Veksten frå same kvartal året før, målt i prosent. er den høgaste sidan 2006, og dette heng truleg saman med korona-pandemien. Dels var talet på nye føretak relativt lågt i 2. kvartal 2020, og dels er talet på nye føretak no særleg høgt, ei utvikling som mellom anna kan skuldast at personar med usikker eller manglande jobb som følgje av korona-pandemien valde å starte for seg sjølv. Nedgangen frå førre kvartal skuldast naturleg sesongvariasjon.

Målt mot same kvartal i fjor vart det registrert heile 30 prosent fleire nye aksjeselskap, ein selskapsform som avgrensar risikoen for eigarane, og 23 prosent fleire nye einskildpersonføretak. Det er no nesten like vanleg å starte aksjeselskap som einskildpersonføretak. Før pandemien låg talet på nye einskildpersonføretak om lag 30 til 50 prosent høgare enn talet på nye aksjeselskap. Utanlandske føretak registrerte derimot 5 prosent færre avdelingar i Noreg.

Det høge talet på nye registreringar, tendensen til å ta avgrensa risiko og den låge aktiviteten frå utanlandske selskap held fram frå førre kvartal, og styrkar biletet av at korona-pandemien totalt sett ført har til fleire nyetableringar.

Transporttenester veks mykje

Det var stor auke i nye registreringar innan transport og lagring samanlikna med 2. kvartal i fjor, og nivået er no vesentleg høgare enn før pandemien. Det var òg betydeleg vekst innan overnattings- og serveringsverksemd og undervisning i den same perioden, men då frå eit relativt lågt nivå.

Størst var likevel auka i nye føretak utan registrert næring, heile 172 prosent det siste året, grunna etterslep i registreringane. Av den samla auka i talet på nye føretak kom 85 prosent i denne kategorien, noko som gjev lågare tal på nye føretak med kjend næring. Etterslepet var større enn nokon gong og utgjorde heile 28 prosent av registreringane. Utviklinga i næringane må derfor tolkast varsamt.

Talet på nye føretak auka klårt mest på Sørlandet med nær 42 prosent frå 2. kvartal året før. Dette skuldast sterk utvikling i det siste kvartalet.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane