188496_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/regnut/aar
188496
Verdiauke på norske eigedelar i utlandet
statistikk
2014-10-22T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Utenriksøkonomi
no
regnut, Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering, utanlandsgjeld, eigedelar i utlandet, fordringar, utanlandsgjeld, utanlandsinvesteringar, bankinnskott, landfordelingFordringer og gjeld overfor utlandet , Regnskap, Utenriksøkonomi, Virksomheter, foretak og regnskap
false
Regnskap for ikke-finansielle foretaks utenlandsfinansiering for 2013 belyser norske foretaks økonomi i forhold til utlandet, dvs. eiendeler og gjeld i utlandet.

Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Verdiauke på norske eigedelar i utlandet

Norske føretak sine totale eigedelar i utlandet auka med 3,3 prosent frå 2012 til 2013. Verdien på dei totale eigedelane var ved utgangen av 2013 på 1 606 milliardar kroner.

Eigedelar og gjeld overfor utlandet (mill. kr)12
Mill. krProsent
20132012 - 20132010 - 2013
1Frå og med regnskapsåret 2012 er det innført ny institusjonell sektorgruppering. Dette kan påverke samanlikninga med tidlegare periodar.
2Tala er førebelse.
Eigedelar i alt1 606 4813,310,1
Anleggsmidlar1 195 8244,618,7
Omløpsmidlar410 657-0,2-9,0
 
Gjeld i alt1 310 4604,417,6
Langsiktig gjeld900 05313,229,5
Kortsiktig gjeld410 406-10,8-2,1
Figur 1. Eigedelar, etter type

Medan omløpsmidlane i utlandet var så godt som uendra, var det anleggsmidlane som sto for verdiauken, med ein vekst på 4,6 prosent. Auke i ‘investeringar i utanlandske dotterselskap, med meir’ og ‘lån til føretak i same konsern’ bidrog til den totale veksten.

Stor auke i eigedelar i Europa

I Europa auka dei totale eigedelane med 8,1 prosent, om lag 78 milliardar kroner. Den største delen av norske føretak sine eigedelar låg i Belgia, men samanlikna med 2012 var verdien her 4,5 prosent lågare i 2013. I den same perioden auka eigedelane i Sverige, Storbritannia og Nederland, alle med meir enn 10 prosent.

I Asia, Afrika og Sør-Amerika gjekk også verdien på totale eigedaler opp, medan Nord- og Mellom-Amerika og Oseania hadde ein nedgang i verdiane.

Gjelda overfor utlandet aukar

Den totale gjelda til utlandet auka med 4,4 prosent frå 2012, og var ved utgangen av 2013 på 1 310 milliardar kroner.

Ny institusjonell sektorgruppering verkar inn på samanlikninganeÅpne og lesLukk

Frå og med rekneskapsåret 2012 er det innført ny institusjonell sektorgruppering. Dette kan verke inn når ein skal samanlikne med tidlegare periodar.