Den største prosentvise nedgangen finn vi i Troms og Finnmark med 38 prosent færre konkursar. Deretter følgde Agder som hadde 35 prosent nedgang. Målt i absolutte tal var nedgangen størst i Oslo med 47 færre konkursar samanlikna med 3. kvartal 2020.

Det var ingen av fylka som hadde auke i talet på konkursar.

Åtte av ti konkursar, i alt 541, var føretakskonkursar unnateke einskildpersonføretak. Talet gjekk ned med 26 prosent samanlikna med tredje kvartal i fjor. 29 prosent av føretakskonkursane var innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Dei resterande 119 konkursane var einskildpersonføretak og personlege konkursar. Det vil seie 49 fleire konkursar enn det var i same periode i fjor, og svarar til ein auke på 70 prosent. Det var berre innanfor forretningsmessig tenesteyting at talet gjekk ned.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal