Størst prosentvis auke finn vi i Agder og Vestfold og Telemark, med høvesvis 30- og 23 prosent fleire konkursar samanlikna med same periode i fjor. Størst auke i absolutte tal finn vi derimot i Vestland fylke med 17 fleire konkursar.

I Innlandet, Møre og Romsdal og Oslo var det nedgang i talet på konkursar, med 23 prosent i Innlandet og 18 prosent i dei to øvrige. I absolutte tal var nedgangen størst i Oslo med 34 færre konkursar.

726 av konkursane var føretakskonkursar, unnateke einskildpersonsføretak. 30 prosent av dessa dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd, medan 19 prosent var varehandel og reparasjon av motorvogner.

Dei resterande 208 konkursane gjaldt einskildpersonføretak og personlege konkursar. 39 prosent av desse dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Det vart opna 1 872 konkursar i dei seks fyrste månadane i år. Dette er 5 prosent fleire enn i den same perioden i 2021.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal