131358_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/regnut/aar
131358
Auka verdi på gjeld i utlandet
statistikk
2013-10-23T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Utenriksøkonomi
no
regnut, Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering, utanlandsgjeld, eigedelar i utlandet, fordringar, utanlandsgjeld, utanlandsinvesteringar, bankinnskott, landfordelingFordringer og gjeld overfor utlandet , Regnskap, Utenriksøkonomi, Virksomheter, foretak og regnskap
false
Regnskap for ikke-finansielle foretaks utenlandsfinansiering for 2012 belyser norske ikke-finansielle foretaks økonomi i forhold til utlandet.

Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka verdi på gjeld i utlandet

Dei ikkje-finansielle føretaka hadde meir gjeld i utlandet i fjor enn året før. Verdien på den totale gjelda steig med 3 prosent frå 2011 til 2012.

Eigedelar og gjeld overfor utlandet (mill. kr)12
Mill. krProsent
20122011 - 20122009 - 2012
1Frå og med regnskapsåret 2012 er det innført ny institusjonell sektorgruppering. Dette kan påverke samanlikninga med tidlegare periodar.
2Tala er førebelse.
Eigedelar i alt1 563 2100,321,8
Anleggsmidlar1 120 6581,320,4
Omløpsmidlar442 553-2,125,5
 
Gjeld i alt1 183 9203,019,1
Langsiktig gjeld748 8960,414,8
Kortsiktig gjeld435 0247,927,5
Figuren viser verdien av gjeld mot utlandet frå 2008 til 2012, etter type. Tala for 2012 er førebelse.

I Europa auka norske ikkje-finansielle føretaks gjeld med om lag 8 prosent, eller 62 milliardar kroner. I dei fleste andre kontinenta gjekk gjelda ned. Totalt hadde norske ikkje-finansielle føretak gjeld i utlandet til ein verdi av 1 184 milliardar kroner i 2012.

Auke i den konserninterne gjelda

Størst del av norske føretaks utanlandske gjeld var i Europa, og det var i Belgia at gjelda var størst. Både langsiktig og kortsiktig gjeld til selskap i same konsern auka. Samstundes gjekk norske føretaks gjeld til utanlandske kredittinstitusjonar ned med 10 prosent frå 2011.

Eigedelar i utlandet uendra

Totale eigedelar i utlandet var nesten uendra frå 2011 til 2012, og var 1 563 milliardar kroner i 2012.

Ny institusjonell sektorgruppering verkar inn på samanlikninganeÅpne og lesLukk

Frå og med rekneskapsåret 2012 er det innført ny institusjonell sektorgruppering. Dette kan verke inn når ein skal samanlikne med tidlegare periodar.