5462_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/eigarskap/aar
5462
Menn eig mest i aksjeselskapa
statistikk
2008-06-27T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
eigarskap, Eigarskap og roller i næringslivet (opphørt), eigarar, aksjonærar, eigarstruktur, personleg eigde føretak, aksjeselskap, allmennaksjeselskap, enkeltpersonføretak, føretaksstorleik, føretak etter næringEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Eigarskap og roller i næringslivet (opphørt)1. januar 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Menn eig mest i aksjeselskapa

Tre av fire personlege aksjonærar er menn. I 85 prosent av dei aksjeselskapa som berre har ein aksjonær, er eigaren ein mann.

Personlege aksjonærar i aksjeselskap

Statistikken omfattar private aksjeselskap og allmennaksjeselskap i føretaksdemografien per 1. januar 2007 som òg finst i Aksjonærregisteret for 2006. Offentlig administrasjon, forsvar og primærnæringane er haldne utanfor. Vidare er statistikken avgrensa til å omfatta aksjonærar som er personar identifiserte med fødselsnummer eller D-nummer (personlege aksjonærar), og som eigde aksjar per 31. desember 2006. Til saman var 901 642 personar aksjonærar i 96 264 aksjeselskap og 277 allmennaksjeselskap per 31. desember 2006. Føretaka kan òg ha andre aksjonærar som ikkje er identifiserte ved fødselsnummer eller D-nummer, for det meste andre føretak. 224 905 aksjonærar er ikkje med i statistikken, av desse er 167 159 identifiserte ved organisasjonsnummer, og 57 746 er identifiserte ved vps-kontonummer eller navn. 51 361 føretak er ikkje med, anten fordi dei ikkje har aksjonærar identifiserte ved fødselsnummer eller D-nummer (43 761 føretak), eller fordi dei ikkje finst i Aksjonærregisteret (7 600 føretak).

Personlege aksjonærar i aksjeselskap og allmennaksjeselskap

Over 73 prosent av dei personlege eigarane i aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA) er menn. Dersom ein ser på føretak med berre ein eigar, utgjer menn heile 84,7 prosent av eigarane. 38,7 prosent av aksjonærane i AS har under 1 prosent eigardel, medan 99,9 prosent av aksjonærane i ASA eig under ein prosent av aksjane. Fire menn er eineeigar av ASA. 12,2 prosent av dei mannlege og 5,9 prosent av dei kvinnelege aksjonærane i AS eig alle aksjane i føretaket.

Om lag halvdelen av aksjonærane i AS og ASA er mellom 45 og 66 år. Drygt ein av fire høyrer til aldersgruppa 25-44 år. Ein av fire eigarar eig aksjar i føretak innanfor industri.

Nesten ein av fire aksjonærar i AS og ASA har høgare utdanning på opp til fire år. Ein av ti aksjonærar har over fire år høgare utdanning.

For meir informasjon om eigarstruktur, sjå statistikk om eigarskap i AS og ASA .

Personleg åtte føretak

Tre av fire eigarar av personleg åtte føretak er menn. Ni av ti personleg åtte føretak er enkeltmannsføretak (ENK). Nærmare halvdelen av eigarane av personleg åtte føretak er i aldersgruppa 45-66 år. Om lag 44 prosent er mellom 25 og 44 år. Blant eigarane av dei ansvarlege selskapa (ANS) er nærmare 53 prosent i aldersgruppa 45-66 år.

54 prosent av alle ANS og 58 prosent av alle selskap med delt ansvar (DA) er eigde berre av menn. Tilsvarande har 11 prosent av ANS og 15 prosent av DA berre kvinnelege eigarar. For ANS minkar delen føretak eigde av kvinner med storleiken på føretaket - medan det motsatte gjeld for DA.

Ein av fire kvinnelege eigarar av personleg åtte føretak har opp til fire år høgare utdanning. Ein av seks mannlege eigarar har dette utdanningsnivået. Blant eigarar med meir enn fire år høgare utdanning er fordelinga jamnare, her ligg delen kvinner på 12,3 prosent og delen menn på 11,5 prosent.

Tabeller: