Nesten 15 000 nye føretak

Publisert:

I 2. kvartal 2017 vart det registrert 14 848 nye føretak. Samanlikna med 2. kvartal 2016 er dette ein nedgang på 0,9 prosent.

Av dei nye føretaka i 2. kvartal 2017 var det 57 prosent einskildpersonføretak og 40 prosent aksjeselskap, syner statistikken Føretak. Samanlikna med same periode året før, auka talet på nye aksjeselskap med 2 prosent medan talet på einskildpersonføretak gjekk ned med 3 prosent.

Det vart registrert flest nye føretak innanfor næringane fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (14 prosent), byggje- og anleggsverksemd (13 prosent) og varehandel (9 prosent).

Figur 1. Nye foretak unntatt offentlig forvaltning og primærnæringene

Nye foretak
2. kv. 2008 13076
2. kv. 2009 10732
2. kv. 2010 11456
2. kv. 2011 11854
2. kv. 2012 13684
2. kv. 2013 14014
2. kv. 2014 14037
2. kv. 2015 14380
2. kv. 2016 14977
2. kv. 2017 14848

Flest nye føretak vart registrert i Oslo og Akershus. Totalt vart det registrert 3 167 nye føretak i Oslo og 1 810 føretak i Akershus.

Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

Kontakt