4. kvartal 2019. Kva for årsaker som låg bak det høge etableringsnivået under pandemien, er derfor eit komplekst spørsmål som krev meir undersøking. Følgjeleg er det vanskeleg å seie korleis dyr energi og generelt høgt kostnadsnivå har spelt inn på etableringstakta i 3. kvartal 2022.

Kulturlivet blomstrar igjen

Medan talet på nyetableringar fell i så godt som alle andre næringar, skyt det opp nye føretak innan kultur, underhaldning og fritid som aldri før. Heile 1 398 føretak såg dagens lys i 3. kvartal 2022, fleire enn i noko 3. kvartal tidlegare og 8 prosent fleire enn same kvartal i 2021. Varehandel og industri er næringane med størst fall i talet på nyetableringar, høvesvis 16 og 13 prosent, men og innan transport og lagring sank etableringstakta etter fleire gode kvartal.

Det vart etablert 10 prosent færre aksjeselskap, ein selskapsform som avgrensar risikoen for eigarane, samanlikna med 3. kvartal 2021. Talet på nye einskildpersonføretak fall samstundes med berre 2 prosent. Tendensen til å velje aksjeselskap som selskapsform ligg no på snittet for perioden frå og med 2012.

Talet på nye føretak fall med mellom 1 og 18 prosent i alle landsdelar frå 3. kvartal året før. Det var minst nedgang på Sørlandet, og størst i Trøndelag.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane. 3. kvartal 2001-2022¹

¹ Tallgrunnlaget ble endret 8. november 2022 kl. 10.08.

Det er eit stort etterslep i registreringa av næringa til nye føretak, og etterslepet har vokse betydeleg dei seinaste åra. Heile 42 prosent av dei nye føretaka i 2. kvartal 2022 hadde ukjend næring ein dryg månad etter at kvartalet slutta. I alle næringsområde gjekk andelen nye føretak med kjend næring ned frå same kvartal i 2021, men andelen nye føretak med ukjend næring er no så høg at fordelingar etter næring har avgrensa verdi. Så seint som i same kvartal 2020 var andelen føretak med ukjend næring 13 prosent, og i 2015 var den på under 4 prosent.