5486_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/etablerere/arkiv
5486
Dei fleste etablerarar av føretak er menn
statistikk
2007-08-31T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
etablerere, Etablerere i næringslivet, gründere, overlevelse, vekstEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Etablerere i næringslivet2005-2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Dei fleste etablerarar av føretak er menn

Dei fleste etablerarane i både aksjeselskap og personleg eigde føretak er menn. Størst del kvinnelege etablerarar er det i dei personleg eigde føretaka. I vel halvparten av aksjeselskapa er det berre ein etablerar.

Aksjeselskap vert oftast etablert av menn

18 prosent av etablerarane i 2005 var kvinner, medan dei førebelse tala for 2006 syner ein nedgang til 16 prosent. Kvinner utgjer 44 prosent av etablerarane innan helse- og sosialtenester og 32 prosent innan undervisning og andre sosiale og personlege tenester i 2006. Dei same næringane var også typiske kvinnenæringar i 2005. Undervisning og finansiell tenesteyting og forsikring har i 2006 hatt ein auke i delen kvinnelege etablerarar. Innan undervisning var 25 prosent av etablerarane kvinner, og innan finansiell tenesteyting har delen kvinner auka frå 7,6 prosent i 2005 til 14 prosent i 2006.

Kvar tredje etablerar er mellom 35 og 44 år. Men dei kvinnelege etablerarane er noko yngre enn dei mannlege. Om lag ei av tre kvinner i 2005 var over 44 år mot 42 prosent av mennene. Ein større del av dei kvinnelege etablerarane i 2005 var under 25 år (4,5 prosent) i høve til dei mannlege etablerarane (2,6 prosent). Dei førebelse tala for 2006 syner ein tendens til at ein større del av etablerarane er under 45 år.

Ein større del av dei kvinnelege etablerarane (43 prosent) har høg utdanning i høve til dei mannlege etablerarane (38 prosent). Dei aller fleste etablerarane har norsk landbakgrunn (95 prosent både i 2005 og 2006).

Få etablerarar

Dei fleste føretaka har få etablerarar. I både 2005 og 2006 hadde vel halvparten av dei nyetablerte føretaka (55,2 prosent i 2005 og 57,2 prosent i 2006) ein etablerar. Berre 1,5 prosent av føretaka har fem eller fleire etablerarar.

Dei fleste etablerarane er personar, dei resterande er føretak eller ein kombinasjon av ulike typar aksjonærar. Dei utgjer 83,5 prosent av alle etablerarane i 2005 og 81,4 prosent av etablerarane i 2006.

Statistisk sentralbyrå har publisert statistikk over eigarane/etablerarane i personleg åtte føretak sidan 2004. Med basis i Aksjonærregisteret (AR) frå Skattedirektoratet har vi identifisert etableraren i aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA). AR omfattar alle aksjonærane i norske AS og ASA. Etableraren kan vere ein person, eit føretak eller ein kombinasjon av ulike typar aksjonærar.

Eit aksjeselskap kan ha ein eller fleire aksjonærar. Etableraren kan vere den eller dei som har hatt ideen føretaket er tufta på, som har ein viss del av aksjekapitalen eller har kompetansen til å drive føretaket.

Metoden for å finne etableraren går ut på å identifisere aksjonærane i eit føretak som anten er dagleg leiar eller styrerepresentant, eller som har ein del av aksjekapitalen over ein viss storleik.

Dersom eit nyetablert føretak er ått av andre føretak og desse eigarføretaka er direkte åtte av berre personar, er etableraren identifisert blant desse personane. Dersom dei andre føretaka ikkje har berre personar som aksjonærar, vil etableraren vere blant føretaka som er aksjonærar i det nyetablerte føretaket. Eigarar i fleire ledd enn det første vert ikkje undersøkt.

I 2005 vart det etablert 14 025 nye AS og ASA i Noreg og i 2006 18 082. 93,6 prosent av føretaka i 2005 finst i Aksjonærregisteret for 2005, og 81,8 prosent av dei nyetablerte føretaka i 2006 finst i den førebelse versjonen av Aksjonærregisteret for 2006.

Etableraren i personleg åtte føretak, enkeltpersonføretak (ENK), ansvarleg selskap (ANS) og selskap med delt ansvar (DA), vert definert som innehavaren (i ENK) og personar som er deltakarar (i ANS og DA). Her vert det ikkje stilt krav til eigardel.

Flest menn etablerer personleg åtte føretak

I 2006 vart det etablert 30 183 personleg åtte føretak. Føretaka har til saman 33 125 etablerarar. To av tre etablerarar av personlig åtte føretak er menn. Størst del kvinnelege etablerarar er det i enkeltpersonsføretak (ENK) med 34 prosent, medan i Ansvarleg selskap (ANS) og selskap med delt ansvar (DA) er ein av fire etablerarar kvinne. Kvinnelege etablerarar i ENK hadde i større grad høg utdanning enn dei mannlege etablerarane i ENK (42,7 prosent av kvinnene mot 26,9 prosent av mennene), men dette heng saman med næringa til føretaket.

Delen personleg åtte føretak etablert av innvandrarar auka frå 14 prosent i 2005 til 17 prosent i 2006. 9 prosent av etablerarane hadde bakgrunn frå ikkje-vestlege land, og 4,2 prosent frå vestlege land utanom Noreg. Innan hotell- og restaurantverksemd hadde 35 prosent av etablerarane ein annan landbakgrunn enn Noreg.

Polakkar dominerer

I 2006 var 3,6 prosent av etablerarane utanlandske statsborgarar, medan talet i 2005 var 2 prosent. Innan byggje- og anleggsverksemd var om lag 18 prosent av etablerarane i 2006 utanlandske statsborgarar mot 10,7 prosent i 2005. Det er hovudsakleg polske statsborgarar som utgjer auken i utanlandske statsborgarar som etablerer personleg åtte føretak i Noreg.

Tabeller: