Den største prosentvise auken finn vi i Nordland og Troms og Finnmark, med høvesvis 71 og 61 prosent fleire konkursar samanlikna med same periode i fjor. Den største auken i absolutte tal finn vi derimot i Vestland fylke med 33 fleire konkursar. Det var ingen av fylka som hadde nedgang i talet på konkursar.

Talet på konkursar i 2020 og 2021 var svært låge samanlikna med 2019, grunna pandemien.

– Samanlikna med tida før pandemien er tala på konkursar framleis lågt. Talet på konkursar i 3. kvartal 2022 er 25 prosent lågare enn same kvartal i 2019, seier seksjonssjef Erik Fjærli.

706 av konkursane er føretakskonkursar, unnateke einskildpersonsføretak. Det vil seie 165 fleire konkursar enn det var i same periode i fjor, og tilsvarar ein auke på 30 prosent. 24 prosent av føretakskonkursane var innanfor byggje- og anleggsverksemd, medan 21 prosent var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner.

Dei resterande 129 konkursane omfattar einskildpersonsføretak og personlege konkursar. 28 prosent av dessa konkursane finn vi innanfor byggje- og anleggsverksemd. Talet på konkursar innanfor denne næringa gjekk ned med 23 prosent frå i fjor.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal