Langt fleire nye føretak i roleg korona-periode

Publisert:

Det vart registrert 17 746 nye føretak i 3. kvartal i år. Det er heile 16 prosent fleire enn i 3. kvartal i fjor og 19 prosent fleire enn førre kvartal. Utsette etableringar i kvartalet før grunna økonomisk uvisse i starten på korona-krisa kan vere ei av årsakene.

Auken i nye føretak fell saman med lave smittetal for korona. Det vart registrert heile 34 prosent fleire nye aksjeselskap enn i same kvartal i fjor, og 7 prosent fleire nye einskildpersonføretak etter kraftig nedgang i kvartalet før.

Varehandel og transport veks

Det var betydeleg auke i nye registreringar innan varehandel og reparasjon av motorvogner på 25 prosent, samt transport og lagring på 19 prosent, samanlikna med 3. kvartal i fjor. Talet på nye føretak utan registrert næring vaks likevel klårt mest og tredobla seg i same periode. Det var nesten like stor auke i talet på nye føretak i denne kategorien som det var totalt.

Innanfor omsetting av eigedom, samt kultur, underhaldning og fritid var talet på nye føretak klårt lågare enn 3. kvartal i fjor, høvesvis 23 og 18 prosent. For sistnemnde næring var det likevel ein auke frå kvartalet før med 23 prosent. Fleire andre næringar hadde og ei tydeleg positiv utvikling frå kvartalet før (prosentvis auke i parentes): Undervisning (55), helse- og sosialtenester (35), overnattings- og serveringsverksemd (31), annan tenesteyting (30) og fagleg, teknisk og vitskapeleg tenesteyting (14).

Talet på nye føretak auka mest i Sør-Noreg med 18 prosent frå året før, men det var og ein viss auke i Trøndelag og Nord-Noreg med 6 prosent.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane

Nye føretak
3. kv. 2008 11278
3. kv. 2009 10892
3. kv. 2010 11764
3. kv. 2011 11858
3. kv. 2012 12885
3. kv. 2013 13293
3. kv. 2014 13869
3. kv. 2015 14522
3. kv. 2016 15123
3. kv. 2017 14781
3. kv. 2018 14263
3. kv. 2019 15281
3. kv. 2020 17746

Kontakt