5492_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/etablerere/arkiv
5492
Mange innvandrarar etablerer eigne føretak
statistikk
2006-06-16T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
etablerere, Etablerere i næringslivet, gründere, overlevelse, vekstEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Etablerere i næringslivet2005/2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Mange innvandrarar etablerer eigne føretak

Mange med innvandrarbakgrunn etablerer eigne føretak. Men i dei norske styreromma er det fleire med utanlandsk statsborgarskap enn nordmenn med innvandrarbakgrunn. Nye tal frå Statistisk sentralbyrå søkjer å seie noko om innvandrarane si deltaking i norsk næringsliv.

Innvandrarar frå ikkje-vestlege land utgjer rundt 6 prosent av befolkninga i Noreg, medan innvandrarbefolkninga med bakgrunn frå vestlege land utgjer rundt 2 prosent. Dette samsvarar med deltakinga i næringslivet der innvandrarbefolkninga til saman eig 8 prosent av alle personleg åtte føretak. Befolkninga med bakgrunn frå ikkje-vestlege land åtte 1. januar 4,7 prosent av føretaka, medan dei med bakgrunn frå vestlege land, utanom Noreg, åtte 3,3 prosent. Eigarane har landbakgrunn frå til saman 151 ulike land. I tillegg er 617 eigarar, 0,5 prosent, personar utanfor Noregs befolkning, i hovudsak personar som er svenske, polske eller danske statsborgarar.

Mange med innvandrarbakgrunn etablerer sitt eige føretak

Av alle føretak som ble etablert stod innvandrarar med vestleg-bakgrunn bak 4,3 prosent og innvandrarar med ikkje-vestleg bakgrunn bak 7,8 prosent1. Den ikkje-vestlege er særleg sterkt representert innanfor næringane hotell- og restaurantverksemd og transport og kommunikasjon. Primært dreier det seg om drift av gatekjøkken, salatbarar og pølsebuer samt drosjebiltransport.

Svært få ikkje-vestlege innvandrarar i styre ...

I styre i AS og ASA er personar med innvandrarbakgrunn svakt representerte. Innvandrarbefolkninga utgjer til saman 3,6 prosent av styrerepresentantane i norske AS og ASA. Den ikkje-vestlege innvandrarbefolkninga representerer 1,5 prosent, og den vestlege innvandrarbefolkninga står for 2,1 prosent.

Faktisk er det større del utanlandske statsborgarar i norske styre enn det er personar frå innvandrarbefolkninga. 10,8 prosent av alle styrerepresentantane (utanom vararepresentantar) i ASA er utanlandske statsborgarar, og tilsvarande 2,7 prosent i AS. Desse styrerepresentantane er primært frå Sverige, Danmark og Storbritannia.

... og som daglege leiarar

1,8 prosent av dei daglege leiarane i AS har ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn, medan ingen allmennaksjeselskap har dagleg leiar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn. Ser ein på innvandrarbefolkninga med vestleg bakgrunn, så utgjer dei 2,4 prosent av daglege leiarar i AS og 3,5 prosent i ASA.

Ikkje-vestlege innehavarar er yngre

Både når det gjeld eigarar av personåtte føretak og styrerepresentantar så er hovudvekta av personar i den ikkje-vestlege innvandrarbefolkninga i aldersgruppa 24-44 år, medan for innvandrarbefolkninga med vestleg bakgrunn og dei utanom innvandrarbefolkninga er fleirtalet over 45 år.

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken vil ein finne fleire tal på føretak og rolleinnehavarar.

1  Rettet 16. juni 2006 kl. 1030.

Tabeller: