5422_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/ner/aar
5422
Føretak etablerte av menn lever lenger
statistikk
2009-11-13T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
ner, Eierskap og roller i næringslivet, overlevelsesgrad, nyetableringer, gründere, personlig eide foretak, aksjeselskap, allmennaksjeselskap, enkeltpersonforetak, foretaksstørrelse, foretak etter næringEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap
true

Eierskap og roller i næringslivet4. kvartal 2007

Innhold

Publisert:

Føretak etablerte av menn lever lenger

Personleg eigde føretak med berre mannlege grunnleggjarar har etter fem år større overlevingsgrad enn føretak stifta av berre kvinner. Lengst lever føretak etablerte av begge kjønna.

Om vi ser på dei personleg eigde føretaka med berre mannlege etablerarar, som vart etablerte i 2002, overlevde 26 prosent av føretaka til 2007. Eitt av fem personleg eigde føretak med berre kvinnelege etablerarar overlevde dei same fem åra.

68 prosent av aksjeselskap og allmennaksjeselskap skipa i 2004 med berre kvinnelege etablerarar overlevde til 2007. 67 prosent av aksjeselskapa etablerte av berre menn overlevde den same perioden.

Føretak etablerte av både kvinner og menn held lengst

Personleg eigde føretak og aksjeselskap med både kvinnelege og mannlege etablerarar har størst overlevingsrate. Sju av ti aksjeselskap som hadde begge kjønna representerte blant etablerarane, overlevde i tre år. Samstundes var drygt tre av ti personleg eigde føretak med blanda representasjon framleis i drift etter fem år.

Har utdanning og alder innverknad på overlevingsgraden?

Om vi ser på etablerarane av personleg eigde føretak, har aldersgruppa 55 til 66 år den høgaste overlevingsgraden med 31 prosent. Etablerarar i aldersgruppa 16-24 år har lågast overlevingsgrad, 18 prosent. Blant etablerarar av aksjeselskap har aldersgruppa 35 til 44 år høgast overlevingsgrad, 70 prosent.

Av etablerarane av personleg eigde føretak har dei med høgare utdanning på meir enn fire år størst suksess. Dei har ein overlevingsgrad på 28 prosent. Ser vi på etablerarane av aksjeselskap, får dei med utdanning frå vidaregåande skule det best til, med overlevingsgrad på 70 prosent.

Størst del føretak stifta av menn har omsetningsvekst

For begge gruppene av føretak gjeld den same tendensen. Ein større del av føretaka med berre mannlege etablerarar har vekst i omsetning samanlikna med føretaka med berre kvinnelege etablerarar. Av personleg eigde føretak etablerte av menn har 87 prosent vekst i omsetninga. Blant føretak etablerte av kvinner har 75 prosent omsetningsvekst. Ser vi på aksjeselskapa, har høvesvis 85 og 79 prosent av desse vekst i omsetninga.

Aksjeselskap etablerte av kvinner har større grad av vekst i sysselsetjinga

Frå 2004 til 2007 hadde nesten sju av ti overlevande aksjeselskap som var grunnlagde av berre kvinner, ein sysselsettingsvekst. 55 prosent av overlevande aksjeselskap med berre mannlege etablerarar hadde vekst i sysselsetjinga.

Forklaringar

Denne statistikken omhandlar personleg eigde føretak etablerte i 2002 samt aksjeselskap og allmennaksjeselskap etablerte i 2004. Statistikken omfattar personlege etablerarar identifiserte ved fødselsnummer.

Personleg eigde føretak består av organisasjonsformene enkeltpersonføretak, selskap med delt ansvar og ansvarleg selskap. Enkeltpersonføretak utgjer drygt ni av ti føretak i denne gruppa.

Etablerar

Eit personleg eigd føretak kan ha ein eller fleire eigarar. I nyetablerte personleg eigde føretak er eigar og etablerar einstydande.

Eit aksjeselskap kan ha ein eller fleire etablerarar, og etableraren kan vere ein person eller eit føretak. Etableraren kan vere den eller dei som har hatt ideen føretaket er tufta på, som har ein viss del av aksjekapitalen, eller har kompetansen til å driva føretaket. Metoden for å finne etableraren går ut på å identifisere aksjonærane i eit føretak som har ei rolle som anten dagleg leiar eller styrerepresentant, eller som har ein del av aksjekapitalen over ein viss storleik.

Tabeller: