5478
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/etablerere/arkiv
5478
Fire av fem etablerarar menn
statistikk
2009-09-04T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
etablerere, Etablerere i næringslivet, gründere, overlevelse, vekstEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Etablerere i næringslivet2007-2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Fire av fem etablerarar menn

Meir enn 83 prosent av dei personlege etablerarane av aksjeselskap og allmennaksjeselskap i 2007 var menn. Blant etablerarar av personleg eigde føretak året etter utgjorde kvinner drygt ein tredel.

Delen mannlege etablerarar ligg på om lag same nivå som i 2006. Kjønnsbalansen blant etablerarane av aksjeselskapa gjaldt dei fleste næringane. Lågast del menn blant etablerarane finn ein blant etablerarar av føretak innanfor helse- og sosialtenester. Her utgjorde mennene om lag 60 prosent.

Ein av tre enkeltpersonføretak vart etablert av kvinner

Det vart etablert litt over 29 000 personleg åtte føretak i 2008, ein auke på nesten 3 prosent i høve til 2007. Dei fleste av desse var enkeltpersonføretak, og 35 prosent av etablerarane av desse var kvinner. Tilsvarande tal for 2007 var 34 prosent.

Menn dominerte som etablerarar av personleg åtte føretak i dei fleste næringane. Eit unntak er helse- og sosialtenester. Over 63 prosent av etablerarane innanfor denne næringa var kvinner.

Ein av fem etablerarar av personleg åtte føretak hadde ein annan landbakgrunn enn Noreg. Dette er ein auke på 6,4 prosent i høve til 2007.

Høg utdanning blant kvinnene

Nesten 44 prosent av dei kvinnelege etablerarane av enkeltpersonføretak i 2008 hadde utdanning frå universitet eller høgskule. I underkant av 27 prosent av dei mannlege etablerarane hadde utdanning på same nivå.

Ubalansen i utdanningsnivået blant kjønna jamnar seg litt ut om vi ser på dei personlege etablerarane av aksjeselskap i 2007. Av desse hadde om lag 43 prosent av kvinnene og 37 prosent av mennene høgare utdanning.

Kven vert rekna som etablerar?

Etableraren kan vere ein person, eit føretak eller ein kombinasjon av ulike typar aksjonærar.

Eit aksjeselskap kan ha ein eller fleire aksjonærar. Etableraren kan vere den eller dei som har hatt ideen føretaket er tufta på, som har ein viss del av aksjekapitalen, eller har kompetansen til å driva føretaket.

Metoden for å finna etableraren går ut på å identifisere aksjonærane i eit føretak som anten er dagleg leiar eller styrerepresentant, eller som har ein del av aksjekapitalen over ein viss storleik.

Dersom eit nyetablert føretak er ått av andre føretak og desse eigarføretaka er direkte åtte av berre personar, er etableraren identifisert blant desse personane. Dersom dei andre føretaka ikkje har berre personar som aksjonærar, vil etableraren vere blant føretaka som er aksjonærar i det nyetablerte føretaket. Eigarar i fleire ledd enn det første vert ikkje undersøkt.

Etableraren i personleg åtte føretak, enkeltpersonføretak (ENK), ansvarleg selskap (ANS) og selskap med delt ansvar (DA) vert definert som innehavaren (i ENK) og personar som er deltakarar (i ANS og DA). Her vert det ikkje stilt krav til eigardel.

Om Statistikkgrunnlaget

Statistisk sentralbyrå har publisert statistikk over eigarane/etablerarane i personleg åtte føretak sidan 2004. Med basis i Statistisk sentralbyrå sin aksjestatistikk har vi identifisert etableraren i aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA).

I 2007 vart det etablert 16 724 nye AS og ASA i Noreg og i 2008 13 805. Om lag 93 prosent av føretaka i 2007 finst i aksjestatistikken for 2007, og om lag 81 prosent av dei nyetablerte føretaka i 2008 finst i dei førebelse tala i aksjestatistikken for 2008.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB